Kritikk takk

Slik stoppar ein systemkritikk.

Hilde Sandvik er debattredaktør i BT

LAURDAG GJORDE vi noko vi sjeldan gjer i BT. Vi rydda plass til ein to sider lang kronikk. Terje Tvedt, omstridd professor i Bergen, samfunnskritikar og tidlegare akp-er hadde fått Fritt Ords pris. Han takka med eit utfall mot norsk uhjelpspolitikk, elitesirkulasjon og Jan Egeland, ny NUPI-direktør. Kritikken var så pass skarp at vi valde å trykkje heile resonnementet.

Det var for så vidt ikkje noko i talen som Tvedt ikkje har sagt før. Også då han gav ut ei bok om norsk utviklingshjelp som del av Maktutredningens bokserie, hevda han at norsk utviklingshjelp blir styrt av eit korporativt nettverk.

Førte kritikken til oppvask? Nei. Atle Sommerfeldt i Kirkens Nødhjelp sa den gongen at «problemet med Terje Tvedt er hans mange spissformuleringer som gjør det vanskelig å ta en saklig debatt».

Eva Bjøreng, dåverande generalsekretær i Norsk Folkehjelp, punkterte det heile ved å seie at før Tvedt skreiv maktutgreiingsbok burde han ha kosta på seg å undersøkje om påstandane han slengde ut heldt vatn.

SIDANKRITIKKEN av Tvedt sitt arbeid har vore så massiv, fant vi det rett å trykkje kommentarar frå nokre av opponentane hans og elles dei som han kritiserer saman med kronikken. Ein skulle tru det var eigna til debatt; uhjelp er ryggmargen i den norske sjølvkjensla.

Så enkelt var det likevel ikkje. Utanriksdepartementet svarte først «mulig det» på spørsmål om kommentar. Sidan blei det taust. Mange var i heilt andre verdsdelar. Så ringde eg Eva Bjøreng. I tillegg til å ha vore generalsekretær i Folkehjelpen, har ho vore leiar av Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Med andre ord er ho ei av dei som blir råka av kritikken til Tvedt. Ho svarte på ståande fot og karakteristikkane hennar var sylskarpe. «Kan eg trykkje dette?» spurte eg. «Sjølvsagt», svarte ho.

TRE MINUTTSEINARE var det ikkje lenger så sjølvsagt. Bjøreng ville trekkje samtalen. Ho er ikkje lenger generalsekretær og visste ikkje om hennar syn høvde over eins med den nye leiinga, hevda ho.

Sjølvsagt var det ikkje den offisielle versjonen frå Folkehjelpen vi var ute etter. Det var erfaringa hennar, kunnskapen og bakgrunnen, som gjorde kommentaren frå Bjøreng - den allmenta aldri fekk sjå - interessant.

Slik stoppar ein systemkritikk. Og dessverre: Slik gir ein Terje Tvedt høve til å kjenne seg stadig sikrare i kritikken sin.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.