Don't cry, baby
Au pair-ordninga blir kalla kulturutveksling av UDI. Kan vi ikkje berre kalle det kulturutnytting?
Les også:
HILDE SANDVIK
SCENA VAR HJARTESKJERANDE på TV2-dokumentaren «Mammaranet» i går. Ei mor ringer barnet sitt på den andre sida av jorda for å fortelje at ho elskar henne. I andre enden står ei taus og alvorleg lita jente som ikkje har sett mor si på år.
Etterpå trilla tårene på den filippinske au pairen i Bergen, Emalyn Barcelon: «Eg forlet Hannah fordi eg elskar henne. Ein dag vil ho skjøna det.»
Vil eit barn nokon sinne skjøne slikt?
DETTE ER DEN VESTLEGE feminismens svarte side, hevdar enkelte. Om barn berre er mors ansvar, er det ei nærliggjande tolking. Rettare er det å seie at det er den moderne vestlege familiens dilemma. Vi har sørga for å gi oss sjølv eit liv der timane ikkje strekk til, men utan at det er tilstrekkeleg støtte i samfunnet til alternative ordningar. Resultatet er at stadig fleire hyrer inn hjelp frå dårlegare stilte. Har ein eit stort hus kan ein skaffe seg au pair. Det er i aukande grad akseptabelt og velsigna frå UDI som «kulturutveksling». I tillegg kostar det ikkje noko, så lenge ein har kontantstønad.
AU PAIR TYDER «PÅ LIKE FOT» . At det sjeldan er likeverdig forhold mellom au pair og vertsfamilie fann mellom anna sosiolog Marianne Hovden ut då ho intervjua au pairar til masteroppgåva si. I staden fortalde dei om å bli utnytta utan høve til å protestere. UDI har førebels lukka augo for dette, men har tidlegare vurdert om det kan vere ei løysing å avslå alle søkarar frå Filippinene, eit land som også la ned forbod mot å vere au pair i Skandinavia alt i 1998 grunna misbruk. Spørsmålet er om ikkje eit slikt forbod ville ha vore som å tette eit hol for å opne eit anna. Det vil alltid vere nok av fattige kvinner på desperat jakt etter jobb.
DEN RIKE VERDA ER I FERD med å skaffe seg eit nytt tenarskap av dårleg betalte kvinner frå fattige land. Framleis veit vi lite om konsekvensane. I boka «Global Women» frå 2002, skriv professor Rhacel Salazar Parreñas om ein generasjon morlause born som veks opp på Filippinene. Landet står overfor ei omsorgskrise, hevdar ho. Heile familiar er råka.
Det var ein flik av denne omsorgskrisa vi var vitne til på tv i går. Då mora endeleg skulle få treffa barnet sitt, var det bestemora som måtte trøyste den hikstande dottera si: «Baby, don't cry.»
KOMMENTARER Våre regler