• MANGFALD:ersom landet etter 22.07 syner seg å bli meir einsretta og mindre mangfaldig i synspunkt og ytringar, er det ikkje demokratiet som har vunne. Det er terroren, skriv Hilde Sandvik.

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Måndagmorgon oppdaga eg at eg i løpet av natta hadde blitt medlem av ei gruppe på Facebook mot multietnisk senter på Stiklestad. Oppropet var pryda av noko som i desse dagar lett kan forvekslast med ein tempelriddar til hest med korset heva.

Ei gruppe eg verken vil bli assosiert med – eller deler tankegods med – hadde altså i sin iver kasta seg ukritisk over vener på Facebook og lagt oss til utan å stille spørsmål på førehand.

I skrivandestund har gruppa over seks hundre medlemmer. Ein av trådane gir skulda for Utøya-massakren på framandkultur. Dei som tek oppgjer med at dei er blitt lagt til utan sin vilje, blir fortalt at når dei er mot gruppa, er dei også mot Noreg. «Det går fly fra Gardermoen hver dag», får ei kvinne vite då ho skriv at ho finn det smaklaust at ho har blitt lagt til utan samtykke.

Nytt slag på Stiklestad

Aggresjonen er lett attkjennande. Det same er den uheilage koplinga mellom nasjonalisme og kristendom, reinleik og krigsmetaforar. Det står eit nytt slag på Stiklestad no, er gruppa sin tydelege bodskap. Det var her landet blei kristna – og no er trugsmålet at det blir avkristna gjennom eit multietnisk senter.

At nokre hundre personar meiner tida er inne for den slags argumentasjon no, er i beste fall påtakeleg. I verste fall eit forvarsel om kva slags debattar vi kan få framover.

I over ei veke har landet vore i sorg. Det er sagt og skrive mange vakre og sterke ord. Roser og hjarter er haldne opp mot himmelen i hundretusental. Statsministrar og byrådsleiarar har snakka om kjærleik og demokrati, om at debattklimaet no er endra, at vi – og då er det underforstått vi som i «alle i Noreg» – står saman. Over ein million held imaginært hender på vg.no.

Dette fellesskapeter det som slår sprekker når eit trongare vi – som i «vi som er mot multietnisk senter på Stiklestad» – gjer krav på merksemd.

Det minner oss om at vi til sjuande og sist ikkje er like. Vi som bur i Noreg er særs ulike.

Tvilande røyster

Vi er «vi som er for høgare bensinprisar» og «vi som er mot nedlegging av lokalsjukehus». Vi er mot strandsonelova og for rovdyr – eller mot. Mange vil ha Jens Stoltenberg som statsminister, mange vil ha Erna Solberg – og nokre vil ikkje ha nokon av dei. Om noko kjenneteiknar dette store vi-et i Noreg, er det ikkje sikkert det er kjærleiken til medmenneska rundt oss, kanskje er det like gjerne irritasjonen.

I det retoriske vi-et som er skapt siste veka, presser det seg no også fram tvilande røyster av folk som til dømes ikkje er sikre på om politiet gjorde ein god jobb på Utøya eller meiner Knut Storberget bør vurdere stillinga sin. På utsida av samhaldet er gjerne også dei som no er fulle av raseri mot mannen som har tatt så mange liv, som kjenner seg fredlause i eit hat det offisielt ikkje er lov til å ha.

Andre sit i augneblinken heilt stille i båten og seier ikkje kva dei tenkjer om det politiske landskapet i Noreg.

Det hargjerne vore fint at det har vore slik – ei stund. Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge. Fellesskapskjensla, som i ein augneblink kan vere fin, kan fort kjennast både klam og lummer – og ho kan skape mange nye utanforskap.

Vegrer seg

Dagen etter ugjerningane i Oslo, var det ein som skreiv på Twitter at det no ikkje må bli slik at ein slenger Breivik sitt namn i andletet på meiningsmotstandarar. Det var godt sagt: Kan ein nokon sinne diskutere kor stor islamofobien er i landet utan å høyre om Utøya? Vil ein kunne sjå nøkterne analysar av Brochmann-utvalets rapport om migrasjon og den norske velferdsmodellen? Vil politikarar og kommentatorar vere så redde for å nære trollet at vi vil vegre oss? I så fall hindrar vi at Stiklestad-opprøret blir møtt kritisk og i ope lende – og at vi ikkje greier å skilje ekstremisme frå heilt legitime politiske spørsmål.

Tankegodset frå Anders Behring Breivik har sporer i seg til radikalkonservative i heile Europa som ser på det som si oppgåve å redde det europeiske, kva no det er i den samanhengen.

Dei blir næra av ein tanke om at eit folks rett til å leve åtskilt frå ein annan etter etniske og demografiske skiljeliner. Det finst folk som meiner at slikt apartheid, som det i realiteten er, er uunngåeleg dersom vi skal ha eit fredeleg Europa. Dette er den farlege ekstremismen som berre dagar etter massakren er i full gang med politisk debatt.

«Det nye Norge»

Så finst det særs mange som gjerne lever i eit multietnisk samfunn, men som også stiller spørsmål ved korleis vi skal greie det på best mogleg vis. Er det sikkert vi har dei beste løysingane? Ei tredje gruppe meiner, som den tyske forbundskanslar Angela Merkel, at det fleirkulturelle eksperimentet har spelt fallitt.

«Vi er mange som sliter med å finne vårt rettmessige hjem i det ensrettede samfunnet de kaller «Det nye Norge». Det er mangfoldig, men også ensrettet», skreiv forfattaren Cornelius Jakhelln i Morgenbladet i helga, i ein sterk tekst om ære og demokrati, om raseri og tikkande bomber.

Dersom landet etter 22.07 syner seg å bli meir einsretta og mindre mangfaldig i synspunkt og ytringar, er det ikkje demokratiet som har vunne. Det er terroren.

Siste fra kommentar

«I et par måneder har jeg forsøkt å leve meg inn i hodet til fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Det har buttet kraftig imot, på et rent menneskelig plan.»

Morten Strøksnes: I et par måneder har jeg forsøkt å leve meg inn i hodet til fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Det har buttet kraftig imot, på et rent menneskelig plan.

«Eitt år skal Universitetet i Bergen bruke på å meisle ut ny strategi. Det trengs ikkje.»

Eitt år skal Universitetet i Bergen bruke på å meisle ut ny strategi. Det trengs ikkje.

Tabuet som fortsatt gjør stor skade

Tabuet rundt menns infertilitet gjør fortsatt skade.

En trussel mot rettssikkerheten

Anklagene mot politiledelsen gir grunn til å stille spørsmål om det ligger flere skandaler i arkivskapene.

Tabuet som fortsatt gjør stor skade

Tabuet rundt menns infertilitet gjør fortsatt skade.

Eurolendigheten

Finanskrisens effekt på arbeidslivet sør for oss er verre en du tror. Mye verre.

Bilder

Hilde Sandvik. FOTO: JAN M. LILLEBØ

Hilde Sandvik på twitter:




Meninger SISTE KOMMENTARER

Kommentarliste: sandvik

Kommentarliste: steiro

Kommentarliste: gudbrandsen

Kommentarliste: bjerkestrand

Kommentarliste: rossavik

Kommentarliste: kristoffersen

Kommentarliste: eikefjord

Kommentarliste: sveinbjørnsson

Kommentarliste: fisher