• DAFURNICA: Nadia Plesner ville vise kva TV og aviser er opptekne av.

    FOTO: NADIA PLESNER (ILL.)

Veskenapparen

Ein naken gut frå Darfur med Louis Vuitton-veske på armen fekk verdas mektigaste motehus til å sjå svart. I dag kan det vere dei angrar.

DET ER ei klassisk David mot Goliat-historie som byrja å sirkulere på kunstbloggar onsdag denne veka. Den unge fattige kunstnaren mot milliardkonsernet, børsen mot katedralen.

Her er historia: Våren 2007 var den unge danske kunstnaren Nadia Plesner (f. 1981), utsett for ei trafikkulukke som gjorde henne lenkja til sjukesenga i fire månader i Holland, der ho bur og studerer. Det var ein av desse sengeliggjande dagane i juni at ho las avisa ekstra grundig. På den eine sida fann ho ein fire linjers notis om dei siste hendingane i Darfur – på motsett side hovudsak om ei gråtande Paris Hilton på veg i fengsel. Ho blei opprørt.

DER OG DÅ bestemmer ho seg for å lage eit kunstverk når ho ein dag blir frisk. Det skal vere eit mediekritisk verk. Ein flyktningegut frå Darfur skal utstyrast som Paris Hilton, med hund og veske. Ho vil ha merksemd om Darfur, ho set også i gang ein innsamlingskampanje for sjukehusutstyr til regionen som er kalla verdas verste.

I 2008 er ho ute av sjukesenga og går i gong med utstillinga "Simple Living". Ho teiknar guten, utstyrer han med ei veske, som til forveksling liknar ei av Louis Vuitton-veska Audra, oppkalla etter Broadway-songarinna og skodespelaren Audra McDonald.

Googlar ein veska, finn ein også ut at den er designa av den japanske kunstnaren Takashi Murakami, den mest kjende nolevande japanske kunstnaren.

PLESNER TRYKKJERteikninga av guten med veska på t-skjorter for å selja dei til inntekt for sjukehusprosjektet. Det er då motehuset Louis Vuitton reagerte første gongen. Dei saksøkjer kunstnaren for plagiat, og stoppar t-skjortesalet. Ein advokat tilrår henne å male teikninga opp på eit lerret. Då vil ho vere beskytta av ytringsfridomen, seier han.

7. januar i år opnar så den danske kulturministeren Per Stig Møller hennar første soloutstilling Intervention. Med seg har ho eit verk ho har jobba med sidan 10. juni 2009, Darfurnica etter Picassos verk Guernica, frå 1937, krigsterror i Baskar.

I biletet er guten med veska. Bak han står Paris Hilton, større enn livet. Victoria Beckham er her også mellom valdtekter og dødelege våpen. 

I BYRJINGA av februar kjem Nadia attende til Holland, der eit brev ligg og ventar på henne. Louis Vuitton har saksøkt henne igjen, retten i Haag har idømt henne ei bot på 5000 euro (rundt 40.000 kroner) for kvar dag ho syner biletet offentleg.

Dagen etter får ho ein telefon frå advokaten til Louis Vuitton, som ber henne akseptere dommen – elles skal dei gjere livet hennar vanskeleg. Biletet er vårt produkt, seier advokaten då ho ber om tid til å finne juridisk hjelp for å skjøne den rettslege kjenninga.

I fleire veker leitar ho etter advokat. Ho har ingen pengar, og treng ein som vil prøve seg mot giganten utan å vere garantert inntekt. Den einaste sjansen ho har til å få annullert dommen er å saksøkje Louis Vuitton.

Ho finn ein advokat. 20. april er retten sett, timane går, temperaturen er høg. Louis Vuittons advokatar hevdar at det ikkje er kunstverket dei bryr seg med, men at deira veske er blitt kunstnarens logo.

Onsdag denne veka kjem dommen: Veskegiganten har tapt på alle punkt. Ytringsfridomen i kunsten har vunne over eigedomsretten, heiter det. Difor kan BT vise biletet i dag utan at kunstnaren får bot.

LOUIS VUITTON hevda at biletet fekk dei til å sjå skuldige ut, seier Nadia Plesner same kvelden på telefon frå Holland. Ho feirar sigeren med ein øl med kjærasten. Det ho ville var å sjå kva media prioriterer å bruke plass på.

Louis Vuitton kunne også valt å sjå det perspektivet – og til og med donert pengar til sjukehusutstyrsaksjonen til Plesner. Det hadde passa godt inn i velgjerartanken mote- og kjendisindustrien har omfamna dei seinare åra. LV sitt andlet ut, Angelina Jolie, var ein av dei første som kasta seg på flyet til Pakistan etter jordskjelvet i 2009.

I staden gjekk motehuset til åtak, og ein kan lure på kvifor. Kring seg har dei ei rekkje kontroversielle kunstnarar. Norske Bjarne Melgaard er ein av dei som leikar seg med gjenstandar frå Louis Vuitton. I eit intervju med Artinfo forklarer den japanske kunstnaren Takashi Murakami kvifor han jobbar med motehuset. Han snakkar om kor overraska japanarar er over det vestlege synet på kunst vs. kommers. I Vesten er det farleg å blande fordi folk kan kome til å kaste alle slags steinar, seier han.

STEINAR HAMNAR lett i glashus. Denne gongen hadde ikkje LV kontroll over resultatet. Dei hamna i ein velgjerarkampanje dei ikkje hadde styla sjølv, og der sit dei tilsynelatande godt fast.

Dersom vi ikkje kan nemne Louis Vuitton lenger, så vil ikkje historia selje, sa ein journalist då Plesner freista å få fokuset over på dei gløymde barna i Darfur.

No har også eg skrive historia om LV-veska og kunsten, og skal eg vere ærleg, så var det veskene som først gjorde meg interessert.

Same dagen som Plesner vart frikjent, stod 20 hus i flammar i ein landsby nær Katum. Krigen har førebels teke 400.000 liv.

Les meir om prosjektet til Nadia Plesner på Nadiaplesner.com

Sei meininga di i kommentarfeltet under!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.