• NERVØST KINA: Arrestasjonane i Kina no er for mange eit signal om at tildelinga av fredsprisen til Liu Xiaobo i fjor var ei rett tildeling.

    FOTO: MARVIN HALLERAKER

«Uforutsette årsaker»

Verken kinesarane eller Arbeidarpartiet kunne sende folk til Bergen. Frykt for å tirre supermakta er tema for debatt på Kvarteret i dag.

I KVELD skulle Shanghai Theatre Academy ha stått på scena i Studio Bergen med oppsetjing av Jon Fosses «Nokon kjem til å komme». Dei kom ikkje. I april avlyste teatret med den etter kvart velkjende grunngjevinga «uforutsette årsaker».

Kva som ligg bak, er vanskeleg å vite. Det er gjerne poenget: Ein skal ikkje vite. Det er likevel vanskeleg å sjå avlysinga uavhengig av den kjølige kastevinden som har blåse frå aust etter tildelinga av fredsprisen til demokratiforkjemparen Liu Xiaobo i oktober i fjor.

Avlysinga frå Shanghai kom i tillegg i ei tid med hyppige rapportar om skjerpa innstrammingspolitikk i Midtens rike. Sidan jul er fleire hundre opposisjonelle arrestert. Nobelprisvinnaren er det ingen som har høyrt frå. I helga sa advokaten hans, Mo Shaoping, til Aftenposten at tilstanden i landet ikkje har vore verre sidan 1989, året for massakrane på Den himmelske freds plass.

SIDAN BT dei siste åra har vore medarrangør av ein større debatt under Festspillene, meinte vi at Noregs forhold til Kina kunne vere ein eigna og viktig tematikk nett no. Kva slags verkemiddel har eit lite land i Vesten? Skal ein velje samarbeidslinje eller boikott?

Straks avlysinga av «Nokon kjem til å komme» vart kjent, vart det difor sendt av garde e-post til næringsminister Trond Giske med spørsmål om deltaking. Då svaret uteblei, ringde Festspillene til Aps generalsekretær Raymond Johansen. Først etter purringar kom svaret; Johansen hadde eit anna oppdrag, og Ap kunne heller ikkje kome opp med andre namn.

DET ER MANGE grunnar til å takke nei til debattar, men ville regjeringspartiet Ap ha sett seg tent med å diskutere Noregs forhold til Kina dersom dei hadde hatt folk å sende? Fleire av dei vi har vore i kontakt med undervegs i arbeidet med debatten i ettermiddag har meint at Ap neppe ville ha stilt.

Regjeringa har valt ei ikkje-konfronterande linje i forhold til Kina, hevdar til dømes utanriksjournalist i Aftenposten, Kristoffer Rønneberg. Det var han som først skreiv om at Jonas Gahr Støre hadde åtvara Nobelkomiteens leiar Thorbjørn Jagland om politiske og økonomiske konsekvensar ved å gi fredsprisen til ein kinesisk opposisjonell. Støre nekta sidan på at det hadde vore meint som press.

Les mer om programmet for debatten her!

DEI FØRSTE reaksjonane frå partiet etter tildelinga var også tvitydige.

To veker etter at tildelinga vart kjent, hylla Aps generalsekretær Raymond Johansen Kina i ein kronikk i Dagbladet, der han innleier med setninga «Dette er ikke et innlegg om årets fredspristildeling». Her går han så langt det er mogleg å gå i å ta avstand frå tildelinga når han til slutt i artikkelen skriv om menneskerettsdiskusjonen:

«Imidlertid tror jeg vi kommer lengst med å gjøre det på en måte som også viser respekt for hva Kina har oppnådd.»

EIT HALVT ÅR før tildelinga var næringsminister Trond Giske på ein 11-dagars rundtur i landet og slo fast at Kina, Noregs viktigaste handelspartnar i Asia, har topp prioritet. Slik ministrar har gjort før han. I oktober måtte han sjå seg sjølv på veg inn i fryseboksen - og det førte til spekulasjonar at han ikkje var til stades under Nobelmiddagen. Han vart sjuk.

Sidan har det politiske forholdet til Kina vore vanskeleg. Denne veka fekk Giske nok eit nei frå Kina, denne gongen frå kinesiske styresmakter til å delta på maritimt toppmøte under den årlege skipsfartsmessa, Nor-Shipping i Oslo. Ti statlege selskap uteblei også for første gong.

I REGJERINGAS Kinastrategi frå 2007 heiter det at regjeringa vil «Arbeide for å fremme norske næringsinteresser, norsk spisskompetanse og norske verdier i Kina».

Det store spørsmålet er korleis det går i hop: Korleis kan ein forhalde seg til eit land ein er grunnleggjande usamd med?

Det offisielle Noreg, AS Noreg, står i den same knipa som næringslivet. Ein vil inn - og må avvente situasjonen. Næringsrådet i Bergen skulle arrangere stor Kinakonferanse 20. mai. Dei blei avlyst, og er førebels utsett til hausten. Ifølgje Næringsrådet ønskjer dei ei samling med både norske og kinesiske aktørar, slik dei har hatt det sidan 2006. Det er ei utfordring no. 

ARRESTASJONANE i Kina no er for mange eit signal om at tildelinga av fredsprisen til Liu Xiaobo i fjor var ei rett tildeling. Det seier også noko om kor nervøst det enorme landet er.

Nervøsiteten går heilt tydeleg begge vegar. I eit intervju med den kinesiske demokratiforkjemparen Yang Jianli, som skal visast under debatten i dag, blir han spurt om USA og Vestens frykt. Han kallar kinesiske styresmakters trugsmål for ein bløff: «Det er ikkje er eit land i verda som er så livredd for økonomisk nedtur som Kina. Kina ville aldri finne på å gjere noko som kunne forpurre den. Noreg var redd etter Nobelprisen. Røyndommen er at Kina, fire dagar etter tildelinga, skreiv under på ein kjempeavtale om olje», seier han og legg til: «Når eit land let vere å snakke om menneskerettar i Kina av redsle for å bli straffa økonomisk, er det ei sjølvpåført frykt.»

Kva slags konsekvensar ei slik frykt kan ha, skal dei som takka ja til slutt, diskutere i dag.

Bør Norge frykta kinesiske reaksjonar? Sei di meining.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.