The untouchable
Jan Egeland må snart velge: Vil han vere forskingsdirektør eller politikar?
Bilder
- Publisert: 16.nov.2009 06:35
- Oppdatert: 16.nov.2009 06:35
FOR EI VEKE sidan avslørte TV 2 at fire av sju koranskular støtta av norsk UD i Swat-dalen er stengt av pakistanske styresmakter som seier skulane var treningssenter for Taliban.
Då Nupi (Norsk utanrikspolitisk institutt) arrangerte seminar med tidlegare statsråd i Pakistan, Syeda Abida Hussain sist veke, fekk ho spørsmål frå salen om kva ho tykte om at Noreg gir slik støtte.
Den tidlegare statsråden hadde så vidt byrja å svare då Nupi-direktør Jan Egeland kasta seg fram og overtok: «Let me say this», sa han: «UD gir pengar til koranskulane i Pakistan for å gjere dei mindre ekstreme». Hendinga blei vist på TV 2-nyhendene onsdag.
Direktøren ved det frie utanrikspolitiske forskingsinstituttet gjorde seg altså til talsmann – informasjonsmedarbeidar – for utanriksdepartementets fordelingspolitikk. Burde ikkje det fått nokre alarmklokker til å ringe?
FØRST LITT HISTORIE for å friske opp minnet: Jan Egeland kom til Nupi frå stillinga som FNs spesialutsending. Han har vore generalsekretær i Røde Kors, visegeneralsekretær og koordinator for naudhjelp i FN (OCHA), og han har vore engasjert i ei rekkje fredsprosessar Noreg har vore innblanda i. Han er også gift med tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes.
Egeland er Arbeidarpartipolitikar og diplomat, og har skifta hattar raskare enn nokon andre innanfor det blant andre Terje Tvedt har kalla for «det norske godhetsregimet».
Då det vart kjent at Egeland skulle ta over som direktør ved Nupi i 2007, sa professor Øyvind Østerud følgjande til BT: «Det er nærliggjande å tenke seg at med Egeland som sjef vil det bli endå lettare for Nupi å få forskingsmidlar frå UD. Det vil igjen skape sterkare økonomiske bindingar og sjølvsagt også personlege bindingar».
SAME DAGEN dette stod på trykk, trykte vi Terje Tvedts takketale for Fritt Ord-prisen. Han snakka om elitesirkulasjonen han meiner Jan Egeland er ein del av. «Hvordan kan forskere på Nupi forske uavhengig om den utenrikspolitikken deres direktør har utformet, og om FN, når deres leder arbeider der?» spurte han.
Egeland avviste kritikken frå Østerud og Tvedt som mistenkeleggjering. Han ville ikkje svare skriftleg. Det var også særs vanskeleg å få kommentarar frå andre. Eva Bjøreng, tidlegare generalsekretær i Norsk Folkehjelp, ytra først fleire kritiske merknader. Så ringde ho opp att og sa at ho måtte trekkje intervjuet. UD svarte «mulig det» på spørsmål om kommentar. Sidan blei det taust.
ÅRET ETTERPÅ var det TV 2-dokumentaren «Sultbløffen» som retta kritisk søkelys mot Egelands aktivistiske rolle. Programmet gjekk opp historia bak tørkekatastrofen i Niger i 2005, som førte til massive innsamlingsaksjonar. FNs innsamlingskoordinator Jan Egeland stod bak feilinformasjon om at Niger verkeleg var på randa av katastrofe det året, var hovudskuldinga. Programmet synte korleis hjelpeorganisasjonar, som FN, kan ha interesse for å blåse opp katastrofar fordi det er dette dei lever av. Også denne kritikken nekta Egeland å svare på.
ER DET SÅ FARLEG? Kanskje ikkje. Vi er vant med å sjå Egeland i felten, bleik og mager og med posar under augo, ivrig kjempande for å byggje fred og redde menneske i katastrofar. Han er heller ikkje den einaste som har veksla mellom roller i diplomatiet, statsforvaltinga, hjelpeorganisasjonar og forskinga. Innimellom to lange periodar som statssekretær for Ap-regjeringar, har Espen Barth Eide leia ein avdeling ved Nupi. Sverre Lodgaard, direktør ved Nupi før Egeland, er også Ap-mann. Landet er lite, samrøre vanleg – og det er få til å dele på dei krevjande rollene, osv. osv.
Men kva er konsekvensen av at forskarane og den utøvande styresmakt er så vove inn i einannan?
DÅ EGELAND TILTRÅDDE, formulerte han følgjande mål: «Vi skal fortelle sannheten som den er, og ha et kritisk forhold til enhver regjering. Vi vil foreslå hvordan politikken kan bli bedre, og hvordan den kan realiseres, uavhengig av regjeringens politiske farge».
Å drive med kritisk forsking og samstundes vere teknokrat som skal utforme politikken på ein gong går ikkje opp, parerte Terje Tvedt. Han slo fast at Egeland ikkje forstår at forsking og politikk er to ulike ting.
EGELAND SI AVBRYTING på TV 2 denne veka kan tyde på at Tvedt har eit poeng. Rollane er så utydelege at det er vanskeleg å vite kven Egeland representerte då han braut av den tidlegare pakistanske statsråden: Var han forskar eller politikar? Forsvarte han UD eller Nupis eventuelle råd til UD?
Eit av dei største forskingsprosjekta til Nupi i augneblinken er eit Pakistan- og Afghanistanprogram, finansiert av UD, Forsvarsdepartementet og Forskingsrådet. Ifølge nettsida til Nupi, tar programmet sikte på «å gi anbefalinger til norske myndigheter og å ta aktivt del i den internasjonale diskursen på feltet». Departementa står elles for over tre fjerdedelar av inntekta til Nupi, kan vi lese ut or årsrapporten frå 2008, 76,5 prosent av vel 63 millionar kroner, for å vere heilt nøyaktig.
AT MIDLANE kjem frå staten, er ikkje sjokkerande. Det finst få frie forskingsmidlar tilgjengelege i Noreg. Oppdragsforsking for det offentlege Noreg er den viktigaste inntektskjelda for forskingsinstitutt som Nupi.
Ei alvorlegare side av finansieringsmodellen, er at det er vanskeleg å drive med kritisk, uavhengig forsking på politiske utanrikspolitiske prioriteringar: pengar til koranskular, fredsarbeidet i Sri Lanka, Noregs rolle i Midtausten, kva bistandsmidlane går til, har få kritiske blikk på seg.
Det er ikkje berre finansieringa som kan bli vanskeleg om spørsmåla spissar seg til. Også politisk kan det bli betent om ein rokkar ved norsk establishments syn på seg sjølv som gavmild fredsbyggjar. Det er mellom anna langt mellom dei forskarane som frivillig identifiserer seg med «feil» politisk farge. Eg har fleire gonger forsøkt å få forskarar til å bidra i bistandsdebatt. I ein samtale hevda ein forskar – med bistandskompetanse – at det var best å teie stille med kritikken i staden for å bli assosiert med Framstegspartiet.
NOKRE FORSKARAR har snakka det offentlege politiske Noreg midt i mot, som Midtaustenforskar Hilde Henriksen Waage. Det blir det fryktelig mykje bråk av. Utanriksdepartementet og Det norske arbeiderparti likar ikkje at forskarar skal utfordre norsk fredspolitikk, ein av «Noregs viktigaste eksportartiklar», ifølge Jan Egeland. I løpet av tida si som forskar er Henriksen Waage skulda for å vere mot fred, mot Israel, jødehater, Palestina-aktivist og Hamas-sympatisør. Ho er også skulda for å ville sverte minnet etter avdøde utanriksminister Johan Jørgen Holst. Sjølv meiner ho det er fordi forskninga hennar har kome med kritiske konklusjonar om den norske fredspolitikken. Fleire UD-finansierte prosjekt har ho ikkje fått.
NÅR DEI FLESTE utanrikspolitiske forskarane spring etter dei same pengane, og alle saman (Prio, CMI, Nupi) er avhengig av UD, blir det gjerne vanskelegare å stille dei mest provoserande spørsmåla til kva departementet held på med. Det blir heller ikkje enklare om departementet på toppen er styrt av ein minister med politisk farge ein har sympati for. Og: dersom du vil utrette noko, må du ikkje då alliere deg med utanriksdepartementet, der pengane og makta er?
JAN EGELAND GJER DET – og han går i pluss i reknskapen. Spørsmålet er likevel ikkje om mannen Time Magazine har kalla «verdas samvit» feiler i prosjektet å redde verda. Spørsmålet er om han har feil jobb. Han burde gjerne heller ha vore politikar eller aktivist, ikkje direktør for ein forskarinstitusjon som skal vere fri.
Eller han kan ta skrittet ut og definere om forskarinstitusjonen Nupi til ein tenketank for utanrikspolitikk. Det trengst nok også med alle oppgåvene utanriksdepartementet har med å berge kloden.
Blandar Jan Egeland roller? Sei di meining her.
Kommentarer
Diskuter: The untouchable
Ja, han blander rollene.
Diskuter: The untouchable
Manglende bakkekontakt.
Denne mannen står idag ikke til troendes. Han har fullstendig mistet bakkekontakten, og fremstår som et dårlig sannhetsvitne for de oppgavene han driver med. Så har vi i tillegg infiltreringen fra Arbeiderpartiet. Det hele lukter av korrupsjon på høyt plan. Dette er en person som i demokratiets interresse burde fjernes fra den stillingen han har.
Diskuter: The untouchable
Diskuter: The untouchable
Diskuter: The untouchable
Diskuter: The untouchable
Når man ser på alle disse Egelander og politiker i den store guttenklubben rokere seg imellom makten i alle viktige fora på en udemokratisk måte går tankene hen på de såkalte banan republikker - noe vi ikke er langt i fra å være her i landet også.
Man kan da lett forstå at de samme personene ikke har noen skrupler, for å støtte de forskjellige diktatorer med bistandsmidler rundt om på kloden uten å stille særlige krav, når man er en alen av samme klasse. Noe særlig positivt resultat for de som virkelig trenger den norske bistand kan ikke dokumenteres, men det er vel heller ikke meningen med bistanden. Det hele er bare til å bli kvalm av - en farse ovenfor det norske folk og for de som trodde at man kunne få hjelp herfra.
Diskuter: The untouchable
uhjelp brukes, kan jo nevne pengestøtte til koranskoler osv.
Hva kan denne mannen bidra med hjelp til fattige i Norge??????
Diskuter: The untouchable
Se også artikler av en annen uredd journalist, Arnt Folgerø, f.eks. denne: [www.aftenposten.no] og [www.aftenposten.no] .
Fortsett slik BT og Hilde Sandvik !
JAN EGELAND
han overhodet ikke har noe kunnskap om.
JILL
Diskuter: The untouchable
Godt at noen blir belyst.
Diskuter: The untouchable
Værre eller bedre enn Taliban?
Diskuter: The not-so-untouchable
Å måtte omdefinere Nupi til en tenketank for utenrikspolitikk pga en AP-mann blir for selvsentrert til og med for lilleland sosialister som skal berge kloden. Da er det bedre å nedlegge Nupi. Sammenblandingen angitt ovenfor gir inntrykk av at Nupi direktøren er langt fra untouchable.
Diskuter: The untouchable
avhengig forskning
Diskuter: The untouchable
barneombudet Ida Hjort Kraby. Hun har fått jobben av barne- og
familieminister Manuela Ramin Osmundsen (Ap), som er gift med
redaktør Terje Osmundsen. Før det var Osmundsen gift med
eks-utviklingsminister Anne Kristin Sydnes (Ap). I dag er
Sydnes gift med Jan Egeland (Ap), FNs tidligere
nødhjelpskoordinator og Stoltenberg-venn, og de har
tilfeldigvis flyttet inn i huset rett over gata for Ida Hjort
Kraby. En annen av Krabys naboer er Nora Lund Lefdal, som er
med i nettverket av kvinnelige jurister hvor også Manuela
Ramin-Osmundsen er med."
kilde : [74.125.77.132]
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Egelands hattar
- Jan Egeland er politikar og diplomat.
- Han har vore generalsekretær i Røde Kors, spesialutsending for FN og koordinator for naudhjelp i FN (OCHA).
- Han har vore engasjert i ei rekkje fredsprosessar og var mellom anna sentral i dei hemmelege samtalane som førte til Osloavtalen.
- Han har vore statssekretær i UD frå 1990–97.
- Han er gift med tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes.
Bilder
-
KRITISK: Terje Tvedt, som her får Fritt Ords pris i 2007. FOTO: Scanpix
-
KRITISK II: Forskar Hilde Henriksen Waage ved Institutt for fredsforskning (PRIO). FOTO: Scanpix
-
KORANSKULAR: Fire av sju koranskular støtta av norsk UD i Swat-dalen er stengt av pakistanske styresmakter som seier skulane var treningssenter for Taliban.
-
VERDAS PEIKEFINGER: Jan Egeland i FN-systemet. FOTO: Reuters.
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Slo samboer med jernstang
Kvinnen ble grovt mishandlet i fem år.
-
Politiet tar frem pisken
Bot for tomgangskjøring og bruk av sambruksfelt uten lov. 0
-
Økt volum, lavere gevinst
Men Sparebanken Sogn og Fjordane er fornøyd med fjoråret.
-
Full utrykning til handleveskebrann
Kvinnen i 60-årene fikk selv slukket flammene fra trillevesken på Nordås.
-
Krasj på Minde
En av bilene må taues fra stedet.
På forsiden nå
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon
- 14:12 Sol og skyer holder «giftlokket» unna




























































Siste Kommentarer
Diskuter: The untouchable
avhengig forskning
Diskuter: The untouchable
Se alle innlegg