Tankelesaren i Kabul
Ytringsfridomen er ikkje svekt gjennom dommen mot Åsne Seierstad, med mindre det er ein menneskerett å slå fast kva som foregår i andres hovud.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
TRENG KUNSTEN ein «Vær varsom»-plakat etter mønster frå journalistikken? Diskusjonen etter at Åsne Seierstad blei dømt til å betale erstatning til Suraia Rais førre veke, kan tyde på det. I alle fall ville ein tydelegare yrkeskodeks for dokumentarkunstnarar, ha sørga for at denne saka ikkje hadde hamna i retten. Spørsmålet er om ein etikkplakat ville ha vore så ille som forlagsbransjen vil ha det til?
STRIDENS KJERNE i dommen mot Seierstad er kva den då seksten år gamle Suraia tenkte om den tjue år eldre bokhandlaren då han fridde til henne. «Hun visste at hun ikke ville ha mannen, men hun visste også at hun måtte følge foreldrenes ønske», slår Seierstad fast i boka. Ifølgje retten har ikkje forfattaren belegg for kva som gjekk føre seg i jentas hovud.
Det er likevel berre på dette eine punktet i den 28 sider lange dommen at tingretten meiner forfattaren ikkje har handla i god tru. Elles viser retten til forfattarens fridom til å skrive litterært og tolke samtalar ho har hatt med familien. Retten ser også mellom fingrane på eventuelle misforståingar. Det er difor vanskeleg å ta Seierstad heilt alvorleg når ho seier at dommen er eit trugsmål mot ytringsfridomen.
NÅR RAIS SIN FORSVARAR, Per Danielsen, på si side hevdar at dommen vil få konsekvensar for ein eventuell rettssak mot Karl Ove Knausgårds «Min kamp», høyrest det ut som rein ønsketenking. Seierstad er dømt for å ha lagt tankar i hovudet til Suraia Rais utan å ha sjekke om dei stemte med røyndomen, altså klassisk dårleg journalistisk handverk. Knausgård sirklar utelukkande kring sine eigne tankar.
Danielsen har i fleire år kjempa for personvernet for menneske som kjem i kontakt med journalistikken. I ei rekkje artiklar i tidsskriftet «Lov og rett» har han, til stor motbør, hevda at personvernet er styrkt «på bekostning av den fjerde statsmakt» i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Førebels har han segla i motvind. Advokat Cato Shciøtz er sitert i DN på at: «Dette er første gang siden 1996 at retten har lagt Danielsens jusforståelse til grunn for en dom». Det er også vanskeleg å sjå denne dommen som endeleg seier i Danielsens favør.
RETTENS VURDERING er at dommen ikkje har andre konsekvensar enn at «forfattere og andre historieskrivere, som pretenderer å publisere sanne fremstillinger ut fra et allvitende fortellerperspektiv, må sørge for at opplysninger om lett identifiserbare personers innerste tanker om personlige og følsomme tema, har solid forankring».
Det høyrest umiddelbart ut som eit rimeleg krav. Ein «Vær varsom»-plakat for dokumenterande kunst trong gjerne ikkje ha vore meir omfattande enn dette. I så fall ville eit lite kontrollspørsmål frå forlagsredaktør Ida Berntsen ha vore nok til å hindre den karusellen av søksmål som Seierstad har hamna i.
Dermed er det ikkje sagt at Seierstad skulle ha skrive ei meir blodfattig bok. Heller ikkje at det skulle ha blitt lagt større band på forteljarkunsten hennar.
Det verkar nemleg som den største redsla for kunstverda: Å vere grenselaus er kunstens fremste kvalitet, blir det hevda kvar gong tanken om eit etisk regelverk for kunsten er lufta. Spørsmålet det førebels ikkje er kome godt svar på, er korleis ein stiller seg overfor kunst som fortonar seg som journalistikk utan «Vær varsom»-plakat. Per Danielsen har eitt poeng. «Man kan ikke skjule seg bak et trylleformular bare ved å si at ei bok er en roman», sa han til Dagbladet i går.
KUNSTOMGREPET er ikkje noko trylleformular, og det finst god og dårleg dokumenterande kunst. Ei forståing av korleis ein nyttar seg av kjelder, om ein ønskjer å bryte tillit eller ikkje, er val kunstnaren tek kvar dag. I siste nummer av filmtidsskriftet Rushprint forklarer dramatikar Christopher Grøndahl korleis filmteamet har jobba med filmatiseringa av drapet på politimannen Arne Sigve Klungland under innspelinga av NOKAS-filmen. Sidan det ikkje finst kjelder, og sidan filmen kjem til å bli ståande att som «autoritativ» for kva som hendte, kjem sjølve drapet til å bli tona ned, skriv han.
Grøndahl kunne, med kunstomgrepet i hand, ha valt å gå inn i hovudet til Klungland. Han gjer det ikkje fordi han meiner det vil gjere filmen spekulativ og dermed dårlegare.
I DETTE dilemmaet rører store delar av kunstfeltet seg i augneblinken. Det er liten tvil om at for strengt etisk regelverk vil kvele, heller enn opne opp, kunsten. Seierstads bøker har sannsynlegvis hatt langt større konsekvensar enn ein tørr fagartikkel ville ha hatt. Det er også liten tvil om at mange sakprosaforfattarar, kunstnarar - og journalistar - kunne hatt godt av ein «Vær mindre varsom»-plakat i det daglege virket.
Det tyder likevel ikkje at ein skal trø mindre varsamt når ein tek mål av seg til å krype inn i privatlivet til andre menneske. Heilt inn i tankane. Det handlar verken om ytrings- eller pressefridom.
KOMMENTARER Våre regler