• FOTO: Arkivfoto: Knut Egil Wang

Sinte taparar

Alt for mange unge menn fell utanfor samfunnet. Staten kan ikkje berge dei.

FOR FLEIRE ÅR sidan hadde eg hybel i Nygårdsgaten. Kvar laurdag i totida på natta vakna eg av eit uartikulert brøl ute på gata. Ikkje noko ord, berre denne ulinga.

Eg kom til å tenkje på dette vrælet då eg las Arne Klyve si ferske bok om unge sinte menn, om mannen i identitets- og maskulinitetskrise. Mogleg det var nokre av desse mennene som vekte meg i helgene.

STATISTIKKANE SER IKKJE gode ut, verken nasjonalt eller internasjonalt. I Europa står ein tredel av dei unge gutane som veks opp i fare for å bli del av ein ny underklasse der vald, hærverk og gjengdanningar står sentralt, ifølgje Klyve. I Noreg er det ein av tre gutar som ikkje fullfører vidaregåande skule. Vi ser tendensar til auka ungdomsledigheit. Gapet mellom dei som klarer seg og dei som ikkje klarer seg blir større. Gutar som tidlegare kunne reise til sjøs, hamnar no i identitetskrise. Eller som Klyve skriv: Dei «snille» blir snillare og dei «slemme» blir slemmare. Klyve går så langt som å kalle det «berettiget sinne». Om det er berettiga og rettferdig, kven er det då sinnet skal rettast mot? Oppveksten? Foreldra? Skulen? Staten? Eller (som også mange gjerne vil) det feminiserte samfunnet som ikkje gir nok rom til testosteron?

Kva om det i så fall er ei ønskt utvikling?

POLITIKK HANDLAR om å bruke effektive verkemiddel for å nå eit mål. Sidan 70-talet har det politiske Noreg styrt med opne augo mot eit moderne kunnskapssamfunn. Eit delmål har vore å utfordre gamle kjønnsrollemønster, noko dei aller fleste har tent på. Eg kjenner få fedrar som ikkje er glade for at dei får vere meir saman med barna sine enn det fedrane deira var. Moderniseringa skaper rom for at både kvinner og menn kan vere litt meir. Dei fleste av oss har fått eit større repertoar å spele på.

Klyve skriv om baksida av dette kunnskapssamfunnet. Dei uartikulerte brøla i nattelufta er moglegvis lydsporet til denne baksida. Eller for å setje det på spissen. Det er lyden av ei varsla katastrofe: Lyden av ein dinosaur som nektar å døy.

KVA GJER VI MED DET? Klyve ramsar opp ein del risikofaktorar for at gutar skal falle utanfor: oppvekst hjå minoritetsforeldre, foreldre med låg utdanning, skilte foreldre, foreldre med negativ skuleinnstilling og yrkesfagleg studieretning.

Utdanning er ei offentleg oppgåve. Moglegvis er yrkesfag blitt for teoritunge, samstundes har også industrien utvikla seg slik at det er naudsynt å ha teoretisk ballast. Er det sikkert at alle skal kunne lese engelsk høgverdig litteratur, er til dømes eit spørsmål det offentlege godt kan stille seg.

DEI FLESTE AV risikofaktorane Klyve peiker på, kjem ikkje frå det offentlege. Oppveksten og foreldra er det mest sentrale. Men det er ikkje slik at alle med minoritetsforeldre eller foreldre utan utdanning fell utanfor. Kva med å byrje å stille spørsmålet kva dei som ikkje taper gjer?

Musikaren John Olav Nilsen, som vi skriv om i dag, gjorde sinnet om til noko han kunne formidle og leve av. Andre kan gjerne peike på ein lærar som fekk dei til å sjå at dei kunne noko, kanskje var det fotballaget — eller at dei på eitt eller anna punkt blei gjort ansvarlege for vala sine.

EIN TIDLEG SOMMARDAG tok ein lærar eg kjenner avgangsklassen sin med ut i sola. Medan dei slappa av i sola spurte ho kva dei no hadde tenkt å finne på. Ein av dei svarte, heilt sikkert for å provosere, at han skulle bli arbeidsledig, leve på trygd og drikke øl heile dagen. Ho protesterte ikkje, men tok han på alvor. Kor har du tenkt å bu? spurte ho. Han nemnde ein by. Er du klar over kor lite du vil få å leve for? spurte ho. Han visste ikkje. Ho gav han summen på trygda for ein ufaglært og konkluderte: Med andre ord vil du verken ha råd til øl, husvære eller alt det andre du har lyst på.

HAN BLEI TAUS, og kor han enda opp veit eg ikkje. Det kunne ha vore den unge mannen eg såg i resepsjonen på Stavanger politikammer i haust. Han snakka så høgt at det var vanskeleg ikkje å få med seg historia. Han hadde oppført seg heilt fint på byen, hevda han, då politiet kom. Først hadde dei lagt han i bakken. Sidan hadde dei tatt han med i politibilen, der han hadde mista både pengar og nøkkel. Det var med andre ord politiet si skuld at han no var hjelpelaus. Vakta kikka i loggen og sa at her var historia annleis. Han låg alt på bakken då dei kom, fortalde loggen. Men, sa vakta, han kunne gjerne sende inn skriftleg klage.

Det var då den unge mannen svarte: Eg kan ikkje skrive.

KOR ER DU OM TI, femten, tjue år, tenkte eg, der eg stod i køen. Det skal ikkje mykje fantasi til for å førestelle seg at han blir ein av dei staten – altså vi – må fø på om han ikkje blir ansvarleggjort og sett.

Staten forsømmer seg ved ikkje å gi desse mennene jobb, meiner Arne Klyve. Han tek feil. Staten verken kan eller bør finne opp jobbar det ikkje er bruk for. I staden burde fleire lærarar, foreldre eller fotballtrenarar stilt spørsmålet læraren stilte til eleven med trygdeambisjonar: Kva skal du leve av? Korleis har du tenkt å få det til?

Først då er det også mogleg å hjelpe til.

Hvorfor faller unge menn utenfor samfunnet? Si din mening her!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.