Rumpe i burka

Medan sosiale medium er fulle av meldingar frå kampklare kvinner i Midtausten, har UiB støtta 
muslimsk kvinneundertrykking i eige hus.

BILETET AV den svenske kunstnaren Margareta Bergman var kjøpt inn av UiB for å hengje i lokala til Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling ved Christian Michelsens Institutt (CMI). Den bare huda skal ha blitt for sterk kost for nokre muslimar på besøk. Dei klaga til leiinga, som gav dei medhald, flytta biletet til ein mindre sjenerande stad og kallar det ei ikkje-sak.

Administrasjonssjef ved senteret, Kirsti Hagen Andersen,  hevdar at flyttinga var fornuftig. Fornuftig for kven?  Nokre krev at jenteelevar skal ha separat symjeundervisning, andre forlangar kvinnelege fødselslegar. Musikklærarar vel å gi den muslimske jenta songundervisning åleine sidan far nektar jenta å synge saman med resten av klassen. Ei kunst- og handverklærar får tilsnakk frå morsmålslæraren fordi ho har gitt klassen i lekse å teikne Edvard Munchs Madonna. Ho er jo naken.

Les også

Denne rumpen ble for drøy

Kunsten ble for sterk.

 

FELLESTREKKET i desse forteljingane er ikkje krenking av religiøse symbol. Det er ikkje kors i urin, eller Muhammed teikna som hund, men eit syn på kvinner som sjukehuslegar, lærarar – og no altså Universitetet i Bergen – godtek for å sleppe sure miner. Frykt for muslimske reaksjonar har ført til sensur av kunstuttrykk overalt i Europa.

Det er dette selskapet universitetet – vitskapens høgborg – no har meldt seg inn i.

FINKJENSLA som er utvikla etter Rushdie-saka og seinare Muhammed-karikaturane, har skapt det den britiske forfattaren Monica Ali har kalla krenkingas marknad, der det er om å gjere å vere mest såra.

Eg melder meg gjerne på: Eg finn det krenkande at eit universitet, tufta på fridom og autonomi, gir etter for religiøs utpressing – i dette tilfellet knytt til kvinnekroppen.

MEDAN SOSIALE medium på internett er full av meldingar frå kampklare kvinner i Midtausten, er UiB med  på å halde fast kvinnesynet dei opponerer mot.

For samstundes som blodet rann i Syria, gjekk det føre seg eit stille opprør over heile Midtausten i påskedagane. Laurdag troppa fleire kvinner opp i ulike byar i Saudi-Arabia for å registrere seg til valet. Tre av dei lukkast i byen Khobar. I byen Dammam blei kvinnene arresterte då dei prøvde seg på det same.

Den saudiarabiske bloggaren The Logicker, skreiv: «Saudi-Arabia er det einaste landet i verda der kvinner blir seksuelt trakasserte – i telt». Ei anna sukka på mikrobloggtenesta Twitter: «Det neste er vel at dei forbyr kvinner å eksistere».

MÅNDAG FØRRE veke blei kvinneaktivistar i Jemen banka opp med rifler for å ha gått i tog saman med menn.

I Egypt tvitra jazz-songaren @Injita: «Eg tvilar ikkje på at Egypt opplever hjerneflukt ettersom alle dei smarte damene nektar å bli trakasserte og låst inne lenger».

Frå Pakistan kom sorgreaksjonane etter at høgsterett frikjente fem menn som valdtok Mukhtaran Mai i 2002 – æra til familien måtte gjenreisast. Læraren og skribenten Nabiba Meher Shaikh frå Lahore skreiv på Twitter: «I eit kvart framtidsretta samfunn vil åtak mot kvinneleg seksualitet avta med tida. Her er angrepa no avskyelege frå alle samfunnsklassar».

Dette er berre eit lite knippe kvinner i den muslimske verda som har fått nok. Kvinner med utdanning – i Saudi Arabia er det 93 prosent av arbeidande kvinner som har utdanning, vidaregåande og universitetsgrad, mot 60 prosent av mennene. Kvinner som vil ta eigne, sjølvstendige val, som ikkje godtek å sitje innelåst i forelda moralkodeks.

DET ER LANGT i frå sikkert at det største ønsket deira er å vere lettkledde som kvinna på Bergmans bilete, men her er poenget: Dei kreftene som ville fjerne biletet frå veggen på UiB vil ikkje gi kvinnene dette valet.

I tillegg: Klagarane kunne ha sagt dei var såra over framsidene til Dagbladet, reklameplakatane til H&M eller solande jenter i parken. I staden klaga dei til universitetet som lever av det frie ord.

DEI TILSETTE og leiinga ved Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling kunne ha svart at kunsten og vitskapen er fri i eit utvikla demokrati. Dei kunne ha vist til at dei er tilsette ved eit senter for utvikling. I staden skunda UiB seg fram med ein biletburka. Og stigmatiserte samstundes dei mange besøkjande, muslimar eller ikkje, som ikkje let seg krenke av bar kvinnehud.

Det er ikkje ei ikkje-sak.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.

"Bok"

Biletet "Bok" av kunstnaren Margareta Bergman kom på veggen i lokala til Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling i desember.

UiB søkte KORO om utsmykning i til nybygget på juss. Koro kom på synfaring, bestemte seg for ein stad (CMI) og eit verk, og skjenka det til UiB.

Etter klager blei biletet flytta til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. KORO insisterer på at det skal henges opp igjen same stad.

Professor Siri Meyer, som sit i UiBs estetiske råd har også protestert.