Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

MINDRE ENN eitt døgn etter den tyngste dagen i norsk etterkrigshistorie er det eit spørsmål eg ikkje greier å kvitte meg med:

Når er det at ord blir til handling? Når er det hatet eg trass alt ser kvar dag, sjølv i nettkommentarane til Bergens Tidende, går over i fast form og blir skrekkeleg? Og like etter: Burde vi sjå når det er i ferd med å skje?

DÅ ALVORET hadde byrja å sige inn fredag ettermiddag, byrja tankane å kverne kring kva slags krefter som kunne stå bak. Den neste innskytinga: sjekke nettfora etter spor og hint etter hat.

At vedkommande, mange eller få, måtte ha gitt seg til kjenne, kjendest opplagt: hatvideoar på Youtube, direkte eller kryptiske undergangsmelding i kommentarfelt, bloggar eller interessesamfunn - det har blitt eit ritual for iscenesett vondskap. Ikkje berre ligg spora der, nettet har blitt staden der testamenta blir skrivne. Tenk Finland. Tenk Virginia Tech. Etter 11. september 2001 er det skrive bindsterkt om iscenesetjinga av terror med dei raske medium som medaktør og formidlar.

DET FØRSTE instinkta synte seg å vere korrekte. Mannen bak dei grufulle gjerningane har lagt frå seg spor, mange spor.

Ikkje berre har Anders Behring Breivik laga ein pakke til media der han har fått sy ettermælet med skreddarsaum, han har vore aktiv på ei rekkje nettsider på høgresida av den politiske aksen - frå tidsskriftet Minerva til bloggen document.no ved Hans Rustad, som alt fredag såg seg nøydt til å leggje ut alt den sikta Breivik har skrive av kommentarar i ei fil.

Ein kan innvende at bloggen slik skapte seg distanse til meiningane til mannen ved å hente ytringane hans ut or samanhengen dei stod i. Det er også ei historieforfalsking i dette: debattane på document.no er driven av fleire stemmer som til saman skaper det som er kalla alt frå «blåblogg» til høgrepopulistisk og muslimofob.

JO LENGER utpå dagen i går, jo lenger utpå høgresida synte Breivik seg å vere heimehøyrande. I går vart det kjent at han også tilhøyrte eit nordisk nettforum av nynazistar, der diskusjonen ikkje berre går høgt om korleis muslimane øydelegg landet, men kva slags metode som er best til å sprengje regjeringsbygg med.

Så langt eg har sett, står det likevel ingenting om bestialiteten i å drepe barn og unge. Eg hugsar med gru ein påstått video frå ei islamistisk terrorcelle i Europa - ei filma planlegging av ein terroraksjon. Sjåaren følgde filmkameraet inn på ein julemarknad i Frankrike som endte opp med å zoome inn på eit barn på skuldrene av far sin. Visjon av skrekk og frykt.

SLIKT ER ALTSÅ tenkt ut i det som førebels ser ut som ein manns verk.

Eller er det no det? Kva med alle som har støtta han heilt eller delvis? Kva med alle oss som gjerne har sett argumenta hans, anten det var på ein tur innom document.no eller Minerva, der han etter det vi kjenner til, kalte seg Anders B. Ein mann som i stort alvor diskuterer multikulturalismens farar og kulturmarxisme, men ikkje i hardare ordelag enn ein kjenner att frå dei fleste nettfora. Burde alarmklokkene ha byrja å ringe av den insisterande tonen? Av at ein ikkje ser kven ein snakkar med?

DET SOM GNEG er spørsmålet om kva ein gjer resten av året, når ein søkjer dei same nettfora, les kommentarfelta, sveiper innom Youtube, oppsøkjer mindre nettsamfunn? Frys på ryggen og lukkar augo? Rynkar på nasen og trekkjer på skuldrene? Blir redd eller handlingslamma? Ser på det som ord ein må tole i ytringsfridomens namn?

Eg er ikkje lenger sikker, eller det er ein ting eg er sikker på: det er blitt umogleg å bagatellisere hatefull og anonym skrift på nett. Den hatefulle skrifta som gøymer seg bak nettveven må ansvarleggjerast. Det nyttar ikkje å oversjå hate speech, anten det er retta mot rase, etnisitet, kjønn, religion eller legning - og tru at berre den hatande får snakke ut, så er lufta reinska. For i den globaliserte nettveven vil eit kvart synspunkt, uansett kor på sida - eller kor grufullt - det er, alltid kunne finne seg applauderande meiningsfeller.

Det er det fine med internett - og det er også den svarte sida.

Etter fem dagar på mikrobloggtenesta Twitter, hadde Anders Behring Breivik 750 følgjarar frå heile verda. Den som studerer den lista, vil kanskje kome til å lære noko.

Eit av dei mest retvitra blogginnlegga i går var frå eit tidlegare medlem av det svenske høgrepopulistiske partiet Sverigedemokratarna som hadde vore ven av han på Facebook. I dag skammar ho seg. Hatet i SD avlar hat, skriv ho.

DET FINT snakkar ein om performativ tale. Det er eit språkvitskapleg omgrep for utsegn som ved å bli sagt, utfører ei handling.

Den hatefulle talen er også ei handling. Noko skjer når den blir ytra.

På kritikk for å sleppe til ein annan nordmann med ekstreme synspunkt, svarte Hans Rustad i 2009 at det var ut frå sans for fair play.

Spelereglane er ikkje lenger slik. Det finst ikkje fint spel for hat. Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Vi må ha høve til sjå kven vi har med å gjere. Før det er for seint.

Synspunkt? Sei di meining.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.

Relaterte bilder

AKTIV PÅ NETT: Anders Behring Breivikhar vore aktiv på ei rekkje nettsider på høgresida av den politiske aksen. FOTO: SCANPIX

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet