• ILLUSTRASJON: Marvin

Mamma som skuletapar

Forstår du ikkje leksene til poden? Du er ikkje åleine.

GUTEN VAR BERRE åtte første gongen eg merkte tendensen. Han sat med leksene ved kjøkkenbenken som vanleg - eg ved sida av han med augo festa i matteboka. Verken eg eller guten skjønte noko av oppgåva.

Eg har alltid hatt eit ok forhold til matte, men her stod eg dønn fast. Etter tipping og flaks, fann vi ut av det. Hadde vi lært noko? Tja.

Sidan har det same skjedd igjen - ikkje berre i matematikk. Trua på lekselesing fall endå nokre hakk då eg måtte gi opp å skjøne ei oppgåve i norskboka til søster hans, førsteklassingen. Det var rett før eg slengde boka i veggen og sa «drittbok» eller noko anna upedagogisk. I staden skreiv eg ei heller syrleg melding i meldingsboka om at vi diverre ikkje forsto oppgåva.

DET ER IKKJE slikt ein snakkar høgt om. Trudde eg. Heilt til naboen, universitetsutdanna, la ut ei Facebook-oppdatering som sette heile leksehjelpa i eit nytt lys. Han hadde same opplevinga, synte det seg: Oppgåvene til åtteåringen var uløyselege.

Det var som om han stakk hol på ein verkebyll for foreldre som til no hadde levd i den tru at dei var i ferd med å sige inn i intellektuell bakevje. I løpet av dagen rant det inn med respons frå velutdanna mødrer og fedrar - med lekseerfaringar dei gjerne innbilte dei var heilt åleine om. Felles oppleving var at oppgåvene i leksebøkene ofte krev ein eigen form for logikk. Knapt språk, om det er språk i det heile tatt, spørsmål der ein aner at det er noko heilt spesielt ein skal fram til - og at dette spesielle er skjult for auget bak eit mystisk pedagogisk forheng. Som ein av fedrane påpeikte: Leksene føreset ein framgangsmåte som er uforståeleg, og når barnet heller ikkje kjenner den, kjem vi ingen veg.


SIDAN HAR eg teke tematikken «uforståelege lekser» opp med jamne mellomrom med andre skulebarnsforeldre. Eitt av spørsmåla som går igjen er det mange foreldre opplever som mangel på retning i lærebøkene. Kven er dei pedagogane som har funne ut at barn lærer best i sirkeltrening, til dømes. Ein er ikkje før i ferd med å få grep på ein rekneart, så skal ein vidare til noko heilt anna - før ein om nokre veker er attende til det ein byrja med. Og så det største spørsmålet: Er det oss foreldre det er noko i vegen med? Eller er det bøkene?


EIN AV DEI SOM deltok mest aktivt i leksedebatten på Facebook om leksehjelp var Simen Gaure. Gaure er matematikar ved Frischsenteret for økonomiske studiar ved Universitetet i Oslo. Han opplyste mellom anna at det matteverket eg har klødd meg i hovudet av, Abakus, har fått pris for å vere særskilt tilpassa lesesvake elevar. På forlagets heimeside marknadsfører det seg sjølv under Rema-slagordet «Det enkle er ofte det beste».

Det enkle i Abakus-verket tyder at oppgåvetekstane er redusert til eit minimum, ein Rema-butikk med berre kneippbrød og hermetikk i hyllene - og utan boksopnar. Som Simen Gaure uttrykkjer det: «Dermed kan ikkje ting forklarast med ord, og verket blir fort ubrukeleg til å lære av. Også for dei som kan lese godt».

Han har også notert seg ein annan trend i læreverka: «Ifølgje utbreidde pedagogiske prinsipp skal alt som er nytt forankrast i noko som er kjent. Ein går alltid frå det nære, velkjende, gradvis til noko nytt. Det er ein sikker måte å gjere stoffet keisamt på. Ingenting blir overraskande».

Han fortel om sonen som skulle lære om kart. I staden for å ta barna ut i skogen i eit ukjent terreng og sjølv finne kollar og tjørn, skulle klassen lage kart over skulen, skulevegen og hagen. Igjen: Føreseieleg og keisamt.

EG LURER på om det er slike opplevingar som har skapt suksessen til TV-lærar Håvard Tjora frå serien «Blanke ark». I oktober lanserte han boka «Mattemagi». Sidan har ho vore på bestseljarlistene 18 veker på rad. Lenge låg boka på førsteplass. Opplaget har no passert 30.000. Utgangspunktet til Tjora, som no skriv masteroppgåve om lesing og skriving i læreverka, er at ein kan skjøne verda dersom ein forstår matematikk. Han set matematikken inn i eit samfunnsmessig og historisk perspektiv. Tjora meiner at skulen i for stor grad nøyer seg med å presentere matematikk som oppskrifter vi må lære oss for å løyse reknestykke. Elevane lærer seg grammatikken, men ikkje språket.

Frå enkelte skulemiljø har han møtt kritikk for sine ukonvensjonelle metodar, men svarer attende at skulen er blitt for overakademisert og fjern frå røyndomen. Særs mange lærarar vil nok - med rette - protestere og seie at det er nettopp det dei har arbeidd for å motverke. Men også dei er bundne opp til læreverka skulane har kjøpt inn.

TJORA TREFF tydelegvis ei nerve hjå mange, både foreldre og elevar. Googlar ein mattemagi og bloggar, finn ein lesarar som 12 år gamle AstriL: «Denne boka er virkelig g-e-n-i-a-l! Den gjør faktisk at man bryr seg om hva pi er!»

Slik det er no hjelper det ikkje mykje for guten at eg og andre foreldre kan vår pi. Dersom framgangsmåten på tidleg tidspunkt blir opplevd som uforståeleg, er det stor sjanse for at foreldre utviklar motvilje mot leksene på altfor tidleg tidspunkt.

Kva gjer vi med det? Det er berre skuleeigarane som kan ta ansvar for at vi ikkje blir eit land fullt av skuletapande foreldre.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!



Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.