• FOTO: ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Lukta av påska

Eg kan når som helst lukka augo og mane fram påska den gongen for lenge sidan.

Som då eg var tolv og var på første hyttetur med venninner åleine; å skli på skaren med harde beksaumstøvlar, spenne inn hakk i snøen og passe på så ein ikkje sklei rett ned i den våropne elva, lyden av langrensski som kvein i løyper av stål når en slapp seg for å kappkøyre rett ned liene.

Parafinen i den augneblinken han går over frå gass til å vere noko å koke mat på, uroa om kvelden når ein la seg for at ein ikkje hadde sløkt skikkeleg, ein hadde lese om kolosforgiftning.

Eg kan utan å tenkje meg om sjå for meg stjernehimmelen og fullmånen over skaret når ein gjekk frå den eine hytta til den andre etter å ha vore på kveldsbesøk som 14-åring.

Eg ser sidene i det eldgamle Flåklypa Tidende – som ligg og alltid har lege – på den eine hylla ved sidan av vindauget, høyrer lyden av opptenningsved, kjenner i armane korleis det er å turne på bjelken som går tvers gjennom det vesle rommet, det halvlunkne oppvaskvatnet varma opp i gryta med den svarte botnen, til og med lyden av ause som skraper seg mot innsida av gryta er klar og tydeleg. Kvar gong eit lett gys.

Og så steikepanna på benken, uvaska og feittete etter at farfar og brørne hadde vore på rypejakt. Kunne dei ikkje vaske etter seg. Nei, det gjorde dei ikkje. Difor lukta det farfar av puta. Det var grått avtrykk av hovudet på det stripete tøyet. Snuste ein inn, kjente ein lukta av jegerar som hadde site ute på ein stein og kanskje røykt seg ei pipe, gått i timevis med børsa under armen og gjerne ikkje sett nokon ting.

Eg kan ikkje hugse at dei kom med rype ein einaste gong.

Og så luktene av deg og meg.

Lukkar eg augo og manar fram påska, er det luktene som kjem sigande inn i nasevengene: den søtlege, naturstrame eimen frå utedoen, appelsinen som klistra seg til fingrane saman med lilla Swix eller klister, avhengig av når på året påska kom. Til og med snøen luktar på veg mot smelting og vår, våt ull som heng over vedomnen, røyken som slår ut i rommet, lukta av vindaugskarmen i takmønet same augneblinken som glaset blir opna og himmelen flyt inn.

Og så luktene av deg og meg. Kroppar som blei sveitte, huda som lukta sol og solkremrestar og hår som blir litt meir fett kvar dag, lettare å ha med å gjere.

Ein står opp om morgonen, klatrar ned frå hemsen, eller venter til nokon andre gjer det, ein ligg der og høyrer den første elden fate i omnen, ligg litt til, slenger seg over kanten, slepp seg ned, tek på lett fuktige klede, ullsokkar som skraper mot fotbladet, slår litt kaldt vatn i ansiktet frå vassbøtta, kikkar utover vatnet der isen kanskje er i ferd med å gå, kanskje ikkje, tenkjer på kva nut ein skal gå på, om ein orkar nok ein nut, kanskje skulle ein berre sitje i solhellinga saman og snakke om alt ein ikkje forstår, eller alt som berre er kjekt.

Sidan når det er kaldt i lufta, stake seg heim att, setje skia på plass, hente ved (lukta av ved), fyre i omnen att, koke suppe (lukta av ertesuppe), steike pannekaker – og når det blå vesle lyset i parafinlampa brenn heilt ned, klatre opp att på hemsen, trekkje den tunge vattdyna (og snuse inn lett fukt), snu seg rundt og sovne.

Hadde ein gjort det mange nok dagar etter kvarandre, kunne ein renne ned til bygda, bli henta, kome seg heim og dusje av seg påska, skrubbe seg til det berre er ei prikking att i huda. Sidan, og det stemmer, hugsar eg ingenting av dagane.

På Kjell Inge Røkke si hytte i Oppdal er det 14 bad. På ei ny hytte eg var nyleg, skulle det bli to. Eg er sikker på at påska der vil lukte velstelt.

Påska eg hugsar var skitten. Jordslaget i hyttedyna kjem alltid til å få fram påskene då det ikkje var fleire bekymringar enn kven ein skulle ende opp med under kyss, klapp og klem.  Røyken som slår brått ut i ei stove får desse dagane attende, solsveitte på huda let eg vere ei stund.

Det heiter at vi er i stand til å hugse og gjenkjenne over 10.000 lukter. I vitskapleg litteratur er det skildra nokre tusen lukter. Barndomens uendelege påskeferiar er skrumpa inn til eit par feriedagar med antiseptiske baderom for undertøy i polyester. Stanken av påska kjem ikkje attende: sotet, sveitten, osen – og så, når påskedagane er over, kome heim og lauge seg rein.

Har du minner frå påska du vil dela med oss?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.