• GJEKK HARDT UT: Harald Andersen, no pensjonert, var i mange år lensmann i Laksevåg

    FOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN (arkiv)

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

«Noen kvinner ber om å bli voldtatt gjennom oppførselen sin», sa han. Det var eit slikt argument som går rett i magen: Ingen ber om å bli valdtekne. Ingen!

At ein lensmann sa det, gjorde meg berre ekstra rasande. Eg var ikkje den einaste. «Harald Andersen er en machomann som er med på rettferdiggjøre voldtekt», sa Ågot Himle, som også fortalde om eigne erfaringar, til BA. Stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen (SV) kravde at han måtte gå av.

Noen kvinner ber om å bli voldtatt gjennom oppførselen sin.
Harald Andersen

Les også

- Det er godt å bli tatt på alvor

Andersen er glad for endelig å få støtte.



Eg var forferda

Det er snart ti år sidan. Sidan den gongen har eg lese bøker som tar for seg rettsvesenet sine haldningar i valdtektssaker. Eg var forferda over å sjå undersøkinga frå 2006 som synte at særleg kvinnelege jurymedlemmer kan vere raske til å stemple ofre for valdtekt som lette på tråden.

Eg har difor sympati for «tøyte-marsjane» som har gått som ein farsott over den vestlege verda etter at ein politimann frå Toronto i Canada uttalte noko liknande som Harald Andersen. Kvinner burde slutte å kle seg som tøyter for å unngå å bli valdtekne, sa han. Med andre ord: Jenter kan skulde på seg sjølv.

Faktum er at ei av tre valdtektssaker endar i frifinning. Særs mange saker kjem ikkje ein gong inn i rettsapparatet. Ofte er det også påstand mot påstand og ingen vitne.

Likevel, etter desse åra er eg i ferd med å endre syn på Harald Andersen. Aldri i synet på fordeling av skuld, men for råda han gav oss kvinner om å unngå enkelte situasjonar der ein lettare er utsett for å bli valdteken.

Det kan vere alderen som gjer det, men i 2002 hadde eg heller ikkje fantasi til å sjå for meg kva slags situasjon unge jenter frivillig set seg sjølv i. Ikkje ved måten dei kler seg på, men ved sjansane dei tek medan dei er i ein slik tilstand at dei ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv.

Haiketurar

Sjølvsagt var det haiketurar i tenåra eg sikkert ikkje burde ha vikla meg inn i – ferieturar ein aldri fortalde heile sanninga om etterpå. Små glimt frå hendingar ein kom frå det utan skramme. Slik har det alltid vore: Dei aller fleste menn vi møter oppfører seg fint og utnyttar ikkje potensielt sårbare situasjonar.

Dette er også utgangspunktet til den svenske journalisten Katarina Wennstam i boka «En riktig voldtektsmann» frå 2004. Boka byrjar med at ho vaknar i ei framand seng med eit glas vatn på nattbordet. Ho har vore full på fest, lagt seg for å sove – ingenting har skjedd, anna enn at ein mann har tatt seg av henne og sørgt for at ho har fått ei god natts søvn. Slik dei aller fleste menn ville ha gjort.

Hadde ho blitt voldtatt, ville det då ha vore hennar eiga skuld? spør ho. Sjølvsagt ikkje. Men kva seier det om synet på mannen at ho dreg eit lettingas sukk på veg heim?

«Kvifor gjer dei slik?»

Når eg no innrømmer at Harald Andersen hadde rett i 2002, er det med ein trist resignasjon etter å ha kryssa Torgallmenningen seine netter og sett pur unge jenter, knapt med klede på seg, så rusa at dei ikkje greier å gå rett. Av å sjå bilete av jenter i Syden – eller på Facebook – dritings og med heile rumpa ute.

Ein mann kom nyleg heim frå bytur. Med gråten i halsen fortalde han kva han hadde sett: Fulle 14–15 år gamle jenter i tynne, sundrivne strømpebukser og særs korte skjørt kom sjanglande. Ei av dei hadde drege ned trusa på ein rabatt i Lars Hillesgate og tissa. «Kvifor gjer dei slik?» spurte han kona si.

«Første gongen eg såg ei jente stå slik og tisse vart eg sjokkert», sa ein annan. «Eg blir ikkje det lenger».

Brua over Danmarksplass, mørke parkar, aude vegstrekningar. Å vere sanselaust full ung jente der og då, er ikkje smart. Ein skal kjenne dei ein går saman med på nachspiel, ein bør ikkje ta pirattaxi eller gå åleine i mørke gater. Harald Andersen har heilt rett:

Svarte bydelar

Ein kvit mann i Atlanta oppsøkjer gjerne ikkje svarte bydelar nattetid. Det fins situasjonar, både for kvinner og menn, som vi er lærte opp i til å halde oss unna. Vi låser sykkelen og viftar ikkje med pengeboka på byen. Kvifor skal mødrer ikkje lære jentene våre at også kroppen kan ranast? Kvifor skal vi ikkje passe betre på oss sjølv?

Tøytemarsjens poeng er at jentene går saman. Dei marsjerer ikkje åleine. Og dei er, så langt eg veit, heller ikkje rusa.

Sidan Harald Andersen gjekk av som politimann har han halde fram med å kjempe for kvinner som blir utsett for vald. Eg trur han på det når han seier at utsegna hans frå 2002 var råd han ville ha gitt sine eigne døtrer.

«Når det er sagt: verden skulle ha vært slik at vi kunne gjøre akkurat som vi ville, kledd oss uten tanke for onde makter, gått hvor vi ville, også lett påvirket. Dessverre er verden ikke slik i dag», skreiv han i ein kronikk i BT i fjor vinter under tittelen «Menn som hater kvinner»

Aldri gløymer vi dette så fort som når vi er rusa. Og då kan verda også brått bli vond.

Diskuter saka under:

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.

Relaterte bilder

DRITINGS OG SÅRBAR: Når eg innrømmer at Harald Andersen hadde rett i 2002, er det med ein trist resignasjon etter å ha kryssa Torgallmenningen seine netter og sett pur unge jenter, knapt med klede på seg, så rusa at dei ikkje greier å gå rett, skriv Hilde Sandvik. Biletet er frå Manchester. FOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN