Krig mot kvinner

Valdtekt er eit billeg - og farleg - masseøydeleggingsvåpen.

I ROMJULA SKREIV eg ein kommentar om sexkjøpsforbudet som blei innført ved årsskiftet. Tematikken offer og overgripar blei ikkje uventa diskutert på bt.no. Det var då denne meldinga kom inn: «Denne loven skal jeg bryte med forakt, eller kanskje jeg skal bli voldtektsmann, da jeg mest sannsynleg uansett må være kriminell for å ha sex, og det offisielle mannshatet nå har gått så langt at jeg har mistet all respekt for kvinner».



TO DAGAR tidlegare hadde eg sett dokumentaren «The Greatest Silence» på NRK2 om valdtekter i krigen i Kongo. I løpet av eit par seine kveldstimar fekk eg høyre skildringar om seksualisert vald eg ikkje hadde førestelt meg var mogleg. Bestialiteten var sjokkerande, råskapen uhyrleg. Kvinnene fortalde ikkje berre om valdtekter, men om gjengvaldtekter, om å få underlivet stukke opp, bli øydelagt i indre organ og leve heile livet med drypande sår.



SMÅJENTER OG GAMLE DAMER, gravide og tenåringar er offer for den øydeleggjande valden, også kalla «eit seint folkemord» i Kongo. I ei scene sit sju kvinner frå same familie, den yngste enno barn, i formasjon som på eit familiefoto. Blikka er djupt svarte. Dei har ikkje anna håp enn å overleve i hytta, stigmatiserte, utan høve til nokon sinne få eigne familiar anten fordi underliva deira er øydelagde - eller fordi ingen vil ha ei valdteken og tilskitna kvinne.



DET SKREMMANDE var at nettdebattanten frå bt.no minte meg om noko geriljasoldatane, valdtektsmennene, sjølv sa til filmskaparen Lisa F. Jackson: «Vi må berre få tømt oss etter månader i skogen. Gud har sett mannen over kvinna. Han gir oss rett til å valdta». Ein sa at når han hadde det vondt, så skulle også kvinnene ha det vondt. «Å bli valdteken er ei patriotisk handling», sa ein mann med hovudtørkleet godt trekt nedover panna.

Dei unge geriljasoldatane, nokre av dei såg ut som tenåringar, var anonymiserte bak store solbriller og breibremma hattar. Felles var oppfatninga om at dei ikkje angra. Dei hadde mista respekt for kvinnene.



VAR DET RETT av meg å tenkje på valdtektsmennene i skogane i Kongo då eg las innlegget til nettdebattanten? Assosiasjonen seier mest om frykta. Både filmen og innlegget synte fram ein seksuell aggresjon eg ikkje greier å skjøne - ein djup forakt for folk av «feil» kjønn som uroar meg sterkt.

Den vesentlege skilnaden er at mannen frå nettet representerer marginalen. I krig derimot, blir valdtekter systematisert og brukt som våpen mot fienden. Soldaten blir lønna for oppførsel han i fredstid gjerne aldri ville ha drøymt om. På eitt eller anna tidspunkt får mangelen på respekt for den andre eit offentleg godkjentstempel.



VALDTEKTER I KRIG er like gammalt som krigen sjølv. Det var likevel krigen i Bosnia som for alvor gjorde verda merksam på korleis valdtekter blei brukt som militær strategi, ifølgje PRIO-forskar Inger Skjelsbæk. FN fordømte seksuelle overgrep som krigsforbryting. 24 menn blei sidan dømt i Haag for overgrep i krigen i Bosnia. Etter krigen i Rwanda blei åtte menn dømt for valdtekter.

Først 19. juni i fjor kom FN-resolusjonen om seksualisert krigsvald, kjent som resolusjon 1820. Med den resolusjonen anerkjenner no FN seksuelle overgrep som trugsmål mot internasjonal tryggleik. Valdtekter er ikkje berre humanitær katastrofe - det er eit tryggingsspørsmål.

Det er likevel særs langt frå dei fine orda i resolusjonen til faktisk handling. Medan FN sat saman og formulerte resolusjonen turte geriljakrigarane vidare i Kongo. I juni blei det meldt om 2200 valdtekter berre i Nord-Kivu, aust i Kongo.



«KRIGEN I KONGO er ein krig mot kvinner», seier ei kvinneleg politisjef i dokumentarfilmen «The Greatest Silence». Ho har eineansvar for overgrep og barnevern i byen Bukavu og køyrer rundt i taxi for å hente inn vitnemåla frå jentene. Drosjerekninga betaler ho sjølv.

Sjå rundt i byen, sa ein annan: Det er kvinnene som ber vatn, det er kvinnene som passar barn, lager mat, som arbeider, som går i gatene. Mennene gjer ingenting. Råkar ein kvinnene, drep ein landet.

Mellom dei valdtekne kvinnene gjekk også ein mann, gynekologen Denis Mukwege. 10 desember i fjor fekk han FNs menneskerettspris for sitt arbeid blant valdtektsoffer i Kongo. Ifølgje han har overgrep øydelagt livet til ein halv million kvinner i landet. I desember haldt han tale på seminar i regi av Kirkens Nødhjelp i Oslo. «Jeg sier ikke at alle menn er voldtektsforbrytere, men i Kongo har vi behov for at menn står opp og sier: Vi er imot voldtekt», sa han til forsamlinga.



KAMPEN HAN kjempar verkar håplaus i eit land utan strukturar og institusjonar som straffar overgriparen. Medan valden et seg fram, veks smågutar opp i det krigsherja landet utan å lære seg andre måtar å takle frustrasjon på enn å ta han ut på andre menneske. Aggresjonsmestring må lærast. Det må også respekt.

Høgst sannsynleg har mannen frå bt.no det mest i tøft språk. Det påtakelege likevel, er at det ikkje var nokon som reagerte på innlegget hans.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.

Relaterte bilder

FOTO: «The Greatest Silence»