Kjære Aisha Shezad
Du, jeg og niqab", skreiv Aisha Shezadi i boka "Utilslørt. Muslimske RÅtekster". Kulturredaktør Hilde Sandvik skriv brev attende.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Eg kjenner deg ikkje, men du har skrive ein artikkel i boka "Utilslørt. Muslimske RÅtekster" som kom ut sist veke. Der er du er ei av dei 19 muslimske jenter som fortel kvar dykkar historie. Eg las den mangfaldige boka med stor interesse.
Eg trur det trengs ei slik bok no, for sjølvsagt er det like mange ulike historier for muslimske kvinner som for kristne, ikkje-truande eller hinduar. Det er fint å bli minna om, akkurat som det var fint då boka "Råtekst" kom ut for nokre år sidan om norske feministar: Folk er -heldigvis - forskjellige.
Så kom eg til din tekst, og der skriv du direkte til lesaren, til meg: "Du, jeg og niqab", er tittelen din. Ved sida av teksten står du, eg reknar med det er du som er fotografert, med ryggen til meg. Du har på deg svart heildekkjande drakt, niqab, vil eg tru, sidan teksten skal handle om det. Du har hendene ut til sida. Du ser ut som eit svart kross, det var gjerne ikkje intensjonen? Ved sidan står det at du er 19 år, født og oppvaksen i Bærum med foreldre frå Pakistan.
For at du skal vite kven eg er; eg er dobbelt så gammal som deg og vaks opp i ei lita bygd med foreldre frå Rogaland og kjenner mange med sterk tru.
I første setning i teksten til meg, har du tre spørsmål: "Tør du se meg? Kan du se meg? Vil du se meg?" Så les eg resten, og kjem til at nei, det har eg ikkje lyst til. Orsak at eg er så pass avvisande, men det er fordi eg opplever at du også er avvisande til meg. Du har valt å gå med niqab, det tyder at du ser verda gjennom ei lita glipe. Du kan sjå meg, eg ser ikkje deg. Det er eit så stort misforhold i utgangspunktet at berre der går det gale.
Ta det gjerne personleg, men eg likar å sjå dei eg skal snakke med andlet til andlet. Vi har andre i samfunnet som uniformerer seg slik du har valt å gjere, nonnene til dømes, men dei har meldt seg ut av samfunnet, dei krev ikkje noko attende. Det gjer du. Du vil ha begge deler. Du kallar dei blikka du møter for ukunne og fordommar, gjerne det, men du skriv sjølv at kvar gong du er ute i det norske samfunnet så tenkjer du berre på Gud. Korleis kan eg då vere sikker på at du i møte med meg ikkje ville sjå meg på ein annan måte enn som eit objekt for misjonering? Det er ein overlegen moralsk positur i teksten din som eg ikkje skjønar. I teksten skriv du om møte med stirrande, redde, interesserte og nysgjerrige blikk: "For min del spiller det ingen rolle, jeg er standhaftig likevel". Du svergjer ved det: Alhamdulillah (lova vere Allah).
Ja vel, då er eg like standhaftig. Det kan vere eg kunne ha chatta på internett med deg, eg kunne ha spurt kva det var som gjorde at du valde å leggje svart stoff over kroppen, kvifor du vil dekkje deg til og bli det som for meg ser ut som eit svart, motstrevande utropsteikn ute i samfunnet, utsletta som kvinne og menneske, eit religiøst telt i ein alder av nitten.
Tekst mot tekst kan det til og med vere eg hadde kjent noko att av eigen nittenårsalder, den brennande kjensla av å høyre til noko større, til dømes, når hjartet er sikker på at det har funne ut kven ein eigentleg er.
Om eg møter deg på gata, kjem eg likevel aldri til å stille deg eit einaste spørsmål dersom du ikkje stiller spørsmål til meg.
Det er ein annan ting eg vil fortelje deg. Eg hadde med meg boka med teksten din på teater her om dagen. Den fransk-tunisiske dansaren Héla Fattoumi har laga ei framsyning om niqaben som kjem i vegen mellom oss. "Manta", heiter framsyninga, det er spansk for "teppe". Eg lurer på kva du ville ha tykt. Heilt i byrjinga av framsyninga stod dansaren med hovudet ned og rumpa opp. Rumpa vrikka seg hit og dit, ertande og lokkande. Det kunne ein sjå på stoffet som vaia kring hoftene hennar. Eg greidde ikkje å la vere å tenkje at dette handlar om at rumpa må tildekkjast så lenge du veit det er ei rumpe der.
På scena var det tekstilar over alt, klaustrofobiske tekstilar. Ein kunne kjenne stoff som la seg over andletet og nasen, den fuktige innsida av eit hovudplagg utan opning for nase og munn. (Eg har faktisk lurt på ein ting: Korleis er det å puste inni ein niqab?) Så vendte dansaren seg, stilte seg tildekka mot salen, det var heilt stille. I fleire minutt stod ho slik, stira gjennom glipa i stoffet – før ho gjorde eit kast med hovudet mot oss.
I teksten din til meg, ber du meg snakke med deg – du skriv at du kan hjelpe meg til å bli eit mindre fordomsfullt menneske.
Teksten din, Aisha, kjennest som eit kast med hovudet. Og eg veit ærleg talt ikkje kven som er mest fordomsfull av oss to og ute i omverda.
Venleg helsing Hilde Sandvik
KOMMENTARER Våre regler