Jihadist frå Larvik

Det kan komme eit 11. september på norsk jord, åtvara talsmann for demonstrantane, Mohyeldeen Mohammad (24) i går. På islam.no utdjupar han kampen for ein islamsk verdsstat.

Bilder

  • NORSK 9/11: Om dette får halde fram vil det slutt vere for seint. Då vil vi få ein 11. september og ein 7. juli på norsk jord. Dette er ingen trussel, men ei åtvaring, sa Mohyeldeen Mohammad til fleire tusen demonstrantar i går. På nettet utdjupar signaturen Mohyldeen bodskapen. Fred C. Gjestad (Foto)
Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

«DEMOKRATI ER U-islamsk og det er blant de mest hykleriske systemene som kan implementeres. Jeg mener at man, som muslim, ikke bør delta i demokratiet dems, for ved deltakelse viser man at man støtter dems måte å styre på. Allah vet best!»

Det skriv profilen Mohyeldeen, som etter det BT kjenner til skal vere same personen som stod bak demonstrasjonen i Oslo i går. 24-åringen frå Larvik er talsmann for gruppa som kallar seg «De frivillige».

Ein annan talsperson, Qasim Ali (26), sa i går til NRK at denne gruppa er sett saman av folk frå fleire ulike land. Kor stor denne gruppa er, er det vanskeleg å vite. Facebook-gruppa, som mellom anna «De frivillige» stod bak, blei tatt ned av Facebook i går. Då hadde Facebookgruppa for demonstrasjonen over 2000 medlemmer.

Les også

Lettkrenkte muslimar

Kulturkløfta synest uoverstigeleg.

MOHYELDEEN MOHAMMAD er den første som offentleg har stått fram og åtvara mot terroraksjonar på norsk jord. Sidan 2007 har den same Mohyeldeen etter alt å døme hatt profil på forumet til nettstaden islam.no. Her legg han fram eit syn på islam som kjenneteiknar dei mest ytterleggåande islamistane.

Hovudbodskapen er at ein sann muslim ikkje kan ha fellesskap med vantru, «kuffar». Det muslimske fellesskapet, ummaen, er ramma og sjølve målet for denne religiøse oppfatninga. Det inneber mellom anna at det haram (synd, red. mrk.) for muslimar å stemme ved demokratiske val, fordi ein då viser at ein underlegg seg ei anna lov enn Sharia.

Signaturen Mohyeldeen oppfordrar norske muslimske ungdommar til å reise frå Noreg for å frigjere sine moderland. «Allah har advart oss mot de kristne og jødene og fortalt oss at dem aldri vil bli tilfreds med deg, muslim, til du faller i dems kufr» (vantru red. mrk.) Udyr som homofile fortener dødsstraff, norske soldatar i Afghanistan er Satans soldatar, som har som mål å utrydde alle muslimer som «ikke følger dems onde CIA-islam».

I GÅR STOD Mohyeldeen Mohammad framfor mellom 2500–3000 muslimar som arrangør, saman med «De frivillige». Det er uvisst kor namnet kjem frå. Mohyeldeen svarte ikkje på tekstmelding i går, og la på då BT ringte. Det er nærliggjande å trekkje trådar til frivillige heilage krigarar – mujahedin – som Mohyeldeen også rosar på islam.no. I Noreg blir mujahedin stort sett forbunde med den sosialistiske rørsla Folkets Mujahedin i Iran. Ordet er likevel arabisk og tyder kjempar, ein som deltek i Jihad, oftast omsett som «heilag krigar». «De (mujahedin red. merk.) har påtatt seg ansvaret og oppgaven av å opprettholde æren av den Islamske Ummah», skriv signaturen Mohyeldeen på islam.no

Sidan 12. oktober er det ikkje registrert fleire kommentarar frå denne signaturen.

ARFAN Q. BHATTI, som lenge var hovudperson i debatten rundt Dagbladets trykking av Muhammed-teikninga, stilte sjølv som ordensvakt i går for å passe på at det gjekk fredeleg for seg. Det er ironisk i at dette var mannen som blei pågripen før Obama vitja Noreg, mistenkt for å ha planlagt terroraksjon. Dobbelt ironisk er det at han først gjekk til Dagbladet for å varsle om teikninga på PST sine heimesider, før han var med på å danne Facebook-gruppa som tok avstand frå trykkinga – med lenke til teikninga på nett.

Bhatti har sjølv vore aktiv debattant i PST si Facebook-gruppe. Spørsmålet er likevel kor tett band han har til gruppa «De frivillige», eller om hans engasjement er døme på det Hanne Skartveit skreiv i VG i går: «kriminelle forsøker å kidnappe islam». At uro tiltrekkjer seg destruktiv energi er eldgammalt nytt. Det har kjenneteikna geriljaverksemd verda over, på høgre- og venstreside – og i religiøs motstandskamp.

MEDAN BHATTI KØYRER sin kamp mot PST med Dagbladet som stødig hofforgan, kjempar Mohyeldeen og hans meiningsfeller tilsynelatande ein større kamp. Det er lite truleg at dei oppunder 3000 demonstrantane i Oslo i går vedkjenner seg denne kampen. Før demonstrasjonen uttrykte Mohyeldeen at «Allah avgjør om det blir fredelig». At demonstrasjonen gjekk fredeleg for seg, kan ein takke muslimar i Noreg for, og ikkje Allah.

På imam.no, er signaturen Mohyeldeen skulda for å vere ein sofa-jihadist. På ein annan nettstad, imam.no, får ein signatur med same namn spørsmål om kvifor han jobbar og har det koseleg i Noreg dersom han meiner det er påbode å drive jihad.

Vedkommande svarer: «Men det er kanskje ikke lurt av meg å skrive her på nettet hva jeg personlig gjør, ikke gjør eller planlegger å gjøre, eller ikke gjøre».

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

Islamisme i Norge

  • Om to veker legg Politiets sikkerhetstjeneste (PST) fram si trusselvurdering.
  • PST-sjef Janne Kristiansen sa denne veka til NRK at PST kjenner til at ungdom frå Noreg blir forsøkt rekruttert til ekstreme islamistgrupper.
  • Sikkerhetspolitiet i Sverige (SÄPO) seier at mange svenske ungdommar har reist frå landet for å bli med i ekstreme islamistiske grupper.

Bilder

  • Lilleb�, Jan M. (Foto)

3 mest leste artikler »

Siste lokalt

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann

Kommentar

Hilde Sandvik

Kommentar

Frode Bjerkestrand

Kommentar

Olav Kobbeltveit

Kommentar

  • Skremselsskuddet

    Svineinfluensaen lærte nordmenn mye om epidemier, men vi ble unødig skremt av helsemyndighetene, mener infeksjonsekspert Nina Langeland.

NRK1

  • 08:00 Migrapolis
  • 08:30 I sørhellinga
  • 09:00 Camilla Plum i hagen
  • 09:30 Billedbrev fra Latin-Amerika
  • 09:40 Sommeråpent (19)
  • 10:30 EM friidrett
  • 13:00 Dynastiet (18)
  • 13:50 Tilbake til 80-tallet (7)
  • 14:20 Drivhusdrømmer (6)
  • 14:50 Smaken av Danmark
  • 15:20 Krumt nebb og skarpe klør (1)
  • 15:50 Sommeråpent (19)
  • 16:40 Duften av nybakt (12)
  • 17:05 30 Rock (12)
  • 17:30 330 skvadronen (3)
  • 18:00 Oddasat - nyheter på samisk
  • 18:05 Nyheter på tegnspråk
  • 18:10 Tinas mat
  • 18:40 Norge i dag
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:30 EM friidrett
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Sommeråpent (20)
  • 22:20 Pressa (5)
  • 23:05 Kveldsnytt
  • 23:20 Vår aktive hjerne (4)
  • 23:50 Rebus
  • 00:55 Dynamittgubben - Lornts Mørkved
  • 01:25 Blues jukeboks

NRK2

  • 12:35 I Amazonas med Bruce Parry (5)
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:30 Livet som tenåring (6)
  • 15:00 Tyven i Bagdad
  • 17:20 Filmavisen 1960
  • 17:30 Solens mat (3)
  • 18:00 Folk
  • 18:30 EM friidrett
  • 19:30 Berulfsens fargerike (7)
  • 20:00 Tilbake til 80-tallet (8)
  • 20:30 Testen
  • 21:00 EM friidrett
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Keno
  • 22:15 Kystlandskap i fugleperspektiv
  • 22:20 Moderne måltider
  • 23:15 Ikke bare Kulturuke - en feiring av Jan Erik Vold
  • 23:55 Sommeråpent (20)
Lukk vinduet