-
I SKODDA
Alma og venninnene frå filmen «Få meg på, for faen» viser fingen til Skoddeheimen. TVNorge tek bussen tilbake til bygda i realityserien «Gøy på landet». På biletet er skodespelarane Helene Bergsholm, Malin Bjørhovde og Beate Støfring.FOTO: MARIANNE BAKKE/MOTLYS/NORSK FILMDISTRIBUSJON
I lilla buss gjennom Skoddeheimen
Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Først: Ta ein buss med 25 «deilige damer». Studer Noregskartet og finn dei mest ungkarstette kommunane. Godsnakk med ordføraren og lov han dagevis med reklame for kommunen – mot at kommunen byr fram ungkarane sine. Dersom dei greier å sjarmere damene, blir damene igjen. Viss ikkje blir elgjegerane og kubøndene vendt ryggen til og Oslo-jentene flaksar vidare til neste kommune.
«Serien har som mål å inspirere nordmenn til å flytte til bygdene», skriv første kommune ut, Audnedal i Vest-Agder på nettsida si.
Eg kjenner att desperasjonen
Eg har smugkikka – og håper at sjåarane (særleg single damer) ser kvalitetane i karane som blir forlatne, ikkje berre med Noregs augo på seg, men i påsyn av bygdefolket. Eg håpar mennene skal få postkassane fulle av brev frå «eventyrlystne» jenter som er lei av bylivet – og drøymer om å «se en søt liten ku» utanfor vindauget, som ei av jentene i serien seier.
Det er ingen grunn til å hovere over dét. Søte små kyr er stort sett betre enn utsikta rundt Sinsenkrysset, Lambertseter eller Danmarks plass, for å vere heilt vilkårleg i val av byplassar å slå seg til.
Programleiarane i TVNorge-serien, ein slags kloning av Senkveld-paret på TV 2 (han eine har også jobba som researcher på Senkveld), presenterer programmet som løysinga på fråflyttingsproblematikken i Bygde-Noreg. For etter å ha slått fast at det ser ut som idyll på bygda (panorering over stølar, fjordar og blå himmel), fortel ei dyster stemme at det er mørke skyer i horisonten (filmklipp av tunge skyer og falleferdige hus): Jentene dreg.
Det er neppe særleg alvorleg meint at løysinga ligg i «Gøy på landet». Jentene reiser nok ikkje berre fordi mennene i bygda ikkje er greie nok. Mange har det som Alma i boka som no er blitt film, «Få meg på», av Olaug Nilssen. Alma og venninna viser fingeren til skiltet av heimplassen Skoddeheimen kvar gong dei køyrer forbi. Bestevenninna har bestemt seg for at ho ikkje skal bli forelska før ho har kome seg ut or bygda, elles går det gale, slik det gjekk med mora som hadde noko på gang i Bergen med studiar før ho blei forelska i faren.
Denne venninna skriv elles brev til ein fange som sit på death row i Texas om livet sitt. Like dødsdømt kjenner ho seg gjerne. For å setja det heilt på spissen; det er inn i dette landskapet og i denne klisjeen at TVNorge kjem køyrande i lilla buss.
Då eg såg «Få meg på», hadde eg ei særinteresse. Store delar av filmen er laga i kommunen der eg vaks opp. Ungdomshuset, der den fatale hendinga som skal skape drama i livet til Alma, stod i nabobygda. Vegen skulebussen køyrer, har eg køyrt tallause gonger.
Då eg var på Alma sin alder (16 år om tre månader), var eg alt i gang med pakkinga for å flytte til ein by. Den gongen hadde den største straffa eg kunne ha fått, vore å nekte meg det. Ikkje fordi det ikkje var ein strålande plass å vekse opp, men fordi ein, som Alma og dei andre, hadde ei kjensle av at impulsane var ein annan stad. Og så var det alle historier om mødrer, bestemødrer eller oldemødrer, som meir enn noko anna i verda ønskte seg utdanning, men som ikkje fekk det fordi det ikkje fanst pengar til slikt.
Den store heltinna til Alma, storesøster til Ingrid, har flytta på hybel i Oslo og bur i kollektiv. Alma haikar til hovudstaden og møter folk som høyrer på henne og ikkje ler av tankane hennar. Been there. Done that. Til og med haikinga med trailer.
Eg har altsåvakse opp i den verkelege Skoddeheimen, utan at det var særleg mykje skodde der. Og det er typisk for kommunen at medan andre stader går under i ungkarsproblematikk, så har Suldal laga industri med ungkarsfestivalen. Lenge før realityseriar var påtenkt, visste suldølen at det er lite som er så god underhaldning som desperasjon para med fest.
Eg kjenner att desperasjonen.
«Få meg på»skildrar på vittig vis det mest klaustrofobiske av alle bygdedyr: nabokona som sit bak gardina og noterer seg alt som skjer utanfor vindauget. Som er grensesteinen for kor moralen skal gå. Og filmen skildrar kva utfrysingsmekanismar som kan setjast i sving på ein liten plass. Teknikkane er ikkje verre enn på ein større plass, men har den bieffekten at ein ikkje fritt kan velje andre vener om ein først har falle utanfor.
Kven som set tonen i ei bygd er difor heilt avgjerande. To bygder tett i tett kan ha heilt ulike miljø. Der den eine er livgjevande og sterk, kan den andre vere nedbrytande. I nokre bygder kjem folk attende etter lang utdanning og brukar utdanninga si til å skape nytt liv. Det er desse bygdene som også får damene til å bli, er min teori.
I «Gøy pålandet» blir det sjølvsagt ikkje spekulert i kvifor damene har reist derfrå. På dei fire dagane jentene er i Audnedal kommune, får vi ikkje vite noko om haldningane til ungkarane. Ikkje kva verdiar dei har, kva dei er opptekne av eller tenkjer på. Agderfylka utmerkjer seg til dømes på landsbasis med å ha flest heimeverande kvinner. Kunne det ha vore ei interessant tilleggsopplysning for damene på tur?
Damene skyt med skarpt på blink, køyrer traktor og rally. Med unntak av han som baker lefse, ein aktivitet Silje frå Nesodden syns er veldig «schjedelig», er jentene heilt på gutane sin heimebane.
Det dei single mennene ønskjer seg til gjengjeld, er ei «snill» jente.
Det haddesjølvsagt ikkje blitt god reality om ein hadde blanda inn politikk og verdispørsmål, men dersom ordførarane i dei kvinnefattige kommunane verkeleg ønskjer seg fleire damer til bygda, vil eg tilrå dei å først sjå litt på «Gøy på landet». Så ta ein tur på kino.
Sei kva du meiner i kommentarfeltet under!
KOMMENTARER Våre regler