-
ARKIVTEIKNING: ØIVIND HOVLAND
Gud i kvit frakk
Kva om legen ikkje skjønar kva pasienten snakkar om?
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Les også:
KVART ÅR KJEM rundt 100 legar flyttande til Noreg. Dei kjem frå heile verda for å utføre legegjerning i landet langt mot nord.
Dei har god eller mindre god utdanning med seg frå eit medisinsk fakultet i Irak, Russland eller Balkan. Det er herfrå flesteparten av legane kjem.
- Forholdet mellom lege og pasient avheng av tillit
Men: I bagasjen manglar det gjerne kulturell kompetanse til å ta hand om psykiske lidingar og diffuse helseplager. Og det er det er mest av på legekontora, i tillegg til influensa.
Depresjonar, utmattingssyndrom, vondtar i kroppen, sjukdomsbilete utan tydelege karakteristika – alt dette skal kommuniserast til legen, som så skal fatte gode vedtak og vurdere kva tiltak som er rett for kvar enkelt pasient: Sjukmelding? Ein resept? Livsrettleiing? Tilvising til spesialist? Eller skal ein tilby MR-undersøking for å vere sikker?
Kva om legen ikkje skjønar kva pasienten snakkar om? Eller også ille, kva om legen ikkje forstår korleis norsk helsevesen er bygd opp?
HEILE ÉIN av fem fastlegar er innvandrarar, slo Statistisk sentralbyrå fast før jul. «Disse legene har lært medisin i én konkret sammenheng, som så plutselig skal anvendes i en helt annen. Det er ikke lett», seier Stefan Kutzsche. Han er lege i Oslo, og har vore formann for Utvalget for lisenssaker og utenlandsmedisinere.
I 2006 skreiv han masteroppgåve der han undersøkte korleis godkjenningssystemet utanlandslegane må gjennom fungerer i forhold til faglege og kulturelle krav. Han fann at legar utdanna i land utanfor EØS til dels har mangelfull innsikt i norsk kultur. I tillegg har dei språk- og kommunikasjonsproblem.
KUTZSCHE ER EIN av dei som har byrja å stille spørsmål ved om legane som kjem til Noreg får nok hjelp til å bli integrerte – ikkje berre ved å få jobb, men at dei får skikkelege verktøy til å utføre jobben med. Han er intervjua i siste nummer av «Journalen», Oslo Legeforenings tidsskrift. «Journalen» har via fleire artiklar til denne problemstillinga.
Her snakkar mellom anna generalsekretær i Norsk Pasientforening, Guro Birkeland, om si bekymring. Ho fryktar at Samhandlingsreforma vil gjere tilhøva verre fordi kommunane vil bli freista til å tilsetje ufaglærte for å fylle opp funksjonane som vil trengast.
FRÅ FØR VEIT vi at innvandrarane utgjer større del av fastlegane i dei minst sentrale kommunane. Dei har også oftare opne lister. Når stadig meir av behandlinga skal skje i kommunane, vil det stille endå større krav til den grunnleggjande kompetansen, både til språk og til den tause kunnskapen. Samhandlingsreforma vil truleg også leggje endå meir press på fastlegen sin portvaktarrolle inn til velferdsstaten. I tillegg til å vere der for pasienten, har legen også eit samfunnsoppdrag. Han og ho skal sikre samfunnsøkonomiske gode prioriteringar. Førebels står fastlegen aleine med alle desse avgjerdene. Statsministerens forsiktige forslag om å ta frå fastlegane sjukmeldingspraksisen, forsvann frå debatten før han hadde starta.
EI AV DEI som har sett på legens nær umoglege rolle, er forskar ved Rokkansenteret, Benedicte Carlsen. Då sjukelønsordninga var under eld i vinter, skreiv ho ein kronikk i Dagens Næringsliv saman med professor i økonomi ved UiO, Karine Nyborg. Tittelen var «Porten er åpen». Carlsen og Nyborg argumenterte for at legane ikkje er i stand til å skjøtte portvaktarrolla, fordi den står i strid med rolla som helbredar og reparatør. Forholdet mellom lege og pasient avheng av tillit fordi så mange diagnosar er basert på pasientens eigenopplevingar. Depresjonen viser ikkje igjen på blodprøven. Legen kan velje anten å tru på pasientens forteljingar, eller å trekkje den i tvil. Nyborg og Carlsen meinte at rollene står i så stor internt konflikt at portvaktarrolla i realiteten er umogleg.
DEI TOK IKKJE opp spørsmålet om den individuelle legens skjønn, og diskuterte heller ikkje legens bakgrunn i kronikken. I debatten rundt velferdsstatens grenser vil den kome til å sprengje seg fram. For dersom legen skal vere den allmektige Gud som kjem med syndeforlating (sjukmelding), må han og ho skulerast som gud. Elles må legen få hjelp til å setje grenser, stille krav og gjere tydelegare prioriteringar. Ikkje minst må ein vite at legen har skjøna oppdraget.
Fastlegens oppdrag er i dag stort og vidt: Ein lege skal ikkje berre lese symptom, han og ho skal fange opp tidlege teikn på risiko, behandle og velje gode strategiar som vil gagne både pasienten og samfunnet. Då er god forståing heilt essensielt.
«Korleis tenkjer du deg at ein konsultasjon bør vere?», spurte eg ein gong ein fastlege.
«Den må fungere som ein god samtale», svarte ho, og la til: «Dersom ein ikkje snakkar det same språket som pasienten, kan ein heller ikkje rekne med at han eller ho fortel kva dei eigentleg kom for».
Ho snakka ikkje om morsmål. Ho snakka om å kjenne pasienten. Ikkje berre for å kunne reparere, men for å førebyggje.
Synspunkt? Sei meninga di.
Les også
Siste fra Hilde Sandvik
- Éin av fem fastlegar i Noreg er innvandrar.
- Godt over halvparten av desse er fødde i EU/EØS-området.
- Innvandrarar utgjer ein større del av fastlegane i dei minst sentrale kommunane og har oftare opne lister.
- Det var totalt 3969 fastlegar registrert i Noreg i 2008.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
KOMMENTARER Våre regler