• HUSBYGGING: Fordi eit hus må byggjast nedanfrå og opp, ikkje ovanifrå og ned, som Tomas Espedal skriv, så må dei som vil vere med og byggje, handle medan det enno er tid. ARKIVFOTO: Roar Christiansen.

Eit viktig skritt vidare

Vil dei eigentleg ha litteraturhus? Med Tomas Espedal (i BT) og Erling Gjelsvik (i BA) er forfattarane endeleg på banen i diskusjonen om Litteraturhus i Bergen.

DET TOK TO ÅR før den viktigaste gruppa i eit mogleg litteraturhus, dei skrivande, ytra seg offentleg. På høg tid, men ikkje for seint. Spørsmåla dei stiller til prosessen, men først og fremst innhaldet eit slikt hus kan ha, er vel verdt å lytte til, om ein er samd eller ikkje.

Erling Gjelsvik ønskjer seg ein time-out, og styret i Litteraturhuset bør ta seg tid til å gi han svar: Vil Litteraturhuset, slik det er planlagt i Skostredet, blir ein for dyr husvert for Skrivekunstakademiet og Norsk Forfattersentrum? Og kor går smertegrensa for kva forfattarane kan vere med i spleiselag om?

HISTORIA OM NORSKE kulturhus er full av døme på for dyr betong som har utarma kunsten. Gjelsvik peikar i sin kommentar på Turnhallen som blei så dyr at Carte Blanche har slite med å tilsetje nok dansarar. Den som har vore i byen ei stund, hugsar gjerne kva som skjedde den gongen Røkeriet på USF skulle bli eige aktivitetshus. Ombygginga tok tre år. Prosjektet blei større og større til ein stod att med 1200 kvadratmeter å fylle - og mest ikkje pengar igjen til drift. Pengane hadde gått til entreprenørar og røyrleggjarar.

INSTITUSJONSBYGGING er ein viktig sport, men om institusjonen blir ståande tom og ubrukt, kjem forfallet raskt snikande - og dét om intensjonane har vore aldri så gode. Dersom ein skal få eit hus til å leve, må ein også ha folk og vilje, i tillegg til klare tankar om kva det skal fyllast med. Viss ikkje må ein la det vere.

Nettopp difor er det så viktig at Gjelsvik og Espedal formulerer så pass tydelege forventningar og spørsmål at det blir vanskeleg å la vere å svare.

Tomas Espedal er oppteken av det alt eksisterande litterære miljøet i byen, og meiner dagleg leiar, Kristin Helle-Valle, ikkje har invitert dei inn i prosessen undervegs.

Vil dei eigentleg ha litteraturhus?
Utan at dei skrivande i byen kjenner seg velkomne på eit Litteraturhus, vil både tanken og institusjonen rase saman som eit korthus. Espedal skildrar kva slags sterke krefter som finst i byen, frå fofattarutdaninga, via dei litterære tidsskrifta til litteraturvitskap på UiB. Dette er krinsar som er særs viktige for den skrivande allmenta, men som likevel er heilt usynlege for dei aller fleste, slik det ofte er med spisse kompetansemiljø. «Et godt litteraturhus bør legge forholdene til rette for god litteratur», skriv Espedal utan å konkretisere kva han meiner med god litteratur.

SPØRSMÅLET ER om det går an å sameine den - orsak ordet - smale litteratursalongen forfattaren skisserer, med noko som kan appellere til mange. Må det vere eit anten eller, slik Espedal ser ut til å meine? Eller er det grunnlag i Bergen for å skape eit hus der både studentar og forfattarar har råd til å gå, der litteraturen har gode kår - og der også dei med mykje pengar, «som vil menge seg med kulturmenneskene», som Espedal skriv, har lyst til å vere?

Til det siste: Kan det vere at folk med pengar også har genuin interesse for litteratur? Espedal stiller opp ei underleg motsetjing.

SLIKE ekskluderingsmekanismar er eit av dei tydelegaste kjenneteikna ved mindre byar. Bergen har mange små og sterke miljø med folk som heiar på kvarandre og slik gir einannan legitimitet. Mykje av suksessen til bergensbølgjene i musikk er sagt å vere internt samarbeid på tvers. Går ein under overflata er det motkrefter og usemje også her, usemje som sjeldan kjem til overflata fordi ein er redd for å framstå som «ein kranglefant», som ein kulturaktør sa til meg her om dagen.

Redsla for kranglefanteri er eit anna teikn på det småbyaktige. Difor kjem gjerne dei viktigaste innvendingane mot initiativ helst fram i dei lukka fora. Det seier også noko om kor sårbare dei ulike miljøa er.

DISKUSJONEN om lokalisering, leiarmodell, men først og fremst kva innhald Litteraturhuset i Bergen skal ha, kan difor ha pågått i to år utan at dei ein gong kan ha sveipt innom dei som først tok initiativet. Alle tener på at diskusjonane og kritikken kjem fram i dagen, og alle forslag, til modellar og samarbeid bør luftast. Kva tenkjer til dømes filmfolket, som torsdag hevda at den største utfordringa for filmproduksjonen i byen er mangel på gode manusforfattarar? Har dei snakka med styret i Litteraturhuset om sine ønskje, til dømes? Kor mykje snakkar filmskaparane med forfattarane? Og har forfattarane kome til stiftinga med sine innspel? Vil dei eigentleg ha litteraturhus?

DEI SOM TIL SJUANDE og sist skal løyve pengar til eit litteraturhus har alle desse trådane å ta omsyn til. Det er verken Trond Mohn, Palass Eiendom eller Colonialen som skal leggje premissane for kva eit Litteraturhus i Bergen kan bli. Og Stiftinga Litteraturhuset i Bergen kan kome til å slite kraftig om ho inngår avtalar om hus før drifta er sikra. Men nettopp fordi eit hus må byggjast nedanfrå og opp, ikkje ovanifrå og ned, som Tomas Espedal skriv, så må dei som vil vere med å byggje handle medan det enno er tid.



Kva tenkjer du om Hilde Sandvik sin kommentar i dag?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Hilde Sandvik

I lilla buss gjennom Skoddeheimen

Eg hadde tenkt å skrive noko lett og artig om TVNorge-serien «Gøy på landet». Så såg eg filmatiseringa av boka « Få meg på, for faen».

Vi som slår sprekker

Etter vantru, sjokk og sorg, treng ein tid til å summe seg. Men ein bør ikkje summe seg for lenge.

Når blir ord til handling?

Det spørs om ikkje tida no er inne for å ta et skikkelig oppgjer med anonyme nettdebattar.

Lensmannen hadde dessverre rett

Eg hugsar framleis kor sint eg blei første gongen eg såg den tidlegare Laksevåg-lensmannen Harald Andersen uttale seg om jenter og valdtekt.

Kulturengen

Koengen har etablert seg som kulturarena. Nå kan hele området bli rustet opp som byens nye kulturkraftsentrum.

Nav vere med deg

Etter fem år framstår mastodonten Nav framleis som vag og ullen. Eit gratistips er å byrje å svare for seg.