Eit liv som hund
innblikk
La oss håpe at teikninga av Muhammed gjer det betre som hund i ei svensk rundkøyring enn med ei bombe i turbanen.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
FREDAG KVELD SETTE nokre hundre sinte pakistanske islamistar fyr på ei dokke som skulle førestelle den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt. Dei hadde malt eit svensk flagg, for høvet i gult og grønt, på dei vaiande bannera stod teksten «Ned med Sverige», «Død over Larish».
«Larish» er den svenske kunstnaren og teorietikaren Lars Vilks. Den tidlegare professoren ved Kunsthøgskolen i Bergen kallar seg sjølv ein «outsider» og har vore i hardt ver før. I fjor gav han ut boka «Hur man blir samtidskonstnär på tre dager». Kunsten kan bli laga i ein kaffipause, det er tematikken som avgjer, meiner han. Nøkkelen til suksess er kva kunstverda til ei kvar tid trur på.
Det som skjer no er ei slags eksempelforteljing som Vilks kan bruke i si neste bok.
I SOMMAR SKULLE HAN delta på ei utstilling om hundar i Kunstforeningen på heimplassen Ulvsby. Vilks, som alltid er oppteken av kunstens grenser, teikna Muhammed som hund, ikkje ein kva som helst hund, men ein rundkøyringshund, eller «rondellhund», som det heiter på svensk.
«Rondellhunden» er eit nytt, men etter kvart kjent fenomen i Sverige. På foråret i fjor blei ein hundeskulptur i ei rundkjøring i Östgötland vandalisert og tatt bort for reparasjon. Før den opphavlege hunden var tilbake, hadde ei kunstgruppe som kallar seg «Akademi Vreta Kloster» plassert ein ny trehund der med eit kjøtbein av betong.
Hunden blei omtalt i lokalpressa, og snart byrja det å dukke opp hundar i rundkjøringar overalt i Sverige, frå Kiruna til Ystad. Til saman 54 hundar blei registrert i november. Avisa Expressen har til og med kåra den finaste.
Vilks vann ikkje (han har ei enorm utgåve av arten ståande i Trelleborg). No er han derimot i ferd med å vinne ein annan konkurranse, den som handlar om å få mest merksemd.
På teikninga hans, som går verda over, står ein tilforlateleg hund med Muhammeds hovud midt i ei rundkøyring.
«EIN RASIST ville aldri ha teikna Muhammed som ein rondellhund», seier Vilks sjølv. Rundkøyringshundane er koselege, dei er ein del av folkekunsten. Likevel blei biletet for sterkt for Kunstforeningen, og seinare for kunstskulen Gerlesborg i Bohuslän, der han underviste i sommar. Etter at det blei kjent har Vilks fått drapstrugsmål kvar dag. Aviser i Danmark og Sverige skriv om ei ny karikaturstrid. Men med mindre den svenske regjeringa gjer noko dumt, som å unnskylde Vilks eller nekte å snakke med potensielle diplomatar, kan denne historia bli noko heilt anna.
PÅ HEIMESIDA til Vilks - vilks.net - hevdar kunstnaren at det han ville var å teste ideen om at samtidskunsten ikkje har grenser. Grensa mot islam står fast, meiner han. Det har han testa tidlegare og, utan at det blei bråk av den grunn. På Vestfosen Kunstlaboratorium i Kongsberg har Vilks fleire teikningar av Muhammed hengande på utstillinga «Oh my god!» - utan at det har blitt verken flaggbrenning eller drapstrugsmål. Muhammed som hund blei det bråk av fordi nokon skreiv om det - og fordi karikaturstriden ligg som eit bakteppe som både media og enkelte muslimske grupper ser dei kan bruke til noko.
Medan karikaturstriden fekk eit djupt tragisk utfall der både politikarar og synsarar rota seg bort i fine ord om ytringsfridom, kan det vere at Vilks tilforlatelege hund kan få debatten inn på eit meir interessant spor som har meir skjær av komedie enn tragedie over seg.
DETTE SKJØNAR mellom anna svenske muslimar. Den svenske gruppa Sekulære muslimer i Sverige (SEMUS) har bestemt seg for å stille ut dei tre teikningane, trass i at initiativtakaren Hooman Anvari meiner teikningane er smaklause, meiner han det trengst for å få til ein nyansert debatt om ytringsfridom, religionsfridom og demokrati i Sverige.
Ei ung jente aktiv i Malmømoskeen skreiv at ho tykte teikninga til og med var litt søt.
Etter at Vilks blei utfordra av ein kommentator på at han aldri ville ha teikna ein jøde som gris, teikna han ei jødesugge - og fekk jødiske intellektuelle i Sverige bak seg. Denne historia kan unngå å bli ein tragedie fordi aktørane i mellomtida har fått tenkt seg om. Komedien ligg i reaksjonane til enkelte svenske kritikarar, som meiner hovudproblemet er at teikningane er dårlege. Hadde det blitt betre kunst med anna teknikk? Kva stil skulle han då ha valt? Hadde det vore betre med ein performance eller installasjon?
Vilks ville lage kunst av kunstens grenser. Han har mellom anna oppnådd å gjere Irans president til ein del av kunstverket sitt. «Det er sionistar som står bak», hevda president Ahmadinejad tysdag. Med å skrive denne kommentaren har eg blitt kunst, eg og.
Spørsmålet vi enno ikkje har fått svar på, er om denne kunsten er viktig.
KOMMENTARER Våre regler