Eg og mine fire menn
Midt under Ramadan har ein TV-komedie skapt bruduljer i Saudi-Arabia for å vise ei kvinne som giftar seg med fleire menn.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
DEN POPULÆRE TV-KOMEDIEN Tash Ma Tash har gått kvar Ramadan i 17 år, rett etter solnedgang. Serien er ein satire over det religiøst konservative saudiarabiske samfunnet. Difor er det også fleire sjeikar som har fordømt komedien for å vere i strid med islam - og for å gjere narr av - nettopp sjeikane. Sist laurdag skulle den få ei rekkje sjåarar til å setje kveldens første måltid i vrangstrupen. Særleg for saudiarabiske menn blei det ein hardare kveld enn dei var innstilt på.
HOVUDPERSONEN er ei kvinne som er blitt lei av mannen sin fordi han etter fem års ekteskap ikkje lenger bryr seg om korleis han ser ut. Sidan ho har råd til det, tek ho seg like godt ein mann til. No har ho fått blod på tann. Mann nummer tre kjem inn i biletet på rein trass. Så blir ho lei av saudiarabarar og giftar seg med ein syrisk mann. Når den femte kjem på tale, er det fordi ho vil føle seg ung igjen. For å få det til må ho skilje seg frå ein av dei sidan maksgrensa for fleirkoneri i Saudi-Arabia er fire. Sjalusidramaet bryt laus, men hovudpersonen sjølv lar seg ikkje affisere: Kvifor skal ikkje ho få oppføre seg akkurat som ein mann? Ho har både råd og psyke til det, seier ho.
Å SJÅ EI KVINNE oppføre seg som ein saudiarabisk mann, blei for hard kost, viste det seg. Dagen etter at episoden gjekk på lufta var nettsidene fulle av protestar. «Inga jente eller mann som kallar seg sann muslim kan ein gong tenkje på å gjere noko så billeg og hatefullt», skreiv ein nettdebattant. Den djupt religiøse sjeik Saad Al-Buraik varsla at han vil trekkje TV-produsenten for retten for å ha latterleggjort religionen.
FLEIRKONERI ER ein eldgammal, førreligiøs skikk fleire stader i verda. Framleis er det både kristne og muslimar som praktiserer polygami med grunnlag i skriftene. I fattigare samfunn har det også vore nødvendig for å sørgje for enkjer og farlause barn. Å gifte seg med fleire menn har likevel ikkje kome på tale. Det går difor i stå når rollene brått blir blanda.
«Ingenting er verre for ein saudiarabisk mann enn å framstille han som kvinne», skreiv bloggaren Saudiwoman dagen etter at episoden var sendt. «Vi er så underordna som kjønn at ein mann blir krenkt berre av tanken på å ta på seg kvinneklede». Å la ei kvinne oppføre seg som ein mann er endå verre.
KOMMENTARANE under bloggposten hennar tyder på at Saudiwoman har eit poeng. Ein nettdebattant skriv at det er så opplagt at kvinner ikkje kan ha fleire menn at han ikkje ein gong gidd å forklare kvifor.
Kanskje er grunnen til manglande argumentasjon at dette handlar om eit grunnleggjande syn på mannleg seksualitet som overlegen. I boka «Sex og religion» skriv religionsvitar Dag Øistein Endsjø at den tidlege muslimske diktaren Abu Nuwas og enkelte juristar frå Maliki-skulen (lovskule red. mrk.) meinte at det at muslimske menn penetrerte kristne og jødiske menn var ein måte å demonstrere islams suverenitet på; det var dermed å sjå på som plikt meir enn synd. Den som blei penetrert av ein muslimsk mann måtte underkaste seg.
Kvinnene som deltek i debatten rundt TV-komedien, slår attende. Kor fromt er det eigentleg å finne seg ei ung kone når ein er lei av den gamle? Dei minner om at javisst står det i Koranen at menn kan ta seg fleire koner, men at Muhammeds koner - med unntak av Aisha - var enkjer og eldre.
DEN KONTROVERSIELLE episoden av Tash Ma Tash byggjer på ein avisartikkel skriven av den egyptiske spaltisten Nadine Al-Budairs artikkel «Mine fire menn og eg». Artikkelen skapte furore då den kom på trykk i ei egyptisk avis i desember i fjor. Al-Budair ville vise menn korleis det er å vere i ei saudiarabisk kvinne sine sko. Dersom saudiarabiske menn vel fleirkoneri fordi dei kjedar seg, er seksuell utilfredstilte eller som ein måte å få ny start på livet, er det store sjansar for at kvinnene har det på same viset, hevda ho - og fyrte laus mot kritikarane: «Eg blir fortalt at eg som kvinne ikkje er fysisk i stand til å tilfredsstille meir enn ein mann. Mitt svar er at kvinner som er utru eller kvinner som sel sex, greier langt fleire».
MEDAN NRK feira femtiårsjubileum, synte altså saudiarabisk TV at det framleis er få medium som er så godt eigna til å rokke ved tabu som TV-satire. Diskusjonen som har byrja vil ikkje stoppe med det første. I mellomtida ropar kritikarane opp om feministisk propaganda og vestleg påverknad. Som ein anonym debattant skriv: «Vil du sjå eit skikkeleg matriarkalsk samfunn, søster, besøk gettoane i USA og Nord-Europa».
Fleire menn, anyone?
KOMMENTARER Våre regler