Ubehagelege spørsmål i Kabul

Når det kjem til stykket: Kor viktig er det eigentleg med desse rettane til afghanske kvinner?

DEN BRITISKE UTANRIKSMINISTEREN vrei seg ørlite i stolen der han sat på podiet i eit digert telt i Green Park, London. Ein journalist - kvinneleg, sjølvsagt - hadde akkurat spurt korleis det ville gå med rettane til afghanske kvinner, nå som det skulle forhandlast med Taliban.

Den store internasjonale konferansen om Afghanistan var akkurat over, og president Hamid Karzai var på veg heim med følgjet sitt; eit sekstitals ministrar, diplomatar og rådgjevarar. Alle menn.

Utanriksminister David Miliband var ikkje dummare enn at han var budd på spørsmålet: Han såg mot ei lita gruppe afghanske kvinner i salen, og sa at han hadde hatt eit godt møte med dei dagen før. Den afghanske grunnlova slår fast at kvinner og menn skal ha like rettar, og denne grunnlova skal forsvarast, lova Miliband. «Eg ser at damene nikkar», la han nøgd til.

Damene var alt anna enn nøgde. Afghanske kvinneorganisasjonar er engstelege for det som nå skjer: USA og resten av Vesten vil ut av Afghanistan, dess før dess heller. Eit Taliban-fond og avtaler med lokale maktfigurar skal leggje grunnlaget for nasjonal forsoning og fred. Dei tradisjonelle maktstrukturane i Afghanistan, med eldreråd og klanleiarar, skal lyttast til og brukast. Kva plass blir det til kvinnene oppe i dette lukka spelet?

ETTER 100 ÅR med internasjonal kvinnekamp har Taliban-styret vore sjølve skrekkeksemplet på undertrykking: Kvinner fekk ikkje arbeide utanfor heimen, fekk ikkje skulegang, skulle helst ikkje gå til legen (dei få legane som fanst, var nødvendigvis menn), og alle som ei måtte gå med burka.

Afghanske kvinner har vore gode å vise til når innsatsen i Afghanistan skal forsvarast, ikkje minst for den norske regjeringa. Dei har aldri vore spesielt komfortable med den eigentlege grunnen til at landet vart invadert; å jage Osama bin Laden og Taliban-hjelparane hans for å hindre meir terror. Marit Nybakk (Ap), som leia forsvarskomiteen på Stortinget, kalla det heller «ein frigjeringskrig for Afghanistans kvinner».

Mykje godt er gjort for afghanske kvinner dei siste åra: Seks gonger så mange barn går på skulen i dag som i 2001. 40 prosent av alle nye skuleungar i 2007 var jenter. Talet på jordmødrer er femdobla, ei av fire kvinner får faglært hjelp når dei føder. Færre døyr i barsel - sjølv om landet framleis ligg heilt i toppen av statistikken for barseldød, blant anna fordi meir enn halvparten av jentene blir gifta bort før dei fyller 16.


MANGE KVINNER er attende i yrkeslivet, i alle fall i byane, og dei deltek i politikken. Grunnlova, utforma med god hjelp frå Vesten, seier at minst to parlamentarikarar frå kvar provins skal vere kvinner. Det har gitt Afghanistan meir enn 25 prosent kvinner i parlamentet.

Spørsmålet er om framstega blir varige. Torunn Wimpelmann Chaudhary frå Chr. Michelsens Institutt (CMI) har budd i Kabul det siste året, der ho forskar på det nye lovverket som skal verne afghanske kvinner mot vald og overgrep.

Ho teiknar eit heller dystert bilete av utviklinga: I parlamentet har dei konservative kreftene fått større makt. Å snakke om vestlege påfunn som menneskeretts- og kvinnekonvensjonar der, er nærast politisk sjølvmord. Lovreformer går trått. Den sterkt kvinnediskriminerande lova for sjiamuslimar som vart vedteken i fjor er justert, men framleis problematisk.

Den nye regjeringa til presidenten er full av menn med lite sans for kvinnefrigjering. Av dei kvinnelege regjeringskandidatane som Karzai har presentert (regjeringa er ennå ikkje fylt opp), har parlamentet avvist alle så nær som ei.

- Det er ei kjensle av at mykje hender nå, og at det foregår bak lukka dører. Mange er redde for at rettane deira skal bli forhandla vekk på bakromma, seier Wimpelmann Chaudhary.

KVINNERØRSLA i landet er veik. Dei har fått mykje hjelp frå ambassadar og hjelpeorganisasjonar, og det manglar ikkje på workshops og kapasitetsbyggingsprogram. CMI-forskaren meiner flaumen av utanlandske pengar på mange måtar har vore til skade.

- Alle bistandspengane har skapt konkurranse mellom organisasjonane, snarare enn brei mobilisering og samling om felles mål. Bistanden går gjerne til folk som snakkar godt engelsk, skriv fine rapportar og seier det donorane vil høyre. Konkurranselogikken har ramma kvinnerørsla særleg hardt, fordi det er så få godt utdanna kvinner her, seier Wimpelmann Chaudhary.

DEI MED MAKT i Afghanistan i dag har aldri brydd seg større om kvinnenes rettar. Samfunnet er tradisjonelt mannsdominert, reformer for å gje jenter skulegang og større fridom på 70-talet møtte fleire stader sterk folkeleg motstand.

Under krigen mot Sovjetunionen var det dei som var flinkast til å drepe russarar som fekk Vestens støtte i Afghanistan. Kva desse meinte om demokrati og kvinner, var heilt uinteressant. Brutale figurar vart bygde opp og løfta fram, figurar som den dag i dag er heilt sentrale i afghansk politikk - somme som opprørarar, andre som allierte av president Karzai.

Ingen vestlege politikarar vil sjølvsagt vedgå at kvinners rettar i Afghanistan kanskje snart må vike for meir presserande omsyn. Men ikkje alle kjenner seg trygge på at ikkje noko av det same kan skje igjen: At dei i Afghanistan som er opptekne av menneskerettar må stå utanfor, medan dei med våpen og makt gjer opp rekninga på bakrommet.

Det kan kanskje gje noko som liknar såpass mykje på fred at Vesten kan byrje å trekkje seg ut. Men for afghanske kvinner vil det ikkje vere godt nytt.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Eystein Røssum