Hardingfelesenteret må liggja i Hardanger
Det kan minna om ressursøyding dersom Hardanger og Telemark no skal «slåst» om å få eit nasjonalt hardingfelesenter.
AV: jan h. landro
AT TIDA ER INNE til å skipa eit slikt senter, kan det knapt rå nokon tvil om. Og endå om både hardingfelespel og felebygging har ein stolt tradisjon også i Telemark, og framleis lever godt der, er det berre Hardanger som retteleg kan gjera krav på eit nasjonalt hardingfelesenter. Namnet fortel kor dette instrumentet har arnestaden sin, og i Hardanger kan ein visa til ein samanhengande tradisjon som jamvel ikkje telene kan gjera rangen stridig.
Før hardingar og teler ryk i tottane på kvarandre, må kulturministeren overtydast om at eit slikt senter er noko landet treng. Då vert det sjølvsagt eit budsjettspørsmål, og så i neste runde kjem det an på kva og kor mykje det vert søkt om og kor god grunngjevinga er. Førebels har ikkje regjeringa signalisert nemnande interesse for eit nasjonalt hardingfelesenter. Men Unesco-konvensjonen av 2003 om vern av ikkje-materiell kulturarv seier at den skal verna slike kulturuttrykk og synleggjera og sikra respekt og anerkjenning for berørte samfunnsgrupper og enkeltpersonar sin ikkje-materielle kultur. Denne konvensjonen ratifiserte Noreg i januar 2007, og no er det tid for å følgja opp på folkemusikkområdet. Rett nok har vi fått ein Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans i Oslo, men der går drifta berre så måteleg og besøket har vore lågt. Dessutan er riksscena berre tenkt å vera ein nasjonal møteplass for publikum og aktørar innanfor sektoren, medan eit hardingfelesenter må ha langt fleire funksjonar. Noko som gjer heile hardingfeletradisjonen ekstra "verneverdig", er at dette instrumentet er utvikla av "vanlege folk", og at det har tatt fleire hundre år å gjera fela til det vakre instrumentet ho er i dag.
DET ER IKKJE BERRE slik at Hardanger har gitt namn til hardingfela; tilknytinga til Hardanger går òg som ein raud tråd gjennom heile felesoga. Det var her felebygginga tok til, herfrå kom dei første spelemennene og i dette området kan ein visa til ein samanhengande tradisjon med omsyn til felebygging og felespel. Opphavet til instrumentet kan vera uvisst, men den eldste hardingfela vi kjenner har innskrifta "Ole Jon Sen Jaastad 1651", og lensmann Jaastad var frå Ullensvang i Hardanger. Dei første felemakarane vi har skriftlege kjelder om, var likeins hardingar. Dei heldt til inst inne i Fyksesundet, i Botnen, der det i fleire generasjonar vart laga framifrå feler – Botnafelene, som framleis vert rekna til det ypparste vi har av slike instrument. Det var også her vest den første hardingfeleslåtten vart skriven ned med notar, i Fana i 1695.
Det er altså både ein handverkartradisjon og ein høgst levande musikktradisjon som må ivaretakast og førast vidare med grunnlag i eit nasjonalt senter. Her kan forsking, historieskriving, felebygging og konsertverksemd gå hand i hand.
HISTORISK ligg alt til rette for å lokalisera eit slikt senter her vest, og Hardanger og Voss Museum på Utne peikar seg naturleg ut om det no er slik at departementet berre vil gje støtte til eitt senter dersom det er knytt til eit museum. Her har dei den mest komplette felesamlinga i landet, folkemusikkarkiv, felemakarverkstad og to fylkesmusikarar knytt til museet. Institusjonar som Ole Bull Akademiet på Voss med hardingfeleutdanning like opp til mastergrad og Grieg Akademiet i Bergen, med Arne Bjørndals samling, må vera viktige medspelarar i det vidare arbeidet.
I HORDALAND Fylkeskommune sin Regional plan for museum 2011 – 2015, som no er ute til høyring, står etablering av eit hardingfelesenter mellom dei prioriterte oppgåvene. Eit forprosjekt skal utreia innhald, omfang og i kva grad det skal investerast i fysiske anlegg. Forprosjektet skal også vurdera om eit slikt senter skal ha ei museumsfagleg forankring, eller om hovudvekt skal liggja på kunstutøving og tradering av kunnskap. Dersom ein nærer nasjonale ambisjonar, bør det ikkje bli eit anten-eller, men både-og.
I museumsplanen er gjennomføringsperioden sett til 2012 – 2014. Men skal dette få nasjonal status, er det rimeleg å rekna med ein noko lengre tidshorisont.
For om lag eit år sidan vart det kommuneeigde Norsk Hardingfelesenter formelt skipa i Bø i Telemark. Då hadde ei prosjektgruppe arbeidd med saka i tre år. Det har òg vore kontakt med Kulturdepartementet, og telemarksbenken på Stortinget er involvert. Dessutan har senteret knytt til seg fleire samarbeidspartnarar, m.a. Kulturrådet og Telemark fylkeskommune. Telene har altså skaffa seg eit forsprang og speler både på Myllarguten og Telemarksfela. Her i fylket søkte Hardanger og Voss Museum i fjor fylkeskommunen om løyving frå Kulturelt utviklingsprogram (KUP) til å byggja opp eit nasjonalt hardingfelesenter, men politikarane sa nei.
KAN HENDE kjem dei på andre tankar etter kvart, for fylkesordføraren ivrar no sterkt for eit slikt senter. Men overfor staten gjeld det å tala med ei tunge. Fredag var statssekretær Lubna Jaffery i møte med representantar for fylket og museet. Ho meiner at både Hordaland og Bø treng konkretisera planane sine før dei ber departementet om pengar.
Er du enig? Syng ut i kommentarfeltet under.
Les også
Siste fra Jan H. Landro
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler