Velferdsstaten på pinebenken
Mangel på politisk evne, og mot til å setja grenser for den offentlege velferda er eit sentralt emne i ei ny bok om velferdsstaten, skriv journalist Asbjørn Kristoffersen.
Publisert:
Oppdatert:
ASBJØRN KRISTOFFERSEN
«Velferdsstatens førstehjelpansatte er blitt dens gisler», heiter det i boka Ve l ferd utan grenser - Den norske velferd s staten ved veiskillet. Det er ikkje berre sjukepleiarane, hjelpepleiarane, lærarane, førskulelærarane, politifolka og alle dei andre frontsoldatane som er påført denne gisselfunksjonen. Kommunane, dei viktigaste velferdsprodusentane, er fråtekne evna til å oppfylla statens krav, hevdar forfattaren, Harald Vike.
Harald Vike er sosialantropolog, og det er dette faglege perspektivet som særmerkjer boka. Hans analyse byggjer for ein stor del på den folkelege basisen for velferdsstaten, og den faktiske produksjonen av velferdstenestene.
Staten som ven
Staten er din ven, uttala tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland. Dei nordiske landa er kanskje dei einaste i verda som har utvikla ein statsmodell som av mange, truleg dei fleste innbyggjarane, blir oppfatta som ein pålitelege, velviljug institusjon.
Staten har ikkje berre spunne eit finmaska tryggingsnett under alle landets innbyggjarar, staten har langt på veg gjort oss uavhengige av familien, samfunnet er de-familisert.
- På mange område i livet stiller vi langt større krav til staten enn vi gjer til vår eigen familie, våre eigne vener og friviljuge samanslutningar vi elles er medlem av, seier Harald Vike
Når velferdsstaten forvitrar, får det derfor store konsekvensar. Forvitringa kjem til syne i mest alle kommunebudsjett. Og ho er uunngåeleg, ifølgje forfattaren. Om velferdsstaten skal takast bokstaveleg, er han urealistisk, seier han. Velferdsstaten er utan grenser, så omfattande, så upresist definert, så forpliktande og så prega av ein sjølvforsterkande tendens at han knapt let seg handtera. Og den reelle viljen til å betala kostnadene, er knapt til stades lenger.
Ansvarsoppsmuldring
Problemet er ikkje mangel på politisk oppslutning. Tvert om, alle politiske parti kappar om dela ut goder. Samtidig med forvitringa er velferdsstaten i ekspansjon, med stadig nye skippartak, så som den nye psykiatrisatsinga. Men det er berre rikspolitikarane som kan tillata seg ein slik generøsitet. Halvard Vike meiner rikspolitikarane veit å skyva ansvaret for forvaltninga av velferdsgoda frå seg, og avgrensa dei økonomiske konsekvensane for staten gjennom krav om budsjettdisiplin hos dei utøvande etatane og styresmaktene. Nye forvaltningsmodellar for statlege føretak gjer at desse foretaka også kan avgrensa ansvaret sitt. Att i fella sit så kommunane, den einaste instansen som ikkje kan seia nei til å ta seg av dei mest hjelpetrengande.
Det er i kommunane forvitringa av velferdsstaten er mest merkande. Kommunane har mist si tidlegare nokså frie stilling og sin posisjon som pådrivarar i utbygginga av velferdssamfunnet. Velferdsekspansjonen fram til 1970/80 var i ein viss forstand eit lokalt prosjekt. Etter den tida er kommunen blitt meir og meir oppdragsutøvarar for staten, hevdar forfattaren.
Stadig fleire grupper blir definert som svake, staten utdeler veljargarantiar og står som kontrollør av kvaliteten på tenestene, men kommunane greier ikkje å oppfylla krava. Eit stort tal kommunar er sette under statleg forvaltning gjennom fylkesmannen. Den sentrale staten trugar ikkje berre kommunane si evne til å ta seg av dei oppgåvene dei er sette til å løysa, staten trugar også legitimiteten til kommunane, meiner Harald Vike.
Robust
Hittil har velferdsstaten vist seg svært robust. Kommunane har strekt seg lenger enn fellen rekk, og «frontsoldatane», framfor alt kvinnene i omsorgsyrke, har gjort meir enn ein vanleg arbeidsgjevar kunne forventa. Men det historiske partnarskapet mellom dei styrande organa og velferdsstatens grasrotnivå er i ferd med å bryta saman. Velferdsstaten byggjer på ei spesielt sterk form for «naiv» tillit, heiter det i boka. Forfattaren meiner det er tvilsamt at velferdsstaten vil overleva i dagens form dersom stadig fleire på grasrotnivået tek til å orientera seg i retning av sine eigne interesser, blir individuelt rasjonelle og ser at tilliten deira er «naiv».
I så fall er det ikkje sikkert det blir særleg innsparingar å henta ved omorganiseringa, modernisering og konkurranseutsetjing. Halvard Vike meiner å kunna påvisa at kostnadene blir store, at effekten ikkje er etterprøvd godt nok, og at tillit er ein form for kapital som det kan bli dyrt å forlisa. Det viser blant anna røynslene frå Storbritannia og New Zealand, som har vore føregangsland i frislepp av velferdstenester.
Harald Vike meiner norske rikspolitikarar står overfor tre val. Dei kan avgrensa velferdsstaten politisk, med referanse til felles verdiar som rettferd og likskap. Dei kan ta på alvor dei økonomiske kostnadene statens ansvar medfører. Eller dei kan flytta velferdsytingane ut av den politiske sfæren og gradvis byggja dei ned gjennom privatisering, med pulverisering av fellesgodene som konsekvens.

Les også
Siste fra kommentar
Asbjørn Kristoffersen
Kommentator i BT. Skriv om Bergen, Vestlandet og norsk politikk, gjerne med ein fot i strilekulturen.
Relaterte bilder
FRONTSOLDATAR: Lærarar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper i velferdsstartens frontlinetenste er blitt gislar for rikspolitikarane, meiner Harald Vike. Martha Rødde underviser på Teinå skole i Stavanger. <p/> ARKIVFOTO: STAVANGER AFTENBLAD.