Vestlandsk avmakt
Det folkelege opprøret mot hardangermastene er det ikkje mykje att av. Men den underliggjande kjensla av å bli overkøyrd av oslomakta er ikkje svekka.
AV: asbjørn kristoffersen
IKKJE EIN GONG i Årdal kan Arbeidarpartiet kjenna seg trygg lenger, seier ein utvandra årdøl. I Vestlandets sikraste arbeidarpartibastion er det den utrygge framtida for lokalsjukehuset i Lærdal som kan velta partilasset. Andre stader er det andre saker, som har til felles at vestlendingar meiner at staten neglisjerer eller overser deira interesser.
STATEN «vann» mastesaka i Hardanger. Staten måtte vinna, slik Arbeidarpartiet, med Senterpartiet på slep, definerer samfunnsinteressene. Statnett og Norges Vassdrags- og Energidirektorat må vita best, så lenge teknokratiet sit i førarsetet. Det forunderlege var ikkje det siste og endelege vedtaket om masteframføring, det oppsiktsvekkjande var styrken i protestane då det første vedtaket vart fatta i fjor sommar.
Den lokale motstanden mot hardangermastene, med tilslutning frå klassiske naturverninteresser, vart styrkja av manglande kvalitet i avgjerdsgrunnlaget. Korkje Statnett, NVE eller statsråden fann grunn til å oppfylla rimelege krav til saksutgreiing, og det var etter måten lett å påvisa denne svikten. Statsorgana leverte heller ikkje overtydande argumentasjon for hastverket med å sikra nok kraft til Bergen, eller for at hardangermastene var einaste farbare vegen for å hindra mørklegging av landets nest største by. Mastemotstanden fekk nøring av saksbehandlararrogansen.
DET SOM VAR KLART, var at Hardanger måtte avstå sine naturgode utan å få noko att for det, bortsett frå at statsråden lova 100 millionar kroner som plaster på masteskogen. Hardanger har frå før fullt opp både av kraftverk og master, men dette er anlegg som har tilført regionen arbeidsplassar. Mangelen på eiganytte gav motstandarane endå meir ved på bålet.
Etter kvart vart det også påvist at det ikkje er Bergen, men elektrifiseringa av oljeindustrien på land og til havs, som dreg av med storparten av dei auka kraftmengdene som skal førast fram til bergensregionen. Sett på spissen: Vestlandet må betala for folkedansen kring Oljefondet. Mastemotstanden nådde slike høgder at det ei stund såg ut som Arbeidarpartiet på Vestlandet ville enda som ein rykande ruin.
SLIKE BÅL må brenna ut. Den mest effektive motelden var som alltid å splitta motstandarane. Først ved å vedgå feilgrepa i første speleomgang, og oppnemna nye ekspertgrupper. Dermed kunne prisen for master setjast opp mot prisen for kabel, og slik kunne det bli eldreomsorg mot sjøkabel. Dernest ved å gje innpass i regjerings- og kabelapparatet for dei lokale motstandarane i Arbeidarpartiet i Hordaland.
Dei meir forretningsmessige miljøvernorganisasjonane tok oppgåva med å setja Hardanger opp mot klimaet og resten av verda. Samtidig auka skepsisen mot dei naturinngrepa sjøkabel ville medføra, medan aksepten for master voks: Var dei nye mastene så øydeleggjande for Hardanger som motstandarane hevda? NVE hyrte sin eigen propagandist for å overtyda teknologiromantikarane om dei visuelle verdiane av kraftmaster.
ARBEIDARPARTIET i Hordaland gjekk over til Jens Stoltenbergs line, Eidfjord kommune melde seg ut av motstandarrekkjene. Staten vann, slik staten måtte.
Les også
Men motstandsbålet er ikkje heilt sløkt. Det skuldast ikkje berre ungdomane i Granvin og andre som har varsla sivil ulydnad mot mastene. Hardangersaka gjev framleis mange vestlendingar ei kjensle av å ha blitt overkøyrde. Den kjensla kjem truleg til å bli forsterka av neste mastesak, i det opne terrenget mellom Kollsnes og Mongstad. I dette terrenget er jamvel BKK, som kraftleverandør blitt overkøyrd av NVE, og all motstand vil truleg bli høvla ned av regjeringa.
ULMINGA I MASTEBÅLET har heile tida blitt forsterka av andre saker der vestlendingane føler seg overkøyrde: Mangelen på beredskap og interesse på sentralt hald i Vest-Tank-ulukka i Gulen og sjukehussaka. Glideflukta på Mongstad. Ubåten med kvikksølvlast som ligg som ei potensiell miljøkatastrofe utanfor Fedje er ved til bålet.
Det same er skeivfordelinga i bompengebetalingar og manglande statlege samferdsleløyvingar.
Tidlegare Arbeidarparti-sekretær Raymond Johansen lova i fjor ein ekstraordinær innsats for å vinna att Vestlandet for partiet. Mastesaka i Hardanger er inga vinnarsak.
Enig med forfatteren? Bruk kommentarfeltet under!
Les også
Siste fra Asbjørn Kristoffersen
Relaterte bilder
STATEN - HARDANGER 1 - 0: Staten måtte vinna, slik Arbeidarpartiet, med Senterpartiet på slep, definerer samfunnsinteressene, skriv artikkelforfattaren. ARKIVFOTO: RUNE BERENTSEN
KOMMENTARER Våre regler