Velgjerarbyen

Svært mange av Bergens institusjonar er heilt eller delvis bygde på gåver, og det er oppretta eit utal legat til støtte for utdanning og andre føremål.

Bergensk gjevarglede kan truleg delvis forklarast med den lange avstanden til hovudstaden, men også med at byen var borgarskapets og patriotismens høgborg, ein handelsby meir enn ein administrasjonsby. Også som mesenar – velgjerarar – vart bergensarane nokke for seg sjøl.

I ETTERKRIGSTIDA vart staten den store velgjerar. Den private gjevargleda dabba av, og mange gamle legat tapte sine føremål. Med Trond Mohn kom eit markert vendepunkt. Industrimannen vart den som framfor nokon strøydde om seg med milde gåver, til idrett, forsking og sosiale føremål.

No har Aud Jebsen og sønene hennar slutta seg til Christian Michelsen, Lauritz Philip Meltzer og Trond Mohn i rekkja av Bergens mest framståande donatorar til vitskaplege føremål. Men Jebsen-familien driv ikkje institusjonsbygging; dei 800 millionane Aud Jebsen har gjeve bort, skal vera oppbrukte innan 30, eventuelt 40 år.

STORE DONATORAR ønskjer gjerne å etablera eit varig minne. Det inneber som regel eit mål om å halda kjernekapitalen intakt, helst slik at han aukar. Det meste av avkastinga kan då brukast til dei gode føremåla. Jebsen-familien har valt eit kortare tidsperspektiv.

- Ein generasjon er lenge nok, seier Hans Peter Jebsen.

- Kva som skjer etter 30 år, kan vi ikkje vita noko om.

Dette valet gjev mykje større økonomisk armslag enn om berre avkastinga skulle bli tildelt forskarane. Når alle midlane er tildelte, må anten Kristian Gerhard Jebsens stiftelse leggjast ned, eller det må tilførast ny kapital.

SÅ LENGE DET ER noko att av Aud Jebsens tidlegare aksjepost og hennar andre gåver, får familien stor innverknad på dei utvalde forskingsmiljøa. Det er dessutan sett ei ramme på fire år for kor lenge tildelinga til eit prosjekt kan vara. Tanken er at pengebruken skal vera mest mogleg fleksibel.

Målet er å kopla nasjonale forskingsmiljø opp mot internasjonale miljø, og fremja overgangen mellom forsking og bruk av forskingsresultata, såkalla transmisjon. Slike perspektiv står då også godt til familien Jebsens forretningsmessige filosofi.

Eigarane av Kristian Gerhard Jebsen Skipsrederi har halde ei svært låg, privat profil. Det har ikkje vore til hinder for at dei har opparbeidd ei av landets største familieformuar. Profesjonaliteten og ambisjonane tek dei med seg inn i forskingsmiljøa. Møtet med forskarane kan gje spennande resultat.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.