Trollet frå Ulvik
- MAMMA, MAMMA, det ligg ein fylkesmann under senga mi!
AV: asbjørn kristoffersen
- MAMMA, MAMMA, det ligg ein fylkesmann under senga mi!
- Så, så, kjære, vene Harald Hove, vesle kulturbyråden min, det er sikkert berre eit vanleg arbeidarpartitroll. Ruth Grung prøver vel å skremma vatnet av deg, som vanleg.
- Men trollet snakkar ikkje bergensk, mamma, det snakkar nesten som ein sunnmøring som skal selja stressless til arbeidsminister Hanne Bjurstrøm. Ho som har så god smak at alle trur ho er høgredame, veit du.
- Vel, alle troll snakkar jo ikkje bergensk. Du skulle berre høyrt korleis dei snakkar på fylkestinget i Hordaland, du! Det er du jo for liten til, heldigvis.
- Men det som er under senga mi seier Lars Sponheim heile tida. Lars Sponheim et parkeringsplassar til frukost og strandplanar til lunsj, seier det, og så smattar det og rapar det. Og det har berre eitt hovud, med masse buster.
- DÅ FORSTÅR EG godt at du blir redd, men det er nok berre eit mareritt, venen min.
- Er alle fylkesmenn farlege, mamma?
- Dei var ikkje farlege før i tida, den gongen Erna Solberg styrde dei. Den gongen var det nesten ingen som visste at det var noko som heitte fylkesmenn, langt mindre kva dei heitte. Den gongen var det til og med høgrefolk som vart fylkesmenn.
- Kvifor er fylkesmenn blitt så farlege no, då?
- Fordi Erna Solberg er blitt meir glad i menneske enn i milliardar. Den gongen ho var mest glad i milliardane, måtte ho ha fylkesmenn til å passa på at kommunane vart så fattige at dei måtte slå seg saman med andre kommunar. Då ho fann ut at det gav større politisk profitt å elska menneske, måtte ho ta eit oppgjer med fylkesmenn som diskriminerer dei som elskar naust.
- LARS SPONHEIM seier at eg er pubertal. Kva betyr pubertal, mamma, har det noko med naust å gjera?
- Neimen Harald, då, du brende vel ikkje framandordbøkene også den gongen du laga bokbål av nynorskgrammatikken, den gongen du var med i Minste Bukkane Høgre? Du skal berre vera glad til at Lars Sponheim snakkar som ein Lars Sponheim. Lars Sponheim er det beste trollet Den Største Bukken Høgre kunne ynskja seg. Når ho skal til Regjeringsbygget og gjera seg feit, kjem ho til å stanga han utfor den øvste balkongen i Statens Hus i Nonneseterkvartalet. Ho kjem til å stanga han heile vegen inn til Ulvik og langt opp på Hardangervidda. Han vil aldri kunna seia noko meir enn mæ-mæ-lille lam etter at den Største Bukken Bruse er ferdig med han.
- Og då kan Bergen bli eige fylke, utan fylkesmann?
- Då skal Bergen bli ein Hansastad, nett som i dansketida, kjære kulturbyråden min. Då kan vi parkera kor vi vil. Alle som vil kan byggja naust på Torget. Og Erna skal få eigen ambassade på Minde, med diplomatvogn på Bybanen.
- Mamma, mamma, no er det er ikkje nokon fylkesmann under senga mi lenger. No gler eg meg til å drøyma om Lars Sponheim.
Og kva tenkjer du om trollet frå Ulvik?
Les også
Siste fra Asbjørn Kristoffersen
Relaterte bilder
Fylkesmann og troll
KOMMENTARER Våre regler