Teater på kvart hjørne

Skal Tanks skole bli nytt hus for Hordaland Teater? Svaret bør bli nei. Det må vera rom for sambruk av alle dei scenene som alt finst eller er planlagde i Bergen sentrum.

- Det må vera aktiviteten, ikkje bygningen, som tel mest.
NATURLEGVIS vil Hordaland Teater til Bergen sentrum. Å halda hus på Stend, langt uti suburbia, er politisk kvakksalveri. Same logikken som har avfødd skulebygningar og sjukehus i utmarka. Einaste føremålet var at korkje den eine eller den andre byen eller bygda skulle vinna lokaliseringskampen. Ettersom fylkestinget ikkje har vågemot til å flytta Hordaland Teater til Voss, må det få ny adresse i Bergen sentrum. Men eige teaterhus bør det greia seg utan.

VAR DET PÅ 70-TALET Bergen ikkje hadde stort anna enn Den Nationale Scene, Konsertpaleet, pluss amatørframsyningar og kaffislabberas? Kor mange teaterhus er det bruk for i Bergen i vår tid?

Dei første nykomarane på den felles prioriteringslista til dei bergenske kulturinstitusjonane er den nye hallen på USF på Verftet, deretter BITs gjenreiste Ekserserhus på Nøstet, og så står Vestlandske Teaterlags barneteater på Møhlenpris i køen. Meir i det blå er ønskjet om eit opera- og musikkspelhus på ei enno uviss tomt i sentrum. I eit endå meir uvisst årstal.

SJØLV MED NYE KULTURHUS på kvart nes i Kongeriket, tek det tid å skaffa offentlege løyvingar til så mange og store byggje- og driftsbudsjett i Bergen. Eige hus for Hordaland Teater må koma så langt ute i leksa at det ikkje kan har noko å seia for ønskjet om å koma seg bort frå Fana.

Litt mindre plunder har det vore med framveksten av dei kommersielle og meir eller mindre offentleg finansierte scenene: Ole Bull, Ricks, Logen, Salem i den tidlegare Turnhallen, Forum i den gamle kinobygningen, Peer Gynt-salen i Grieghallen, Røykeriet på Verftet, Kvarteret til studentane. Dessutan finst det ei rekkje mindre scener i hotell og restaurantar, på institusjonar og i lagshus. Dei aller største arrangementa føregår i Vestlandshallen, på Koengen eller på Stadion.

SCENEKUNST OG TIDTRØYTE er ei vekstnæring. Nokre har gått med i historias dragsug. Teatergarasjen, som skapt til nyurban teaterindustri, er jamna med jorda. Danseteatret i Turnhallen er blitt til Salem. Investorar ser plass for ytterlegare ekspansjon Eitt av framlegga er å byggja om Sentralbadet på Nøstet til sceneføremål.

Kommunen har ein finger på rattet som regulerings- og løyvestyresmakt når private vil investera, men slepp som regel ta nokon økonomisk risiko. Risikosport blir det først nå offentlege eller halvoffentlege kulturinstitusjonar melder store, nye innhogg i løyvingane til investering og drift. Som Hordaland Teater. Full omkalfatring eller riving av Tanks skole for å laga nytt teaterhus vil kosta mange titals millionar kroner og gje høge driftskostnader.

At fylkeskommunen både eig skulebygningen og driv Hordaland Teater, at det er bondens hest og bondens havre, kan ikkje styra slike samrører. Dei reelle økonomiske kostnadene, den politiske prioriteringa av behovet for teaterhus og konsekvensane for resten av kulturbudsjetta må vera avgjerande.

HORDALAND TEATER bør ta lærdom av Nye Carte Blanche: Ballettkompaniet fekk pengar til større kunstnarleg armslag då det vart kvitt den dyre leigekontrakten i Danseteateret i Turnhallen og flytta til vesentleg meir smålåtne lokale på Verftet. Skulle ikkje Hordaland Teater også vera eit turneensemble, om ikkje i nett same gate som Nye Carte Blanche?

Teateret treng ein stad å vera, men som eitt av fleire teaterkompani i Bergen sentrum må det ikkje vera i eige hus. Det må vera aktiviteten, ikkje bygningen, som tel mest, så lenge tilgangen til scener er like god som når Stend-teatret tidlegare har gjesta sentrum.

Samarbeidsprosjektet Kultur Vest AS er godt i gang med å skaffa felles lokale til verkstader, prøverom og lager for kulturinstitusjonane i Bergen. Det er rette vegen å gå, både for å avlasta institusjonane og - ikkje minst - for å spara pengar. Det vil også koma Hordaland Teater til gode.

Om Hordaland Teater absolutt må ha eit byngingsmonument, kan det flytta inn i det nye, flotte kulturhuset i kulturbygda Voss. Det kunne gje grobotn for eit minst like nyskapande teatermiljø som i Bergen sentrum.

Tanks skole, den slitne og skakke skulebygningen, bør brukast til noko han eignar seg til, utan riving. Det ville vera å ta vare på verdiane.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.