Politiet sine blindebukkar

kommentar

Kunne ein seriemordar gå laus i bergensdistriktet utan at det eine lensmannskontoret visste kva det andre gjorde?

Les også:

Kunne internasjonal, organisert kriminalitet unnsloppe etterforsking ved å skifta operasjonsområde frå Åsane til Fana? Eller er serieovergrep mot barn eit unnatak i politiets blindebukkmanøvrar?

Jakta på Lommemannen har avdekt grov svikt i samordninga av etterforsking på tvers av politidistrikta. Til og med i Hordaland fylke er det avdekt interne etterforskingsbarrierer.

Spesialeininga for politisaker må ta på alvor dei spørsmåla Bergens Tidende reiser om etterforskingsmetodar i Lommemannen-saka. Svara på desse spørsmåla er viktige for å gjenoppretta tillita til etaten, og for ei naudsynt reform.

Den viktigaste grunngjevinga for etablering av Politidirektoratet var behovet for samordning av politiinnsatsen på tvers av administrative grenser, særleg som følgje av frykt for organisert kriminalitet.

Aust-europeiske tjueribandar har demonstrert kor uferdig samordninga hittil har vore. Ved å flytta tjueriraida frå politidistrikt til politidistrikt greidde desse bandane eit langt stykke på veg å skjula omfanget av brotsverka. Dermed slapp bandane lenge unna den politiinnsatsen som ville vore naturleg om politiet hadde greidd å sjå utover sine eigne distriktsgrenser.

Det er likevel Lommemannen-saka som for alvor har avslørt kor lettlurte politiet kan vera ved alvorlege seriebrotsverk.

Lommemannen-saka reiser også spørsmål ved politiets haldningar i overgrepssaker mot barn. Spesialeininga for politisaker kan ikkje tillata seg å sjå bort frå at den bagatelliseringa av «tukling», som forsvarsadvokat Tor Erling Staff har gjort seg til talsmann for, også kan ha hatt ein viss gjenklang i politiet.

«Tukling» er eit farleg omgrep. I Lommemannen-saka er det tale om overgrep i alvorsgrad som valdtekt mot små barn, med lova si strengaste straff, 21 år, som ramme. Politiets unnlatingssynder er tilsvarande alvorlege.

Sotra-saka er den mest betente Spesialeininga for politisaker har på bordet, både fordi denne saka skulle ha stoppa Lommemannen, og fordi ein kjend politimann, som bror til den mistenkte, involverte seg i etterforskinga.

Lommemannen-saka er ei alvorleg belastning for politiet. Berre ein grundig oppvask kan gjenoppretta tillita til etaten. Men oppvask er ikkje nok. Politidirektoratet må sørgja for at det ikkje lenger blir mogleg å skjula seriebrotsverk bak administrative blindebukkgrenser.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.