• TRENG HJELP: Flaumkatastrofen i Pakistan har nok ein gong sett Pakistan på kartet. Meir enn nokon gong treng landet hjelp frå verdssamfunnet. FOTO: AARON FAVILA, AP

    FOTO: Aaron Favila

Pakistans ulukker

Ei nyutkomen «lærebok» gjev innblikk i eit land der krisene står i kø.

MEST ALLTID er det kriser og katastrofar som skaper merksemd om Pakistan i norske media. Pakistan blir då også rekna som ei skjør statsdanning i ein av dei mest ustabile og utsette regionane i verda. Flaumkatastrofen skjerpar faren for at statsmakta skal gå i oppløysing, at Pakistan skal bli nok ein mislukka stat – det einaste i denne kategorien med atomvåpen. Det er ein fare som kan få globale konsekvensar. Likevel er det påfallande liten kunnskap om landet i den norske allmenta. Pakistan midt i verden gjev viktig kunnskap og innsikt, aktualisert av både «krigen mot terror» og flaumkatastrofen.

– Somme deler av boka er skriven i ein tilstand av fortviling, andre med von, ispedd gode minne, seier forfattarane, Elisabeth Eide og Terje Skaufjord. Dei har hatt mange og lange opphald både i Pakistan og i nabolanda, Afghanistan og India, med utgangspunkt i arbeid for Afghanistankomiteen. Til ein viss grad er boka prega av den norsk venstresidas ideologiske føringa for Afghanistankomiteen, med ein sterk vilje til å sjå «von, ispedd gode minne». Men forfattarane har ikkje tilslørt «kva som kan gå tapt om terror og oppløysingstendensar får overtaket».

TREG OG MANGELFULL internasjonal bistand til flaumkatastrofen har reist spørsmål om det er spesielle grunnar til at Pakistan ikkje blir tilgodesett slik det burde. I direkte tal også om det blir straffa for å vera muslimsk. Enkle svar finst ikkje. Det er lett å visa til omfattande korrupsjon og vanstyre, føydalisme og religiøs fundamentalisme, terror og krigstrugsmål og ei svak statsmakt. Samtidig er det skrekk for at sviktande internasjonal bistand og eit sviktande statsapparat gjev grobotn for meir effektive, islamistiske hjelpeorganisasjonar, med tilknyting til terrornettverk. Om ikkje nauda i dei flaumherja områda gjer utslagsgjevande inntrykk, burde skrekken for eit talibanisert Pakistan, med atomvåpen, gjera det.

ELISABETH EIDE OG TERJE SKAUFJORD gjev eit omfattande innblikk i bakgrunnen for Pakistans «fortviling», før og etter den blodige oppdelinga av det britiske imperiet på det indiske subkontinentet i 1947. Muslimane fekk sitt eige land, noverande Bangladesh og Pakistan, dei reines land. Pakistan var meint å vera landet for muslimar, men sekulært, som India. India har greidd å forbli sekulært, medan Pakistan langt på veg har forlist denne ambisjonen. Delinga av subkontinentet er framleis ei kjelde til konflikt, krigsfare og terror, især med Kashmir som verkebyll. Det er noko av bakgrunnen for at hæren er blitt ein stat i staten i Pakistan.

Pakistan midt i verden gjev ei god og grundig oppsummering av korleis sekularismen vart utvatna, og korleis meir fundamentalistiske krefter vann fram. Det har ført til at dei små religiøse minoritetane er marginaliserte, i mange tilfelle har også det statlege og rettslege vernet svikta dei. Ein blasfemiparagraf er blitt brukt både til å tileigna seg eigedom frå minoritetane, og som oppelding til drap og øydelegging. Også den store minoriteten av sjia-muslimar står i ein utsett posisjon, dei blodigaste terroråtaka har ramma denne gruppa. Kunne den mange millionar store pakistanske diasporaen gjort ein større innsats for å fremja menneskerettane i landet? Det spørsmålet blir ikkje drøfta i boka. Det er eit sakn.

Den historiske gjennomgangen kan bli vel mykje detaljert. Det skal godt gjerast å halda oversikta over alle dei ulike politiske, religiøse, etniske og kastemessige motsetningane landet er tufta på. Forfattarane meiner især motsetningane mellom dei ulike provinsane er undervurdert. Den folkerikaste staten, Punjab, der dei fleste norskpakistanarane kjem frå, er både folkerikast, mest velståande og totalt dominerande i statsforvaltninga og maktapparatet.

I STARTEN av flaumkatastrofen kom dei regionale motsetningane til syne: Det som først skjedde i nordområda, engasjerte ikkje like sterkt dei som budde i Punjab og Sind lenger sør. No er skadeomfanget så stort at heile landet må blø. Statsminister Asif Ali Zardiri har jamvel reist spørsmål om landet vil vera i stand til å makta gjenreisinga. Problema var då også store nok før flaumen. 60 prosent av folket lever under fattigdomsgrensa, 46 prosent er analfabetar, 38 prosent av barna er underernærte. Etter jordskjelvet 2005, matvarekrisa 2008, finanskrisa 2009 og no flaumen, aukar inflasjonen og den alt høge statsgjelda. Pakistan blør.

Men midt i elendet har Elisabeth Eide opplevd gjestfridom og optimisme. Dei har leita opp intervjuobjekt som gjev vona om eit betre Pakistan. Og dei har sett «somme av dei vakraste stadene i verda». Pakistan treng bistand.

Kva skal til for at Pakistan skal reise seg etter krisa? Diskuter saka under!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.