Muslimsk opprør
kommentar
Karikaturteikningane av profeten Muhammed har skapt eit raseri som ikkje-truande vanskeleg forstår, med trugslar som ikkje nokon kan akseptera, skriv journalist Asbjørn Kristoffersen.
Les også:
Danske imamar sådde vind og hausta storm då dei reiste rundt i den muslimske verda for å henta støtte i kulturstriden med danske styresmakter. Imamane viste ikkje berre karikaturteikningane i Jyllands-Posten. Det er godtgjort at dei også viste falskneri, der Muhammed vart framstilt som ei gris. Verre krenking av muslimske truande er det knapt råd å finna på.
Styrken i raseriet har kome som eit sjokk på danskar og nordmenn, truleg også på mange muslimar, både i Skandinavia og i muslimske land. Kanskje til og med dei danske imamane er sjokkerte. Dei orsakar seg med at det ikkje var meininga at rundturen deira skulle gå ut over danske arbeidsplassar. Det danske tapet som følgje av arabisk boikott er stipulert til tjue milliardar kroner. Noreg har hittil sleppt så godt som gratis unna.
Onsdag vart fokus for raseriet utvida; då offentleggjorde fleire, store europeiske aviser Jyllands-Postens karikaturar. Grunngjevinga var dels støtte til den danske avisa, dels for å illustrera kva striden gjeld. Om opprøret skal ha nokon logikk står dermed Frankrike, Spania og Italia for tur til å bli fordømde og trua med valdelege represaliar, eventuelt også boikotta.
Biletforbod med unntak
Koranen har ikkje noko spesifikt forbod mot å laga bilete av profeten, det har heller ikkje tradisjonslæra. Det alminnelege biletforbodet i Koranen, som også finst i Bibelen, blir likevel tolka som eit påbod om ikkje å laga bilete av Muhammed, hans følgjesveinar, englar og profetar.
Påbodet er ikkje alltid blitt overhalde, heller ikkje blant muslimar. I sunnimuslimsk tradisjon er det eksempel på at særleg Muhammeds himmelfart er illustrert. I shiamuslimsk tradisjon er religiøse bilete mykje brukte.
Det har då heller ikkje førekome protestar mot illustrasjonar av Muhammed her i landet tidlegare. Før 1997 har det knapt vore kjent at dette kunne vera eit problem, seier religionsvitar Geir Winje til Aftenposten.
Universitetet i Bergen har hatt eit bilete av Muhammed på nettet sidan 1999 - det vart fjerna i forgårs. Gyldendal Undervisning avgjorde nyleg at bilete av Muhammed skal fjernast i nye lærebøker.
Basim Ghozlan, forstandar i Det islamske forbundet, forklarar dei manglande reaksjonane med at illustrasjonane er laga med respekt. Når han likevel meiner det er klokt å fjerna dei, seier han det er av respekt for profeten. Karikaturteikningane karakteriserer han som rein hån og krenking.
Muslimske statar
I Danmark vart krenkinga opplevd som så grov at ambassadørane frå ti muslimske land avla offisielle protestar, på vegne av statane dei representerer. Ei slik statleg innblanding i religiøse affærer blir sett på som rett og påkravd i dei fleste muslimske land, også i det erklært sekulære Tyrkia, viste det seg.
Så opplever då også mange muslimar, også i Danmark og Noreg, desse ambassadørane som talsmenn for islam. Hopehavet mellom stat og religion er mykje tettare i erklært muslimske land enn i dei skandinaviske landa. Sjølv med statskyrkje er den dominerande kulturen sekulær.
Islam har ikkje det kristne skiljet mellom det som tilhøyrer «keisaren» og det som tilhøyrer Gud. Det manglande skiljet gjenspeglar ofte eit svakt, eller ikkjeeksisterande, demokrati. Medan Vest-Europa får eit stadig større religiøst mangfald, minkar dei religiøse minoritetane i mange muslimske statar. Etter ei gloriøs fortid har dessutan den muslimske verda sakka akterut i økonomisk og kulturell utvikling og politisk makt.
Politisk undertrykking og avmaktskjensle overfor Vesten har styrka islamsk fundamentalisme. Noko av denne fundamentalismen er eksportert til Vest-Europa, der muslimske innvandrarar utgjer ein stor del av dei som står langt nede på velstandsstigen.
Avleiande raseri
Dei sterkast reaksjonane mot Danmark og Noreg har kome i Gaza og Irak, der konfrontasjonane mellom vestlege maktkonstellasjonar og lokal motstand er særleg sterk. Utløysinga av raseriet kan delvis skuldast eit behov for å avleia desperasjonen. Men også i eit land som Yemen har studentar gått ut på gatene for å demonstrera. Boikotten mot danske varer er bortimot total i Saudi-Arabia og ein del Gulf-statar. Alt tyder på at ein del religiøse og politiske leiarar ser seg tente med å fyra opp under den religiøse krenkinga, slik dei danske imamane gjorde.
Hopehavet mellom muslimar og ikkje-truande er langt mindre konfliktfylt i Noreg enn det er i Danmark. Norske islamske leiarar har då også teke avstand frå demonstrasjonane og trugslane mot nordmenn i Gaza og Irak. Det har truleg halde attende muslimar som ville ut på gatene og demonstrera her til lands. Talsmenn for muslimane hevdar dessutan at utanriksministerens orientering til ambassadørar i muslimske land har avverga konfrontasjonar, i motsetning til den danske statsministerens kontante avvising av dei ti muslimske ambassadørane.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre har fått kritikk for at han i sitt brev ikkje godt nok klargjorde ytringsfridomens betydning. Debatten om krenkte religiøse kjensler tyder då også på det kan bli sett ein ny standard for blasfemiske utsegn, med særlege krav til sensibilitet når det gjeld livssynsminoritetar.
I så fall er det ikkje sikkert at Noreg slepp spesielt billeg unna det muslimske opprøret.
KOMMENTARER Våre regler