• ÅTVARAR:

    Den sveitsiske akademikaren Tariq Ramadan er ein av dei som åtvarar mot offerrolla muslimar blir tildelt.

    FOTO: FOTO: SIPA/SCANPIX

Muslimar som levebrød

Ringeakt for kristne avlar også islamofobi.

Tenk deg at ei kristen, amerikansk sekt hadde etablert seg i Noreg, tenk deg at småjentene i sekta gjekk tildekka på barneskulen, at somme sektmedlemer ikkje tillet handhelsing mellom kvinner og menn, og at emissærar som meinte at jødar skulle utryddast vart inviterte hit til landet for å preika for frelste og ufrelste. Det sekulære Noreg ville gått i fistel. Muslimar slepp den elitistisk sanksjonerte, sekulære fistelen. Denne dobbeltmoralen byggjer opp under islamofobien, slik han kjem til uttrykk i meir usensurerte samanhengar. Det er ein farleg dobbeltmoral.

Den tenkte, kristne, amerikanskinspirerte sekta ville ikkje blitt betrakta som offer, som eit religiøst samfunn med vernebehov. Det ville ikkje oppstått nokon industri av forskarar, juristar, mediefolk, byråkratar med ei slik sekt som levebrød, ingen tilsvarande industri som har muslimar som levebrød. Heller ikkje av den typen industri som teiknar og forklarar det muslimske fiendebiletet.  Som offer blir muslimar umyndiggjorde frå alle sider. Det er offerrolla den kjende og omstridde sveitsiske  akademikaren og talsmannen Tariq Ramadan åtvarar sine trusfeller mot. Og det er gjerne offerrolla muslimske talspersonar i den offentlege debatten prøver å ta eit oppgjer med. Men også desse talspersonane har det med å oversjå dobbeltmoralen i den sekulære religionskritikken. Å framheva islam som ein fredsreligion og muslimar som ekstraordinært dydige og moralsk høgtverdige er ein forsvarsteknikk som kan verka mot si hensikt.

Kristendomskritikk, inkludert ringeakt for kristne, er alminneleg akseptert i det norske samfunnet. Hets blir oversett. Komikaren Otto Jespersen kunne brenna Bibelen, utan konsekvensar, utan å risikera noko som helst. Hans brannbulle blir knapt hugsa lenger. Kristne, kvite norskingar er for lengst ferdigkrenkte. Det er knapt andre enn kristne innvandrarar, gjerne frå den muslimske verda, som let seg fortvila.

Ringeakt for muslimar er mykje meir alvorleg. Somme av dei som trekkjer på skuldra eller ope forsvarar bibelbrenning, ville blitt opprørte over koranbrenning. På vegner av muslimane, ikkje på vegner av seg sjølve. I tilbaketrenginga av religionens plass i det offentlege rom har dei som forvaltar definisjonsmakta gått seg vill. I opinionsgranskingar blir Noreg plassert som eitt av verdas mest sekulariserte land. Det er ei plassering nordmenn flest er rimeleg godt nøgde med. Men den gjev ikkje spesielt imøtekomande for innvandrarar som er vane med og som krev større rom for religionen sin. Det er eit dilemma for dei sekularistane som ikkje vil framstå som innvandringsskeptikarar. Kristofobi gjer dilemmaet uløyseleg. Å tala med to tunger gjev vatn på mølla for islamofobane.

Skepsis, forakt og frykt for muslimar er ei av vår tids svøper. Den svenske forfattaren Mattias Gardell samanliknar den europeiske forma for islamofobi med det europeiske jødehatet. Like lite som antisemittsimen skuldast jødedom eller korleis jødar oppførte seg, skuldast islamofobi islam eller korleis muslimar oppfører seg, seier han.  For tretti år sidan var fiendebiletet for mange nordmenne kommunistane, no er det muslimane som oppfyller behovet for eit fiendebilete, «oss mot dei andre». Og det er dette fiendebiletet som kan setja demokratiet over styr, meiner han.

Dei kristne risikerer å bli medskaparar av fiendebiletet, ettersom dei ein gong var «oss».  Men no  utgjer dei kristne ein minoritet her til lands, ifølgje opinionsgranskinane. Når skepsis og ringeakt for muslimar blir granska, burde det også koma fram kva skepsis og ringeakt andre religionar blir møtt med.

Likevel vil det stå att at muslimar står nedst på rangstigen. Ifølgje den vidgjetne amerikanske statsvitar Robert Putnam kan denne typen rangeringar ha samanheng med kor godt dei som blir spurde kjenner dei ulike religiøse gruppene. Ei stor gransking han har vore delaktig i, viser at også i USA har muslimar ei liknande plassering, men i selskap med buddhistar, som elles blir rekna blant dei mest fredssæle religiøst truande. Robert Putnams hovudfunn er at dei truande, uavhengig av religion, har stor tiltru til kvarandres plass i "himmelen>", at dei truande nok kan vera ein smule mindre tolerante enn sekularistane, men også snillare og meir generøse mot sine medmenneske. Forskaren har mest tiltru til dei religiøst funderte verdiane for ei betre framtid for livsens taparar.

I Noreg vert muslimar gjerne innrullerte blant taparane. Det finst rikeleg med statistiske underlagsmateriale for ei slik oppfatning; opphav frå land i den muslimske verda gjev ikkje god utteljing for utdanningsnivå, yrkesdeltaking eller trygdebruk her til lands. Når det religiøse filteret blir lagt over slik statistikk, blir fiendebiletet gjerne forsterka. Den einskilde muslimen, det vedkomande står for og det vedkomande kan og vil, riskerer å forsvinna, både i islamofobien og i offerrolla. Det er ein utoleleg posisjon i eit demokratisk samfunn. Ein norsk norsk muslim, innvandra eller innfødd, representerer berre sin eigen form for islam, og av islam finst det tallause utgåver, truleg med like rikeleg innslag av syndarar som i andre religionar. I eit globalt samfunn må det vera plass til dei fleste variantar, med same rett til religionsfridom i den muslimske som i den ein gong kristne verda.

Kva meiner du? Diskutér saka i kommentarfeltet!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.