Innvandrarar i utkantbygder
Tyskarar og belgiarar og nederlendarar må gjerne innvandra. Men kvifor skal slike folk på død og liv slå seg ned i utkantbygder?
AV: asbjørn kristoffersen
DEI ER KJERRINGANE mot straumen, dei er café au laît i fjøset, dei får oss til å tvila på den evige bondegeipen til stå-opp-komikarane. Dei flyttar frå Berlin til Eidfjord i Hardanger. Dei flyttar frå Europas kunstmetropol, ikkje til Oslo, der staten og kjendisane bur, ikkje eingong til Bergen, der bergensarane bur, men til ei utkantbygd inst i ein fjord. Der det bur bønder. Dei flyttar til Eidfjord fordi dei har lyst til å bu på ein slik stad, endå dei kunne gått på nye kunstutstillingar kvar dag og treft Harald Eia og Pia Tjelta og Tom Cruise på nabolagskneipa. Det er ikkje til å tru.
TYSKARAR og nederlendarar og belgiarar må gjerne innvandra. Det er fint å vera ettertrakta av andre enn svenskar og somaliarar som kjem fordi dei ikkje hadde noko anna alternativ. Tyskarar og nederlendarar og belgiarar skulkar dessutan ikkje trappevasken. Men kvifor skal slike folk på død og liv slå seg ned i utkantbygder? Gjer dei narr av oss, desse innvandrarane frå store byar i Europa, større enn Oslo, til og med? Gjer dei narr av den norske hovudstaden, med ny-gul opera og nyutgjevne frognerfitter? Er ikkje Oslo god nok, liksom? Eller Bergen, med Herman Friele og drive-in-McDonald på Lagunen?
UTKANTBYGDENE ligg flate etter dei, plyndrar kommunekassane for å få tak i dei, smiskar og smørjer med hus og jobb og barnehageplass. Ingen svenskar eller somaliarar får slik oppvarting, det er friviljuge, framandkulturelle tyskarar, nederlendarar og belgiarar bygdene er ute etter, folk som drøymer seg vekk frå byar og trengsel og veit kva dei går til når dei flyttar. Slike som synest det er stas å læra seg å snakka harding og andre dialektar. Slike som har eit yrke med seg, ein jobb å gå til og aller helst ein ungeflokk som kan halda liv i leikarringen og rockebandet. 1200 er importerte hittil, minus eit svinn på åtte-ti prosent. Ingen hærskare, eit musepiss i havet samanlikna med anna innvandring. Men nok til å skapa liv i mange bygder. Og kanskje nok til at bygdene blir storaktige og slår seg på brystet fordi unge og velutdanna folk frå europeiske storbyar vel Eidfjord framfor Bergen. Dette kan bli i overkant framandkulturelt. Nyurbane nordmenn har ikkje nervar til å bli haldne for narr.
KOMMENTARER Våre regler