I dødens venterom

Sjå deg godt om dersom du er innom ein sjukeheim. Ein slik stad skal du truleg enda livet ditt.

«SÅ RIKT ET LAND, så fattig en død», heiter det i den nyutgjevne boka «Adjø Felicia. Hjemmesykepleier i det rike Norge».

«Det er noe grunnleggende galt med eldreomsorgen. Det har med menneskeverd å gjøre»: Sitatet kan stå som ei oppsummering av den like ferske boka «De skal jo allikevel dø. Til kamp for en verdig alderdom».

Det er langt mellom lysglimta i desse bøkene. Men dei er der. Mange nok til å visa at det finst gode institusjonar og velfungerande heimetenester, at det finst forbetringspotensial.

DET BØR IKKJE KOMA som noko sjokk å bli ein «brukar», eller bli vitne til at våre pårørande blir «brukarar». For vi ber både den gamle, den sjuke og døden i oss alle saman, uavhengig av alder. Det er prisen for å bli fødd, seier Svein Olav Daatland, forfattar av «Aldring som provokasjon» og fleire andre bøker om alderdom og aldring. I går kveld møtte han Else Panagiotaki, forfattar av «Adjø Filicia» til debatt i Prosalong Bergen, møteplass for «alle med interesse for det skrevne og ennå uskrevne ord».

Svein Olav Daatland legg ein del av ansvaret for aldringsprovokasjonen på dei som alt er gamle av år. – Ingen vil vera gamle lenger, seier han.

Men gamle blir vi, om vi enn er rikare og sprekare enn nokon generasjon før oss, om enn døden som regel ikkje når oss før vi har runda åtti år. No er det dei store etterkrigskulla som står for tur til å bli hjelpetrengjande, og dei gjer det ikkje utan å gje lyd frå seg. Vi kan venta ei endå større bok- og debattbølgje i forkant av eldrebølgja. Vi kan jamvel bli konfrontert med at vi har sjukeheimen i vente og døden i oss.

FIRE AV FEM NORDMENN døyr på sjukeheim eller sjukehus. Svært mange blir avhengige av heimetenester før det kjem så langt. Norsk eldreomsorg er alt no den dyraste i verda, og kampen om ressursane kjem til å bli forsterka den neste generasjonen. Talet på eldre over 80 år er venta å bli meir enn fordobla i 2050. Også for talet på demente er det venta ei dobling.

Ifølgje helsedirektør Bjørn-Inge Larsen må ein tredjedel av alle yrkesaktive vera engasjert i helse- og omsorgsyrka om eit tiår eller to, berre for å halda dagens nivå. Det er tre gongar så mange tilsette som i år. Ingen kan svara på kvar alle desse skal hankast inn, om vi held fram med å bli utmelde – og let oss utmelda – av arbeidslivet i starten av sekstiåra. Så om vi ser oss godt om på sjukeheimane, må vi kanskje kalkulera med at det vil bli endå lenger mellom dei varme hendene i framtida. Og at det blir ein endå større andel ufaglærde.

Det er ikkje berre eit spørsmål om fleire hender, men om kva hendene kan og kva dei gjer, seier forfattaren av «Adjø Felicia». Else Panagiotaki og Liv Riktor Lykkenborg, forfattar av «De skal jo allikevel dø», dokumenterer at eldreomsorg er blitt ein gjennomtrekksbransje, med stadig fleire ufaglærde tilsette og stadig fleire med dårlege norskkunnskapar.

DEN HIERARKISKE STRUKTUREN i helsevesenet medfører at leiinga har så godt som alt å seia for kor godt eller kor dårleg tenestetilbodet er, ifølgje dei to forfattarane.

Else Panagiotaki hadde budd i Hellas storparten av sitt vaksne liv då ho kom tilbake til heimlandet for å ta seg jobb som heimesjukepleiar. Det var mangelen på respekt og omtanke for dei gamle sjuke i rike Noreg som rysta henne mest. Einsemd, sorg og tapskjensle prega mange av klientane hennar, seier ho. Ofte var dei offentleg tilsette den einaste medmenneskelege kontakten dei hadde. Ein kontakt på nåde og unåde, også helsearbeidarar kan vera blotta for respekt for dei gamle.

Unåden blir ekstra talande når den rammar samfunnets øvste sjikt, der mange av Else Panagiotakis anonymiserte klientar i Oslo Vest høyrde heime. Aktive pårørande er bortimot det einaste botemiddelet for ein nokolunde verdig alderdom, ifølgje henne. Men i vårt samfunn er det mange som må unnvera dette botemiddelet. Einsemd er vår tids folkesjukdom, og den rammar gamle og sjuke ekstra hardt.

ELSA PANAGIOTAKI ønskjer ikkje noko gresk alternativ til den norske velferdsstaten, ikkje noka tilbakevending til familieansvaret for dei hjelpetrengjande. Men i eit grånande samfunn må vi nok få eit nytt syn på alderdomen om vi skal få trua på ein verdig død – på sjukeheimen.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.

Relaterte bilder

FOTO: ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE