Farleg naudhjelp
Kven vil arbeida når ein har utsikt til å få mat gratis? Esther Garvis spørsmål i gårsdagens kronikk i Bergens Tidende viser korleis mat som naudhjelp kan undergrava lokal produksjon.
AV: asbjørn kristoffersen
Les også:
Verdas Matvareprogram appellerer no om 2,5 milliardar kroner til naudhjelp som følgje av den sterke stigninga i matvareprisane. 39 land er så hardt ramma at dei må ha hjelp utanfrå, ifølgje FNs organisasjon for mat- og landbruksspørsmål. I fleire av desse landa har det vore store demonstrasjonar og opprør. Svolt er ekstra farleg dersom dei svoltne har kraft til politisk destabilisering.
Les også: Be om unnskyldning, Egeland Be om unnskyldning, Egeland
Mat som naudhjelp synest å vera einaste middelet som kan dempa opprøret. Naudhjelp er også politikk. Men naudhjelp kan ikkje hindra prisstigning på mat, og kan heller ikkje auka matproduksjonen der behovet er størst.
Handelshindringar
Matvareprisane har vore nokolunde stabile i mange år. Det har vore stor produksjon, nok til å trekkja mange hundre millionar ut av den absolutte fattigdomen, og nok til å gje mange hundre millionar eit meir kostnadskrevjande kosthald. For frihandelsforkjemparane har handelshindringar og subsidiar fortona seg som det største problemet i fordelinga av ressursane.
Størst problem har eksportsubsidiane skapt. Med prisar under normalt marknadsnivå har rike land utkonkurrert bønder i fattige land, og undergrave lokal matproduksjon. Mange fattige land har på si side brukt priskontrollar og subsidiar for å halda matvareprisane nede. Denne politikken har også ramma fattigbønder, som har mangla pådriv til å auka produksjonen der det har vore mogleg.
Jan Egeland gjer FN ei bjørneteneste når han nektar å svara på kritikken Esther Garvi reiser mot hans engasjement som FNs visegeneralsekretær og pådrivar i hjelpearbeidet i Niger i 2005.
I utviklingsbransjen er det allment erkjent at matvarer som naudhjelp i verste fall kan ytterlegare undergrava vilkåra for lokal matproduksjon og næringsutvikling. Slik naudhjelp blir sjeldan kjøpt i nærområda, der det er mogleg. I staden blir det eksportert overskotsprodukt frå USA og andre land.
I FNs mat for oljeprogram under boikotten av Saddam Husseins regime i Irak var denne politikken svært påfallande. Matproduksjonen i Midt-Austens tradisjonelle kornkammer vart motarbeidd gjennom tildeling av gratis mat. Det same skjedde med andre basisgode som vart produserte i Irak. Slik skapte FN klima for korrupsjon. Slik skaper FN klientsamfunn.
Matrekord
Den sterke prisstiginga på matvarer det siste halve året har kome brått og tilsynelatande overraskande. Auka prisar skuldast då heller ikkje lågare produksjon; FN spår 2,6 prosent stigning i kornproduksjonen dette året, noko som i så fall vil vera ny rekord.
Grunnen til at Rema 1000 hamstra ris er at konkurransen om maten er skjerpa, mellom anna som følgje av større etterspørsel etter kjøt og meieriprodukt. I tillegg kjem overgang til produksjon av biodrivstoff og små reservelager av mat på verdsbasis. Prisstiginga reflekterer dessutan sterk stigning i prisane på olje, transport og gjødning, innsatsfaktorar som bøndene må betala.
Konkurransen blir forsterka av at ei rekkje land byggjer forsvarsverk for eiga matforsyning, blant anna gjennom eksportforbod og forsøk på å binda til seg mateksporterande land gjennom eigne avtaler; tiltak utanom alle vanlege marknadsmekanismar. Mat er blitt ei strategisk vare, slik det historisk var i krisesituasjonar, slik det var under krigen her til lands.
Varig prisstigning
Olje kan falla i pris, det same kan ris og kveite og andre matvarer. Når reservelagera er små og prisane stig sterkt, er det ein invitasjon til spekulasjon. Matvarer skil seg ikkje frå andre råvarer i så måte.
Det er likevel mykje som taler for at matvarer vil bli varig dyrare. Klimaendringar er ein av dei viktigaste grunnane. Det skal ikkje store endringane til om dei rammar verdas viktigaste kornkammer. Industrijordbruk med einsidig produksjon og stadig mindre artsvariasjon er særleg utsett. Men også i meir marginale område vil produksjonssvikt få store konsekvensar, ettersom mange av desse områda ligg i land som er spesielt utsette for matmangel.
Det blir dessutan fleire munnar å metta, prognosane viser ein årleg auke på 75 millionar menneske i verda.
I beste fall vil prissjokket medføra ei sterkare satsing på landbruket. Betre prisar vil gje bøndene pådriv til auka produksjon og dermed betre inntekter. Det bør også vera ei påskunding til å byggja ut den infrastrukturen som trengst for å få matforsyningane fram til forbrukarane.
I beste fall bør dessutan sjokket føra til avvikling av dei mest øydeleggjande eksportsubsidiane. Men krisa har vist at mat ikkje kan reknast som ei vanleg handelsvare, dertil er marknadsmekanismane for politisk farlege.
Har du meiningar om kommentaren, eller synspunkt på naudhjelp? Diskuter her!
Les også
Siste fra Asbjørn Kristoffersen
Relaterte bilder
EI BJØRNETENESTE: Jan Egeland gjer FN ei bjørneteneste når han nektar å svara på kritikken Esther Garvi reiser mot hans engasjement som FNs visegeneralsekretær og pådrivar i hjelpearbeidet i Niger i 2005, skriv Asbjørn Kristoffersen. FOTO: EDEN FOUNDATION
FAKSIMILE: Gårsdagens kronikk i Bergens Tidende.
KOMMENTARER Våre regler