Drivhuseffekten

Les også:

LÆRDAL BLIR KALLA eit naturleg drivhus. Slike fordelar er sjeldne i norsk landbruk. Men satsingsviljen og omstillingsevna til bøndene i denne kommunen bør vera til inspirasjon for andre jordbruksbygder.

Bøndene i Lærdal har prøva og feila. Og prøvd på nytt, med naturen på si side. - Klimaet er slik at vi nesten kan dyrka kva som helst, seier fruktbonde Per Ivar Grøtte. Men det er ikkje kva som helst som løner seg like godt. Morellar og bringebær har vist seg å vera dei mest rekningssvarande avlingane.

Å vera produsent i eit fruktbart landskap er heller ikkje nok. Forsking og utprøving er uunnverlege innsatsfaktorar. Det same er samvirketiltak; i ei ny form, spesielt innretta mot kjøpekraftige nisjemarknader. Produksjonen er dessutan avhengig av rimeleg, utanlandsk sesongarbeidskraft.



LÆRDAL KAN FORTONA SEG som ei solskinshistorie i ei heller dyster næringsutvikling. Både kostnadsnivået og naturtilhøva her til lands gjer det svært vanskeleg å oppretthalda eit aktivt jordbruk, sjølv med store, offentlege tilskot. Især er vestlandsjordbruket, med sine mange små husdyrbruk, utsett for nedlegging.

I somme viktige turistområde kan bøndene enda som landskapspleiarar. Verdsarvkomiteen har reist krav om slike tiltak for å hindra attgroinga i fjordlandskapet som har fått plass på UNESCOs liste. Høgast prioritet har Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Offentleg finansiert landskapspleie er ikkje i strid med internasjonale handelskonvensjonar, og blir brukt i Sveits, for å ta vare på marginalt, men høgt verdsett kulturlandskap.



JORDBRUKET PÅ VESTLANDET er ein viktig del av reiselivsnæringa, og denne kombinasjonen må utnyttast betre. Bøndene kan tilby meir av den etterspurde opplevingsturismen, både ved å tilby lokal mat og lokale mattradisjonar, og ved å gjera næringa til ein attraksjon i seg sjølv. Morelldyrking i Lærdal er meir eksotisk enn vindyrking i Frankrike, det er berre «morellslotta», med omvising og smaksprøver, som manglar. Denne typen turisme er også viktig for kulturarven. I Lærdal blir ubrukte, gamle hus på gardane no tekne vare på for å hysa sesongarbeidarane.

Marknadsføring av produkt «frå landet oppunder Nordpolen» er ei eksotisk identitetsmarkering som fleire enn bøndene i Lærdal kan utnytta. Men slik marknadsføring er også avhengig av regularitet i forsyningane. Nisjeproduksjon treng truleg fleire, nye og fleksible samvirketiltak, som Lærdal Grønt, og fleire dristige, entusiastiske bønder.





Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.