-
EIT ANNA LAND: Velstandsauken og innvandringa har forandra Noreg mykje.FOTO: HÅVARD BJELLAND (ARKIV)
Den nye amerikaonkelen
Eg hadde ingen onkel i Amerika. Men eg er sjølv blitt ein amerikaonkel, og det blir stadig fleire av oss i innvandrarlandet Noreg.
AV: asbjørn kristoffersen
På 60-talet hadde eg vage, ungdomsromantiske planar om å utvandra. Ikkje til Amerika, rett nok, men til Australia. Australia jakta på europeiske innvandrarar; eg var kvit nok, og kunne tenkt meg sol og strender og utsikter til eit meir spanande liv. At mi heimlege steinrøys skulle bli eit ettertrakta innvandringsland, låg utanfor mi fatteevne.
Noreg er ikkje berre blitt rikt, vi har også ein velferdsstat som også omfattar innvandrarane på ein måte som staten i Australia ikkje gjorde i min ungdom. Somme av desse velferdsordningane kan bli velta overende av den innvandringsbølgja som no slår inn over Noreg. Dei norske amerikaonklane er blitt redde for pengane sine.
Er det mogleg å kombinera velferdsordningar for alle som bur i landet med fri innvandring? Det er ei problemstilling som ikkje har vore prøvd i praksis. Det såkalla Brochmann-utvalet, som nyleg la fram ei rekordtjukk innsilling om velferd og migrasjon, meiner nei. Utvalet støttar dei restriksjonane som den norske staten hittil har lagt på innvandringa.
Sjølv med desse restriksjonane utgjer innvandrarbefolkninga, første og andre generasjon innvandrarar, 12,2 prosent av innbyggjartalet, ifølgje utvalet. Det aller meste av innvandringa har skjedd sidan 1970-talet, då arbeidsinnvandringa tok til å skyta fart.
Før den tida var Noreg ein utvandrarnasjon, om enn i mykje mindre omfang enn tidlegare generasjonar hadde opplevd. Om eg hadde falle til fote for utvandringspropagandaen eg fekk tilsendt frå den australske ambassaden i London, ville eg blitt med i eitt av dei små avslutningskapitla i den store, norske utvandrarsoga.
Hadde eg utvandra på slutten av 60-talet, ville eg gått glipp av den norske oljealderen og det enorme løftet i levestandard som har skjedd seinare. Ein del av dette løftet er innvandrarane å takka, ikkje minst austeuropearane som berga oss frå overoppvarming av økonomien i åra før finanskrisa. I heile perioden etter at den økonomiske veksten tok seg oppatt tidleg på nittitalet har innvandrarar innteke og skapt arbeidsplassar som det ikkje fanst innfødde nordmenn nok til å fylla.
Men dette reknestykket har også ei minusside, som no blir stadig meir tydeleggjort: All innvandring svarar seg ikkje økonomisk, ettersom innvandrarar også brukar velferdsgoder. Slagordet frå 90-åra om at "utan innvandrarar stoppar Noreg" synest å ha gått ut på dato. Eigennytten har fått større plass i opinionsdanninga.
Norden har eit eineståande velferdssystem ettersom det er universelt, at alle har del i det frå den dagen dei har lovleg opphald i landet. I Danmark har systemet alt rakna; der blir det sett strengare krav til forsørgjingsansvar og butid for å få tilgang til alle godene. Samtidig blir ein del goder avvikla fordi forbruket blant ein del innvandrargrupper blir rekna for å vera for stort.
Det er den vegen Noreg no gjev seg inn på. Kontantstøtta er eitt av dei mest konkrete godene Brochmann-utvalet tilrår endra, og grunngjevinga er både at det hovudsakleg er innvandrarfamiliar som søkjer kontantstøtte, og at ordninga motverkar mors yrkesdeltaking og familienens integrering. Det er manna frå himmelen for motstandarane av kontantstøtte, men tilhengjarane kan meina at deira interesser blir ofra på integrasjonens alter.
Også andre velferdsgode kan koma i skvis fordi innvandringa medfører at dei ikkje lenger er berekraftige. Mange av dei tiltaka Brochmann-utvalet tilrår, med sikte på høgare yrkesdeltaking blant innvandrarar, vil også få konsekvensar for dei innfødde. Det kan argumenterast for at dette er naudsynte tiltak, uavhengig av omfanget av innvandringa, men dei innfødde som blir ramma kan koma til å leggja skulda på innvandrarane.
Ein mogleg innvandringseffekt, som utvalet åtvarar mot, er faren for lønnspress, særleg blant arbeidstakarar med svake kvalifikasjonar. Blant innvandrarane er det stor overvekt av slike folk, medan det største rekrutteringsbehovet er for meir spesialisert arbeidskraft. Det tilseier auka konkurranse om dei lågaste betalte arbeidsplassane, og større lønsskilnad enn det har vore tradisjon for her til lands.
Framleis er det vanskeleg å ta inn over seg at Noreg har blitt eitt av dei mest attraktive innvandringslanda i Europa, framleis er steinrøysa ein del av det norske sjølvbiletet. Så er då heller ikkje norsk politikk innretta mot den sterke veksten i folketal vi står overfor. Innvandrarskepsisen breier seg over heile Europa, også i land der det er venta stor tilbakegang i folketalet dei næraste tiåra. Noreg forblir noko for seg sjølv.
Men vi har også fått eit heilt anna land enn det eg ein gong tenkte å utvandra frå. Verda har kome til oss, inklusiv australiarar. Vi har jobbar å tilby, ein smule eventyrlyst kan også vera lokkelmiddel, slik Australia ein gong freista meg med. Eg og mange andre er blitt amerikaonkel for barn frå mange land, og fordommane mot innvandrarar av ulikt opphav har det med å minska når ein får dei inn i tjukkaste slekta. Alle har eit søskenbarn frå Polen.
Balansen mellom kostnader og føremunar ved innvandring blir avgjerande for den norske samfunnsutviklinga. Etter at Brochmann-utvalet har lagt si innstilling på bordet, trengst det no politiske føringar for dei endringane i velferdspolitikken som synest uunngåelege. Det trengst også avklaringar av i kva grad det er mogleg å styra talet på nye innvandrarar. Somme søskenbarn skal helst bli verande i Polen.
KOMMENTARER Våre regler