Alle på pilegrimsvandring
Åndelege verdiar har fått større plass i det offentlege rom, medan protestantiske kyrkjer taper oppslutning.
AV: asbjørn kristoffersen
MANNEN UTAN LYTE, utanriksminister Jonas Gahr Støre, har offentleggjort at han bed til Gud saman med kronprinsesse Mette-Marit. Mannen med sykkelhjelm, statsminister Jens Stoltenberg, stod for opninga av eit pilegrimssenter førre helg. To andre statsrådar var også ute i pilegrimsærend denne helga. At Arbeidarpartiets fremste kvinner og menn stiller religiøse verdiar til syne på slikt vis, er bortimot eit under. Om det då ikkje er eit endetidsteikn.
Rådande teoriar blant forskarar og i samfunnseliten har lenge tilsagt at religionen ville bli svekkja på alle samfunnsområde. Denne utviklinga var oppfatta som ein konsekvens av moderniseringa av samfunnet, som igjen innebar eit stigande utdanningsnivå. Moderne, høgt utdanna borgarar skulle i teorien ikkje vera religiøse.
INNTIL DEI SISTE ÅRA har religion hatt lav status blant dei som har sett dagsorden i samfunnsdebatten. I 2005, året før Bergens Tidende la om til tabloidformat, var eg involvert i diskusjonar om kva plass religion og livssyn skulle ha i det nye formatet. Konsulentane, dei som tok samfunnsutviklinga og trendane på pulsen, var likegyldige eller overberande i møte med ein gammal mann med røter i indremisjonen. Eg var ingen Jonas Gahr Støre, og hans pilegrimsvandring var eit konsept som låg utanfor den villaste fantasien til trendekspertane i 2005. Eit par år etter desse diskusjonane fløymde aviser og andre media over av stoff om religion og livssyn.
Ein kan lura på om det er blitt ein smule trendy å vera åndeleg i hovudet
I 2010 fell forsøk på å slå vitsar om Mette-Marit og Jonas med knepte hender steindaude til jorda. Det er slik at ein kan lura på om det er blitt ein smule trendy å vera åndeleg i hovudet. I så fall har ikkje Den norske kyrkja og andre tradisjonelle, protestantiske forsamlingar nytt godt av det. Den nyutkomne boka Religion i dagens Norge stadfestar at Noreg er eitt av dei mest sekulære landa i verda, og at skiljet mellom dei som trur og dei som ikkje trur er blitt stadig skarpare dei siste tjue åra.
EIN TUSENÅRIG kyrkjeleg tradisjon, som sterkt forankrar ritual og riter ved livsens store markeringar, blir rekna som den viktigaste grunnen til at Den norske kyrkja enno står så sterkt og femner så vidt i det norske folket. Den same konsentrasjonen om overgangsritual er truleg hovudgrunnene til at Human-Etisk Forbund er blitt ein av verdas største - og rikaste, takka vera statsstøtta - ikkje-religiøse livssynsorganisasjonar. Men på liknande vis som andre gode protestantar, med individualiserte trusliv, opplever humanetikarane stagnasjon i tilslutninga, ifølgje forfattarane av Religion i dagens Norge.
Individualiseringa grip om seg; stadig fleire definerer sitt eige trus- og livssyn, utanom dogma til dei etablerte forsamlingane. Dei som kallar seg litt religiøse utgjer ein større del av folket enn dei gjorde for tjue år sidan, og framleis seier 68 prosent at dei i større eller mindre grad trur på eksistensen av ei høgare makt i tilværet.
Samtidig har det skjedd ei liberalisering, og ei slags sekularisering, i rekkjene av truande. I mange verdispørsmål, som synet på abort, har truande nærma seg synspunkta til dei ikkje-truande. Og både truande og ikkje-truande deler i stor grad eit kritisk syn på religion i det offentleg rom. To tredjedelar av befolkninga meiner at religiøse leiarar ikkje bør prøva å påverka offentlege avgjerder.
PARALLELT MED DENNE forma for sekularisering kan det hevdast at deler av politikken går inn i det som tidlegare var eit religiøst rom, der moralske verdiar får innpass. Og det finst forskarar som meiner at det skjer ei avprivatisering av religionen, at religionen overvinn forsøk på fortrenging frå det offentleg rom. Det kan kanskje pilegrimsvandringane til arbeidarpartipolitikarar vera eit uttrykk for.
I avprivatiseringa av religion har muslimar stått på barrikadane. Muslimske og kristne forsamlingar, ikkje minst katolske og ortodokse, med eit meir kollektivt trusliv og mange innvandrarar i rekkjene, opplever auka oppslutning. Faste reglar og ritual som merkesteinar og gjerde om tilveret kan også vera forlokkande.
Vestlendingar har trekt seg lenger tilbake i religiøse markeringar. I Noreg er det no berre Sørvestlandet som peikar seg ut som kristen høgborg, ifølgje forskarane. Landets eldre innbyggjarar utmerkjer seg heller ikkje lenger som religiøs bastion. 68-raddisane har ikkje gått i kloster, om dei enn er blitt gamle. Religion i dagens Norge er ei bra bok for å bli konfrontert med mytar og vanetenking.
Synspunkt? Sei di meining.
Les også
Siste fra Asbjørn Kristoffersen
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler