– Sett inn Hæren og Heimevernet

Den humane asylpolitikken som blir utøvd i Noreg gjev no klåre utslag på narkotikakriminaliteten, ifølgje Bergen sentrum politistasjon.

I går vart nok ein afrikansk asylsøkjar arrestert i Nygårdsparken.

Då Bergens Tidende før påske hadde ein kronikk om bruken av Nygårdsparken, vart det registrert 113 reaksjonar på nett. Reaksjonane vart retta mot den tilsynelatande politiske maktesløysa, mot asylsøkjarar som utnyttar systemet, til dels også mot dei norske kjøparane.

ETTERSOM heller ikkje politiet vil eller kan rydda opp, dukkar ropa om borgarvern opp. Og: «Vi må sette inn Hæren og Heimevernet».

For dei fleste av oss er Bergen framleis ein trygg by. Samanlikna med dei fleste andre land er kriminaliteten i Noreg nokså beskjeden, og Oslo er vesentleg meir belasta enn Bergen og andre større byar. Bergen har ikkje ein gong noko etablert ransmiljø, ifølgje politiet. Så sant vi held oss vekke frå Nygårdsparken og ikkje oppsøkjer dei mest utsette miljøa elles, merkar vi lite til alvorlege i det offentlege rom.

MEN I YTTERKANTANE av det borgarlege leveviset er kriminaliteten blitt meir pågåande og grovare. Då er det vanlegvis berre eit tidsspørsmål før brutaliseringa smittar over på meir uskuldige miljø. Og det sterke innslaget av innvandra kriminalitet kan medføra stigmatisering av dei gruppene av innvandrarar som gjer mest av seg på statistikken. Som dei afrikanske narkoseljarane i Nygårdsparken, men og som austeuropearar som ifølgje politiet «spekulerer i politiets ressursmangel og utøver spekulativ kriminalitet i eitt distrikt og flyttar raskt til eit anna distrikt der det blir utøvd ny kriminalitet».

Dei langvarige politiaksjonane har bidrege til å svekt både etterforskinga og det kriminalitetsførebyggjande arbeidet, og meiningsmålingar viser at dei har svekt tilliten til politiet som institusjon. Å avvikla aksjonane må vera første prioritet for alle partar, inklusive dei aksjonerande politifolka. Dei har til overmål vist kva dei meiner og kva konsekvensar det får når dei aksjonerer, ytterlegare krisemaksimering kan ikkje forsvarast.

MEN OM DET BLIR slutt på politiaksjonane, vil vi ikkje få uskuldstidene tilbake. I takt med globalisering og internasjonalisering er også kriminaliteten blitt grenseoverskridande og meir uoversiktleg. Narkotikatrafikken er eit av dei mest tydelege symptoma i så måte. Noreg har etter måten rike kundar, og seljarane står som alltid klar til å gjera seg nytte av marknaden, også gjennom organisert kriminalitet. Politiet går langt i å påpeika at asylinstituttet kan bli utnytta av bakmenn, som let afrikanarar søkja asyl for dermed å kunna operera som løpargutar og -jenter for meir tilbaketrekte organisatorar.

Restane av den norske uskulda viser berre att gjennom rettsinstitutta, som tilseier at asylsøknader skal vera avgjorde før det eventuelt kan reisast tiltale mot dei som openlyst og tilsynelatande fryktlaust sel dopet på gatenivå, anten det skjer ved Akerselva i Oslo eller i Nygårdsparken i Bergen.

– FORVENTNINGANE hos publikum og politikarar må skrus ned, seier Rune Solbakken, politistasjonssjef ved Bergen Sentrum politistasjon. Han meiner å kunna påvisa at budsjettrammene for 2009 er reduserte med ti prosent samanlikna med utgangen av 2007. I denne perioden har det ifølgje politiet grunn til å tru at det har skjedd ein stor auke i grovare vald, medan mildare vald har fått mindre omfang. Statistikken viser også at vinningskriminaliteten har auka vesentleg, medan auken i ungdomsvald og ungdomsran blir karakterisert som urovekkjande.

Politiets varsku er ei alvorleg utfordring til styresmaktene, utan omsyn til effekten av aksjonane. Korkje publikum eller politikarar er tente med å skru ned forventningane til politiet, ein mindre trygg by kan bli eit meir brutalisert samfunn, med privatisering av ein del av politioppgåvene. Det ville vera ei utvikling som er vanskeleg å snu.

Men det må skiljast betre mellom kva oppgåver politiet skal ha og kva samfunnsmessige strukturar som gjev grobotn for auka kriminalitet. Lover og reglar som undergrev statusen til asylinstituttet er eit politisk ansvar.

Sei di meining her.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Asbjørn Kristoffersen

Bilistane skal blø i framtidsbyen

Statens vegvesen vil heretter kallast Statens miljøvesen. Bilar får mykje mindre plass i framtidsbyen.

Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane 
etter mellomalderens kyrkjeskip.

Noreg har etter måten rike kundar, og seljarane står som alltid klar til å gjera seg nytte av marknaden

Relaterte bilder

FOTO: ANE BØRHAUG