Kjetteriets brutale historie

Tok du helvetet frå ein gjennomsnittspredikant, tok du livslukka frå han med det same. I dag er helvetet historie, og kjettarane har overteke kyrkja.

MARTIN LUTHER ER ein av dei mest kjende og markante kjettarane i kristendommens mangslungne historie. Men kjetteriet har hatt sine representantar her til lands også, og dei vart ikkje alltid nådig behandla av ei kyrkje som visste å bruka makta si. Så seint som i 1953 vart biskop Kristian Schelderup på Hamar – det var der dei frilynte bispane held til – skulda for kjetteri, fordi han gjekk til felts mot Ole Hallesby. Det var då Hallesby hadde halde sin famøse tale i NRK radio, der han i klåre ordelag gjorde lyttarane merksame på at dersom dei var uomvende, og gjekk til sengs om kvelden, kunne dei glatt risikera å vakna i helvete neste morgon. Biskop Schelderup gjekk hardt i rette med Hallesbys helvetesteologi, men fekk svar på tiltale. Hallesby stempla Schelderup som «en av ugudelighetens fremste profeter».

Hallesby hadde ei sterk stilling i det norske kristenlivet, formelt som rektor på Menighetsfakultetet, reelt som førar for det lågkyrkjelege kristenfolket. Han var ikkje meir progressiv i kvinnespørsmålet enn i teologien, og «at løsgjøre kvinden fra hendes avhængighet av manden og saaledes skaffe hende et liv paa like fot med manden» – var for Hallesby «et kulturelt dekadencefænomen».

SEINARE HAR KAMPEN mot kjettarar og den meir frilynte teologien i Noreg stilna noko. Hallesby kom etter 1953 på defensiven, og etter hans død i 1961 er kyrkjemakta vesentleg redusert i det som no blir kalla ein sekulær norsk stat. Somme vil meina at kjettarane for alle praktiske føremål har overteke kyrkja her til lands. Så seint som på 70-talet var det kjettersk å vera for kvinneleg prestar. Homofile prestar var ikkje til å tenkja på. I dag er kvinnelege prestar ein kvardagsleg ting, og homofile prestar – syndig sambuande eller ikkje – har bispefleirtalets velsigning.

SÅ KVA MEIR ER DET å stridast om? Det kan sikkert leiarane i det som inntil år 2000 heitte Vestlandske Indremisjon seia mykje om. Men kjetteriets fargerike historie er sentralt tema i boka «Kjetterne og kirken», kunnig redigert av Thomas Hägg, professor i klassisk filologi ved Universitetet i Bergen. Han tek oss med tilbake til antikken, og starten på kjetteriet. Forfølgingane av annleis tenkjande tok som vi veit til med keisar Konstatin. Til dess var det dei kristne som hadde blitt plaga og forfølgde for si trus skuld. No vart det omvendt. Konstantin opphøgde kristentrua til offisiell religion i det romerske imperiet – frå 380 fekk bibelens lære status som den einaste tillatne religionsforma. Det skal sterk rygg til å bera slike utsøkte privilegium utan å misbruka dei. Det kan vi sei at kristendommens fremste faneberarar ikkje greidde. Dei som til dømes vil veta meir om dei homofiles kranke lagnad i kyrkja kan lesa Jostein Børtnes' kapittel om «Kjetteri og sodomi».

DEI ORTODOKSE SAT jamt med hegemoniet og eit naturleg – så å seia gudegitt – overtak i striden. Og ortodoksiens kamp mot dei vantruande fekk eit storslått startskot på kyrkjemøtet i Nikea i 325. Der la kyrkjefedrane grunnlaget for det politiske kompromisset om trieinigheitslæra. Det er ei lære somme av oss slit med å begripa i 2009, så det var vel ikkje til å undrast over at kristne i antikken hadde vanskar med å få auga på det logiske førelegget for eit slikt kunstgrep. Men dei som ikkje aksepterte vedtaket om den treeinige gud vart prompte stempla som falske profetar.

DEI HAR DET VORE MANGE av opp gjennom hundreåra. Dei var kort sagt djevelens verk. Men at det vart lærestrid er ikkje så underleg. Kristendommen var ung og mangt skulle tolkast, og tolkingslæra var ikkje så godt utvikla som i dag. Her var mykje ugjort. Stridstema i kristendommens første tid gjer Einar Thommassen grundig greie for i bokas første kapittel. Her kjem han blant anna inn på den gnostiske og markionittiske gudsforståinga som oppstod i Mesopotamia (Irak) og Iran på 200-talet, og som seinare fekk namnet manikeismen: Tilværet var ein kamp mellom ånd og materie. Også dei oppfatta seg som forvaltarar av den sanne fortolkinga av Jesu og Pauli ord, og manikeismen skulle leva vidare i Asia i meir enn tusen år.

DET SOM SLÅR EIN LESAR av kjetteriets historie er den brutaliteten den ortodokse kyrkja – dei til kvar tid rettruande – har brukt i kampen mot annleis tenkjande og truande. I lærespørsmål er kyrkja sanneleg ingen sundagsskule. Ingenting var verre enn å preika ei avvikande lære, som kunne føra folket inn på ein veg som førte lukt i fortapinga. Det måtte i så fall vera om du var medlem av ein konkurrerande religion, så som jødedom eller islam. Slike menneskelege utvekstar var det tryggast å ta livet av.

I det sekulære Noreg har det roa seg, og det mest skremmande vi hugsar til er bølgjene kring Hallesby og helvetet på 50-talet, og ein og annan svovelpredikant som gjorde bygdene utrygge til inn på 60-talet. Den offisielle norske kyrkja framstår på 2000-talet som vidopen og tolerant. Då Jacob Jervell i 2002 nyomsette evangelia – og skrinla ordet helvete til fordel for det opphavlege Gehenna – vart det helsa med glede jamvel av konservative bispar som Odd Bondevik og Olav Skjevesland. Men harmonien er ikkje total, for tilsvarande glede vart aldri registrert i Indremisjonsforbundet, der helvetet tradisjonelt har hatt vesentleg høgare status.

Les også

Siste fra Olav Kobbeltveit

Fakta

fakta/ kjetteri

* Nyleg utkom boka «Kjetterne og kirken», redigert av Thomas Hägg ved Universitetet i Bergen

* Kjetteri svarar til det norske ordet vranglære

* Kampen om den rette læra hardna til etter at kristendommen fekk status som offisiell religion i Romarriket på 300-talet

* Martin Luther (1483-1546) er ein av historias mest kjende kjettarar

Relaterte bilder