Veg som joker i valkampen

Norsk vegstandard ligg seksti år etter svenskane. Og der blir vi visst liggjande...

DEN SKRØPELEGE vegstandarden i Noreg blir heitt valkamptema framover mot september. Det er på høg tid.

Det er snart tre år sidan forskar Knut Boge disputerte for doktorgraden sin om vegbygging i Noreg, Sverige og Danmark . Konklusjonen var blant anna at vi nordmenn ligg mellom 30 og 60 år etter nabolanda våre. Seinare har det skjedd lite. Den raudgrøne regjeringa har plussa på veg- og jernbanebudskettet med ein del milliardar, og det er bra. Men det monnar så lite. For om vi ser den såkalla satsinga som del av bruttonasjonalprodukt (bnp), så går det faktisk galne vegen.

Det er, dessverre, også gamalt nytt. I 1995, då Gro Harlem Brundtland var statsminister i Noreg, fekk samferdslesektoren 2,5 prosent av statsbudsjettet. Ti år seinare, då var det Bondevik II som styrde landet, var denne prosenten redusert til 1,65. Men det er verre enn som så. På 1980-talet drog samferdsleministeren av garde med heile åtte prosent av statsbudsjettet. Då forstår vi kva veg det ber.

KORLEIS KAN DET ha seg, i rike Noreg? «Fordi vi fortsatt bygger veier som om vi skulle være et fattig etterkrigsland», seier professor i vei- og trafikkmiljø ved NTNU, Knut Selberg, til Aftenposten. Han har heilt rett. Vi kan godt bruka tid på kven som har skulda, men det tener til ingenting. Den krangelen vi då får – mellom dei ulike grupperingane som har hatt regjeringsansvar – gjeld lommepengar i den samanhengen vi no snakkar. Inga regjering etter 1970 har prøvd å ta det store løftet. Litt klatting her, og litt klatting der.

MEN DET ER FLEIRE parti som tek til å vakna. Høgre snakkar om å halvera byggjetida på norske veganlegg. Prosjektfinansiering, der heile anlegget er ferdig finansiert før byggjestart, er eit stikkord. Såkalla OPS, offentleg-privat samarbeid, er eit anna. Men det er – som alltid – Frp som har vakna først – og mest. Leiar i samferdslekomiteen, Per Sandberg, vil plussa på 7,5 milliardar til vegar kvart år.

Det kan høyrast imponerande ut, særleg målt mot at alle landets bompengeprosjekt anno 2009 utgjer 5,9 milliardar i året. Men her skal pengane få bein å gå på, når Sandberg og Co skal overta – og statsfinansiera – alle bompengeprosjekta vi no har gåande. Ei påplussing på 75 milliardar i tiårsperioden, parallelt med at bompengeprosjekta vart betalt av bilistane, ville på ein heilt annan måte gjort veg i vellinga.

DÅ KJEM ØKONOMANE i Finansdepartementet viftande med handlingsregelen, som legg sterke føringar for kor mykje oljepengar som kan brukast i norsk økonomi. Pluss/minus fire prosent av oljefondet er ein slags fasit. Tidlegare finansminister Per-Kristian Foss medgav i eit intervju med NHO-bladet Horisont før jul at Bondevik II burde ha fått til meir på veg og bane. Han meiner tida er inne for eit reelt løft til samferdsle. Han formulerer eit løft som ikkje kjem i strid med handlingsregelen: «Det er andelen av budsjettet som må økes». Men då skrik dei som vil prioritera helse og barnehagar. Landsmøtet i mai vil avklåra kor sterkt Høgre vil satsa på veg og bane dei næraste ti åra.

NOREG ER EIT ANNA LAND enn Danmark og Sverige, og parallellføringa skal ikkje drivast for langt. Danmark er som ei pannekake, endå om dei store bruprosjekta har kosta flesk. Sverige avvikla «glesbygden» på 1970-talet. Det var eit politisk val, og ei stor folkeforflytting sørover. Men det har spart svenske styresmakter for alle små vegstubbar til avsides grender.

Noreg har fram til 90-talet bygt små vegstubbar til grender som – kanskje – ikkje vil overleva. Somme var opplagde mistak. I dag er det vesentleg tyngre å fremja den slags vegprosjekt. Det er som det må vera. Trua på at alle grender og utbygder har livets rett, er sterkt redusert. Også i Senterpartiet.

Dess viktigare er det å satsa på stamvegane, dei som skal binda landet saman. Også her er etterslepet overveldande. Det har truleg ein samanheng med at norsk vegbygging ikkje i særleg grad har vore kopla til næringspolitikk. Norsk næringsliv, spreidd over heile landet, startar med svære handikap i konkurransen med danske og svenske bedrifter, som altså har eit forsprang på mellom 30 og 60 år. Det er mykje. Men det understrekar at betre vegar og jernbane på norsk jord er ei svært framtidsretta investering. Avkastninga av slike investeringar er truleg vesentleg større enn det vi kan henta inn av eit oljefond investert i utlandet.

LITT AVHENGIG AV korleis valkampen kjem til å arta seg, kan samferdslepolitikken bli ei av tre eller fire avgjerande saker. Landsmøta framover våren vil visa korvidt politikarane har forstått dette. Dei kan trygt leggja til grunn at veljarane har fått det med seg.

Sei di mening om norsk samferdslepolitikk her.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

fakta/ samferdsle

* Samferdslebudsjettet for 2009 er på 19,3 milliardar kroner

* Saman med 5,7 mia via bompengar gir det ei vegsatsing på 25 milliardar kroner.

* Bondevik II i perioden 2002-2005 brukte totalt 70,0 milliardar på veg

* Stoltenberg II vil i perioden 2006-2009 bruka 87,3 milliardar kroner på veg

Relaterte bilder

FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON