Krigen sett frå Oslo vest
Eit liv med kvinner, vin, laks og gåselever. Også slik kan Jens Chr. Hauges krigsår på Oslo vest lesast.
AV: olav kobbeltveit
DET ER SAGT OG SKRIVE mykje godt om Olav Njølstads bok «Jens Chr. Hauge - fullt og helt». Med god grunn. Hauge var ein viktig mann i oppbygginga av Milorg, som skulle spela ei rolle i krigens siste fase. Kor stor rolle er ikkje heilt eintydig avklåra. Han var også ein sentral mann i ombygginga og vitaliseringa av det norske forsvaret etter krigen. Alt dette skriv Njølstad godt om.
Jens Chr. Hauge føretok - til liks med faren, som var husmannsgut frå Rolvsøy - ei dryg klassereise. Han bestemte seg nok for aldri å sjå seg tilbake. Men å følgja krigen via Hauges person er på eit vis å få krigssoga presentert gjennom fugleperspektiv. Det kan vera interessant, og til og med lærerikt. Men for dei aller fleste nordmenn - som ikkje hadde romslege husvære på Frogner og tilliggjande herlegheiter - vert dette eit totalt framandt og nokså aparte blikk både på det norske samfunnet 1940-45 - og på krigen i Noreg.
I NOVEMBER 1938 SKULLE den nyutdanna juristen Jens Chr. Hauge - med glimrande eksamen - gjera si juridiske verneplikt som dommarfullmektig i Kragerø. Kort føre hadde han gifta seg med den to år eldre Anna Sophie (Lillann) Dedekam frå Arendal. Ho var dotter av ein rik skipsreiar, som blant mange andre ting dreiv med eigen vinimport, og sytte for at dei fire døtrene - tre av dei gifte med kvar sin jurist - vart velsigna med godsakene. Også i fengsel, viste det seg. I august 1941 sit Hauge på «Bayer'n», kretsfengslet i Åkerbergveien 11 på Oslo aust, og får besøk av kona. Njølstad skriv: «Hauge var trolig den eneste krigsfangen på Bayer'n som kunne supplere den enkle fengselsfrokosten med vin, laks og gåselever». Det er eit understatement.
Hauge har på si side funne seg vel til rette på sitt nye sosiale høgdedrag. Han har funne sitt rette nivå. Han gjer seg dess meir munter over at fangevaktarane ikkje veit forskjell på gåselever og leverpostei! I tillegg vert fengselsfuglen Hauge rikt velsigna med blomster, frukt, rømme og sjokolade, eit sortiment også vaktmannskapa hadde greie på.
NJØLSTADS SKILDRING av fengselsopphaldet til Hauge set på mange vis standarden for det sosiale livet han seinare i krigen, og seinare i livet, skulle føra på Oslo vest. Svigerfaren ordna med rentefritt lån. «Jeg har ordnet med Creditbanken efter vår avtale, og Du kan nu henvende deg til Hovedkontoret, hvor Du vil få utlevert scheckhefte». Kona Lillann sende han til ein støl i Valdres, der ho stort sett heldt seg til krigen var slutt. Hopehavet dei to imellom avgrensa seg til korte besøk. Til gjengjeld nytta Hauge tida godt. Medan kona var i Valdres auka barneflokken frå to til fire.
Hauge sjølv hadde, som vi forstår, nok å stri med på sin kant - Oslos vestkant. Her skifta han identitet like ofte som ein annan stakkar skifta skjorte, og endå oftare opphaldsstad. Men den sosiale standarden var stødig og stabil. Under storparten av krigen hadde han offisiell adresse hos mora på Ljan. Den romslege heimen i Professor Dahlsgate - beste vestkant - leigde han ut. Men det fanst flust opp av andre dekkleiligheiter i same området. Han overtok ei i Kirkeveien på Majorstua, og skaffa seinare ei i Munkedamsveien 75. Det framgår aldri av boka at dette å skaffa seg ekstra leilegheiter var eit økonomisk spørsmål. Såleis skaffa han seg også ei i Camilla Collettsvei 8 og endeleg ei - «romslig og uforstyrret» - i Colbjørnsens gate 8. Her var det berre å hiva seg på sykkelen, så var det alltid ei leiligheit i nærleiken. Berre unnataksvis - og kanskje på grunn av det eksotiske - tok han turen over til austkanten, til ei leiligheit på Grünerløkka, med adresse Markveien 48.
DET ER EIT SPENNANDE LIV, og farleg, med Gestapo som aldri kvilande fiende. Men det er også eit liv på sosialklasse 1, der gode vener frå borgarskapet på Oslo vest kan nyta godt av kvarandres gode selskap, der Hauge - «pigernes Jens» - har tilgang på kvinner anten han er i Oslo eller på ein sjeldan Valdres-tur. Det er selskapelege samkomer, der det blir henta vin i kjellarane, og der Heimefrontens kvinner og menn dyrkar det gode måltidet og den gode samtalen. Visesong blir det også tid til, og det er gjerne Hauge som er tekstforfattar. Dette står, det må vi kunna sei, i ein viss kontrast til det meir armodslege Krigs-Noreg vi elles møter rundt i by og bygd.
Noregs fremste bidrag til den allierte krigsinnsatsen er handelsflåten og dei norske sjøfolka. Oppunder 5000 av dei misser livet gjennom krigsåra. Etter krigen er Jens Chr. Hauge ein viktig del av det Ap-regimet som nektar krigsseglarane og deira etterlatne tilgang til pengane frå Nortraship-fondet. Han er også mellom dei som bestemmer korleis krigshistoria skal skrivast, og kven som skal skriva henne. Og sant å seia - i det kollektive minnet til nordmenn av i dag er truleg Oslo-gjengen og Heimefrontens innsats i krigsåra meir spektakulær og tyngre påakta enn den norske sjøfolk stod for.
HISTORIKAREN OLAV NJØLSTAD er trygt tilsett ved Forsvarets forskingsinstitutt. Han er sånn sett «betrudd», av så vel Jens Chr. Hauge som av Arnfinn Moland, direktør ved Heimefrontmuseet. Han har fått tilgang til kjelder andre ikkje visste fanst. Han skriv ei historie om Hauge og om krigen som får beste karakter av den same Moland. For ordens skuld - han har fått beste karakter av andre også.
Men i alle fall to gonger kjem han i kontakt med sensitivt stoff, om saker der både Hauge og Heimefrontmuseet har engasjert seg tungt for å hindra kritisk innsyn. Det gjeld først Heimefrontens likvideringar, som Njølstad rett nok behandlar inngåande. Men det endar med at han kjøper Hauges - og Molands - premissar og konklusjonar. Alle andre synspunkt avviser han med forakt.
DEN ANDRE SAKA GJELD Svein Blindheims bok «Offiser i krig og fred», der Linge-karen Blindheim også kjem inn på norske operasjonar i Finland etter krigen. Her ser vi ein historikar som altfor glatt overtek og på eigen kjøl vidarebringar Hauges versjon av kva som er rett og gale om krigssoga. Det er Blindheim som tek feil. Njølstad kolporterer eit notat forfatta av Hauge, der Hauge kommenterer «hver eneste feilaktige og misvisende påstand han hadde kommet over - de var ikke få». Javel? Kva feil er det snakk om? Det får vi ikkje veta noko om. Det er innforstått kunnskap mellom historikar Njølstad og kjelda hans.
Når det kjem til Finlands-operasjonane, skriv Njølstad, legg Hauge raudblyanten frå seg. I staden slår han fast at boka representerer «den groveste overtredelse av straffelovens bestemmelse om hemmelighold som man kan forestille seg».
Her kan i alle fall ein kritisk lesar falla på den tanken at Njølstad har gjort opp for seg. Han har skrive Oslo-borgarskapets krigshistorie - inkludert likvidasjonshistoria - nøyaktig slik kjelda ville det. Til punkt og prikke.
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
Relaterte bilder
KRIGEN PÅ OSLO VEST: Historia om Jens Chr. Hauge er blitt historia om krigen sett frå Oslo vest.
KOMMENTARER Våre regler