Venstre som ja-parti
Ja-sida i Venstre har bygd seg opp i det stille, og til våren tek dei truleg over partiet. Men kanskje blir det ikkje så mykje oppstyr?
AV: olav kobbeltveit
Kva er skilnaden på Høgre og Venstre? Tja, det er ikkje alltid like godt å seie, men hittil har EU-saka vore eit klårt skilje. Venstre har like sidan 1972 vore eit nei-parti, endå om det den gongen førte til ei tragisk kløyving av partiet. Men ja-sida har vore på frammarsj. Sist EU-saka var tema - det var på landsmøtet i 2005 - var det berre ei handfull røyster som sikra partiet vidare status som nei-parti.
Partileiar Lars Sponheim har like sidan han kom på Stortinget i 1993 vore nei-mann. Men neiet har liksom vorte mindre og mindre tydeleg. Ein gong sa han at hjarta sa ja, medan hovudet sa nei. Og hos Sponheim er det hovudet som gjeld. Heile tida har han vore nøye med å presisera at nei eller ja til EU ikkje bør vera noko saligheitsspørsmål - ikkje for han og ikkje for Venstre. No er han i tenkjeboksen. Han skal varsla sitt nye - eventuelt sitt gamle - standpunkt i landsmøtetalen til våren. Dei fleste trur på ja. Men då den tidlegare sjefen hans, Kjell Magne Bondevik, gjekk i tenkjeboksen, kom han utatt med det gamle standpunktet intakt. Så litt spenning kan det knyta seg til Sponheims tale.
Eit varsla skifte
Eit ja til EU-vedtak på Venstres landsmøte i april kjem ikkje som noka bombe. Unge Venstre har vore ivrige EU-tilhengjarar i lang tid, og no tek dei til å kravla inn i moderpartiets posisjonar. Partiet har samstundes gjennomgått ein urbaniseringsprosess, der Oslo og indre Oslofjord er blitt eit sterkt Venstre-område.
I hovudstaden er det nestleiar Ola Elvestuen som styrer. Han er urbanisten som garanterer for eit byråd samansett av Høgre og Framstegspartiet. Det forklarar toleransen for Frp, og at han tuklar det litt til for partileiaren kvar gong Sponheim - på nasjonalt plan - vil markera uoverstigeleg avstand til Frp. Fleire strevar med å få tak i kva som er Venstres gevinst i hopehavet i Oslo, bortsett frå å få vera med på leiken.
Ola Elvestuen er EU-tilhengjar. Trine Skei Grande, også nestleiar, har hittil vore EU-motstandar. Men ho presiserer at ho ikkje for alltid er låst i sitt gamle standpunkt. Særleg kan det skje at miljøsaka - med eit EU som er meir offensivt enn Noreg - får henne til å endra oppfatning. Den tidlegare nestleiaren Olaf Thommessen var også erklært EU-tilhengjar. Problemet er naturlegvis at medan Venstre blir ja-parti, er folkedjupet solid forankra på nei-sida, med rekordmålingar for EU-motstandarane.
I stortingsprogrammet for inneverande periode står det at Venstre ikkje vil at Noreg skal søkja EU-medlemskap. Partiet vil heller satsa på EØS-samarbeidet.
Det blir i første rekkje grunngitt med Venstres styrande prinsipp, som seier at avgjerder skal takast - og oppgåver løysast - nærast mogeleg den avgjerda gjeld. Venstre vil difor flytta fleire avgjerder frå storting og regjering og ned til det lokale demokratiet. Det er det motsette av å flytta avgjerdsmakt til Brussel, som ifølgje stortingsprogrammet vil føra til «økt avmaktfølelse hos borgeren».
No ser det ut til at fleirtalet i programkomiteen er i stand til å sameina Venstres demokratisyn og «styrande prinsipp» med ei overflytting av makt frå Stortinget til Brussel. Det er ikkje sikkert dei klarar å overtyda nei-folket i partiet om at dette heng heilt i hop. Men forslaget kjem til å liggja på landsmøtets bord med ei tilråding til å søkja om norsk EU-medlemskap. Det kan i det minste bli ein frodig debatt før landsmøtet gjer kål på ein av dei siste markante politiske skilnadene mellom Venstre og Høgre.
Kommunesamanslåing
Tradisjonelt har Venstre vore fremste hærføraren for den myndige borgaren, som på alle nivå - kommune, fylkeskommune og nasjonalt - skulle engasjera seg og kjempa fram politiske løysingar. Folkestyret var sjølve hjartebarnet. I dagens program står det at «For Venstre er det helt uaktuelt at vedtak om kommunesammenslåing skal fattes av andre enn kommunene selv. Lokal identitet kan ikke vedtas på Stortinget. Endringer i strukturen må skje ved frivillighet».
«Men det var da det og itte nå». No vil Lars Sponheim bruka tvang - om enn mild - for å slå saman kommunar som ikkje vil. Akkurat som Høgre. Truleg som ein del av moderniseringa av partiet. No er det tenesteproduksjonen som er sett i høgsetet. Og økonomien. At lokaldemokratiet fungerer best i små einingar, og at folk er mest nøgde med folkestyret i små kommunar, blir mindre viktig. Den myndige borgaren er blitt heilt borte i den nye Venstre-diskusjonen om kommunesamanslåing. Han er vel blitt kunde og klient - i Venstre som i Frp ...
Hva mener du om EU? Diskuter her.
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
Fakta
- Venstre vart kløyvd på EU-saka i 1972.
- Venstre har hittil vore nei-parti.
- No seier 11 i programkomiteen ja til EU - tre seier nei.
- Saka kjem opp på Venstres landsmøte i april.
KOMMENTARER Våre regler