Då Noreg mista dyden
StatoilHydros eventyr i Libya skakar Noregs mektigaste selskap. Vi lyt motvillig innsjå at korrupsjon er blitt langt vanlegare her til lands dei siste 20 åra.
- Publisert: 20.okt.2008 06:00
- Oppdatert: 20.okt.2008 06:34
Det er vassverksaka på Romerike som får mest plass. Det er ikkje urimeleg, for den fekk dei tre Aftenposten-journalistane SKUP-prisen for. Men elles er det meir enn nok alvorleg, norsk korrupsjon å ta av i boka Korrupsjon i Norge, skriven av journalistane Siri Gedde-Dahl, Anne Hafstad og Alf Endre Magnussen.
Frå krigsslutt i 1945 og fram til Oslo-skandalen i 1990 vart det avslørt smått med korrupsjon i Noreg. Det var slikt dei dreiv med i utlandet. Men Oslo-skandalen – der tilsette i vedlikehaldsetaten tok imot millionsummar for å skaffa entreprenørfirma oppdrag i kommunen – gav mistanke om at ikkje alt var så praktfullt som statistikken ville ha det til. Søkjelyset vart først flytta rundt på ulike etatar i Oslo, så som Ullevål sykehus, skuleetaten og Oslo Lysverker. Ikkje alt var like bra. Det skarpe lyset vart flytta ut til andre bransjar, og i perioden 1990-2004 vart 52 personar domfelte for korrupsjon. Halvparten var knytte til Oslo-skandalen.
Men det skulle bli verre. I perioden frå 2005 og til og med juli 2008 vart ytterlegare 49 personar/selskap domfelte/straffa for korrupsjon.
2008 ser ut til å bli rekordåret. 22 var domfelte til og med juni i år. I tillegg er drygt 20 personar/firma sett under tiltale og får opp sakene sine i haust. Forfattarane trur dette er toppen av isfjellet. Det har dei truleg rett i.
Golftur til Alicante
Kva er ein smørjetur, og kor går grensa for
det utillatelege – og det ulovlege? Bystyrepolitikarane Rune Gerhardsen (Ap)
og Svenn E. Kristiansen (Frp) drog på gratistur med Color Line til Kiel, og
vart utsett for ein kritisk artikkel i Dagens Næringsliv. Kollega Peter N.
Myhre (Frp) takka nei fordi han «prøver å vera varsam med å seia ja takk til
slike tilbod». Korrupsjonsekspert og forskar ved Chr. Michelsens Institutt,
Tina Søreide, meinte turen var heilt uakseptabel, og både Gerhardsen og
Kristiansen sa seg ugilde då ei sak om Color Line seinare kom opp i Oslo
bystyre. Men det er ikkje det same som at dei to Oslo-politikarane braut
straffelova.
Den såkalla Siemens-saka er også med i boka. Der var utgangspunktet at Siemens spanderte golftur til Alicante på ei rekkje norske forsvarstoppar. Totalt brukte Siemens-konsernet i perioden 2000-2004 heile 17 millionar kroner på å smørja tilsette i Forsvaret.
Mest merksemd knytte det seg til straffesaka mot kontreadmiral Atle Torbjørn Karlsvik, som i mars vart frikjend i Gulating lagmannsrett. Det var, slik BT såg det, ei problematisk frifinning, fordi ho gjer det vanskeleg for staten å rydda opp i ein påvist ukultur i Forsvaret. Karlsviks forsvar var bygt rundt det faktum at det Karlsvik gjorde – det gjorde alle. Det seinare forliket med Karlsvik – der Karlsvik fekk avskil og laut betala 240.000 kroner tilbake til Forsvaret – avskar staten frå å få avdekt den korrupsjonskulturen dei meiner finst blant norske toppoffiserar. Og Siemens er teken til nåde...
Kongen på Romerike
Den mest spektakulære korrupsjonssaka i
Noreg i nyare tid er likevel den om vassverkkongen på Romerike. Vi møter den
karismatiske og handlekraftige Ivar Thorer Henriksen, som var ein dyktig
fagmann, ein mann med store vyar – og ei frapperande evne til å skjera klar
alle nærgåande spørsmål frå styremedlemmer – og alle andre.
Gamle Astrid Finstad i Hakadal fekk møta den rause og velsigna ubyråkratiske Henriksen. Finstad hadde frostvinteren 85-86 ikkje innlagd vatn, og måtte gå over tunet når ho skulle på utedo. Søknader om kommunalt vatn og kloakk var avslått. Men Henriksen såg Astrid Finstad med vassbøtta. Då det skulle strekkjast ny vassleidning i området bad han fru Finstad om å flytta heim til dottera si medan arbeidet pågjekk. Vel heimattkomen var forfjamselsen stor. Henriksen hadde lagt inn vatn og kloakk, og ein del av gangen var omgjort til moderne bad med do og dusj. Gratis. «Kompensasjon for at vi grov i hagen hennar», forklarte Henriksen. Slik opererte vassverkkongen.
Men ikkje berre slik. Saman med sonen dreiv han ei utstrekt korrupsjonsverksemd der dei to karane stakk til seg offentlege midlar i stor stil, og blant mykje anna investerte pengane i sør-afrikanske jaktfarmar. Han vart dømd til åtte års fengsel for grov korrupsjon, og lyt betala tilbake 63 millionar kroner. Sonen fekk fire og eit halvt års fengsel. Fleire andre i nettverket vart dømde til fengselsstraffer. Alle dei dømde har anka.
Romslegare før
Det problematiske med korrupsjon er å finna
ut kor grensa går. Det er ikkje opplagt. Ein aggressiv legemiddelindustri
seier dei vil det beste for alle når dei hentar legestanden inn til dyre
kurs og konferansar. Her er praksis blitt vesentleg strammare, men det er
svært ulike meiningar blant folk om kva som er gangbart og ikkje gangbart.
Somme gonger er det i tillegg slik at det – særleg i ettertid – er lett å
sjå at ein skulle sagt nei takk til ein påspandert tur. Det er likevel verre
å påvisa at turen gav gevinst for den som betalte gildet.
I kommunestyra rundt om er det ofte spørsmål om folkevalde er gilde eller ugilde, og det kan det vera svært delte meiningar om rundt bordet. Lovteksten er ikkje alltid til hjelp.
Andre gonger er det meir opplagt kva som er rett og gale. I rettssaka mot Karlsvik var det mange som fann det svært pinleg – for Forsvaret og offisersstanden – at eit nærast samla admiralkorps stilte seg bak handlemåten til kontreadmiralen.
Eit nedslåande kapittel i boka er det som omhandlar varslarane. Det er ein overvurdert profesjon. Vi er snare til å oppmoda folk om å varsla når dei ser noko som ikkje toler dagslys. Men når vi ser kva lagnad mange av dei får, er det lett å forstå at folk kvir seg.
Berre spør entreprenør Svein Raknerud. Det var han som avslørte rotenskapen på Ullevål sykehus. Han vart ikkje trudd. Han vart slått konkurs. Og han er, seier han i boka, «skuffet og forbannet». Det har han all grunn til.
Kvifor aukar korrupsjonen i Noreg? Bruk kommentarfeltet!
Kommentarer
Gratulerer med oppstandelsen Kobbeltveit.
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Innbrudd i Griegpark
Knuste seg inn i tre biler.
-
- Hvem satte fyr på seilbåten?
Eieren fortviler etter at tyver stjål seilbåt og satte fyr på den i helgen. .
-
Gravid kvinne i kollisjon
Smell i Åsane.
-
Sol og skyer holder «giftlokket» unna
- Denne uken blir ikke så ekstrem som i januar.
-
Avhoppere satser stort på Bryggen
Tre av byens finanstopper har gått sammen om nytt selskap. 13
På forsiden nå
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon
- 14:12 Sol og skyer holder «giftlokket» unna
- 13:27 Avhoppere satser stort på Bryggen
- 13:12 Døde av overdose
- 12:35 Tilfeldig møte
- 12:18 Evakuert fra stanken

























































Siste Kommentarer
Gratulerer med oppstandelsen Kobbeltveit.
Se alle innlegg