Lengten etter ein norsk elite
I debattboka «Norge. En diagnose» etterlyser Janne Haaland Matlary – på nytt – ein norsk elite. Men det er den høgresida ho høyrer til som skryt av at dei ikkje les bøker.
«Man sa «De» til hverandre, det var høflighet og respekt, men selvsagt også drepande argumenter – de var imidlertid faktabaserte, logiske og elegante».
Det er professor i statsvitskap, Janne Haaland Matlary (KrF), som skriv dette i boka «Norge. En diagnose», redigert av Aftenpostens Knut Olav Åmås. Vi kan – etter å ha lese ein artikkel som i eitt og alt slaktar norsk politikk og norske politikarar – lett slå fast at det ikkje er sitt heimlege miljø ho refererer til. Nei, vi skal til Frankrike, og ein debatt mellom dei to franske presidentkandidatane i 2007, der i alle fall den eine av dei, Ségolene Royal, hadde studert ved prestisjeskulen École Nationale d'Administration. Der finn vi nivået – kulturelt og politisk – som Haaland Matlary etterlyser.
Det norske nivået er til gjengjeld ikkje til å halda ut: Ingen respekt for kunnskap, ingen respekt for danning, ingen respekt for kultur. Norske politikarar har for lite kunnskap, og dei kjem til kort i utlandet. Difor refererer ho til at Lord Carrington, den gongen han var generalsekretær i NATO, let falla følgjande replikk: «He hasn't been around much, your minister?» Ho legg til, for at ingen skal missa poenget, at dette var britisk understatement.
Men norske politikarar blir, stadig ifølgje Haaland Matlary, aksepterte så lenge dei framstår som tilstrekkeleg folkelege. Der har du det norske. Og for ordens skuld – etter Haaland Matlary sitt syn har Noreg ei presse som står godt til det politiske og kulturelle nivået elles.
Rabelais tek ikkje feil ...
Debattboka til Åmås inneheld ti artiklar om dagens skakkøyrde Noreg, og etter alt å dømma går det «ad helvete til», som dansken seier. Vi har for mykje pengar, og vi tek ikkje klimakrisa alvorleg. Det er truleg rett. Men i denne skissa skal vi særleg sjå på Kristin Clemet (Høgre) og Janne Haaland Matlary sine artiklar om det katastrofalt dårlege kunnskapsnivået i det norske samfunnet. Begge synest det er ille, men Haaland Matlary går – som vanleg – lengst.
I hennar augo er norsk skule prega av eit forfall så stort at ho ikkje i farten ser korleis det kan rettast opp. Grunnen er at det som i Frankrike er fast og udiskutabel kunnskap, er i Noreg blitt offer for subjektive synspunkt. Estetikk og etikk kan tolkast nett som ein sjølv vil. Det eine kan vera like rett som det andre.
Hos Haaland Matlary finst det berre ei sanning, nett som i den franske skulen. «I det franske system har læreren nesten alltid rett.» Der er det ikkje rom for elevsynspunkt av typen «jeg synes Rabelais tok helt feil og at han ikke passer i vår tid». Kven treng ein lærar dersom eleven kan tolka ting fritt? spør Haaland Matlary, og har vel dermed gitt svar på kvifor ho har sendt sine fire born på fransk skule, heilt frå barnehagealder.
Clemets eliteskule
Tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet er også kritisk til norsk skule. Men ho sit med eit medansvar for elendet, og er difor meir varsam i ordvalet. Ho medgir endå til at det er mykje godt å seia om norsk skule. Men ho okkar seg som Haaland Matlary, og er usikker på om Noreg eigentleg vil vera ein kunnskapsnasjon. Vi verdset ikkje, og har aldri verdsett, kunnskap på same måten som andre land gjer det. Og, spør ho, tør vi satsa på ein elite i Noreg – landet der likskapsideologien står i vegen for dei beste?
Eg trur norsk skule har sakka akterut dei siste tiåra. Punkt 1: På lærarhøgskulen kom dei inn med to i norsk frå vidaregåande. Inn i klassane både på ungdomsskule og vidaregåande er det blitt pressa rått og rote, og dei som ikkje ville læra har fått halda på med sitt, til stor skade for dei som ville læra. Læringsmiljøet har vore for dårleg. Lærarane får for dårleg betalt, og blir for lite respektert. Men det har kanskje ein viss samanheng med punkt 1, at altfor mange med dårlege karakterar hamnar i lærarhøgskulen. Kanskje ein skulle starta med å setja opp lærarlønna?
Men eg avviser at mangel på respekt for kunnskap er eit særnorsk fenomen, som vi har lide under til alle tider.
Kunnskap skal styra
Då eg gjekk på barneskulen lærde vi «Kunnskap skal styra rike og land» utanåt, og vi song han fleire gonger for veka. Venstre hadde store tankar om å løfta folket – les: bøndene – opp på eit høgare nivå både kulturelt og politisk, og dei fekk det til. Landsgymnasa var uttrykk for ein vilje til å gje kunnskap og kompetanse også til dei som budde utanfor byane. Folkehøgskuletanken skulle gje eit kulturelt løft til norsk ungdom, og gjorde det. Det som var realskule for dei få vart til ungdomsskule for alle. Så det komplekset Haaland Matlary og Clemet slit med finst det neppe historisk belegg for. Men PISA-granskinga gir ein peikepinn om at vi per dato får altfor lite att for alle dei pengane vi pøser inn i det norske utdanningssystemet.
Men altså – i denne situasjonen er det eliten Haaland Matlary og Clemet kjenner ansvar for. Det høgskulesystemet somme av oss ser som eit gode, blir i boka framstilt som nivellering og meiningslaus distriktspolitikk.
Kristin Clemet er drøftande og spørjande. Janne Haaland Matlary er drepande, og har det ikkje lett «i et land som ikke har filosofisk skolering». Eg meir enn anar at ho pønskar på å skaffa seg eit nytt folk. Men det er folk på norsk høgreside som skryt av at dei aldri les bøker.
Sjølv er eg glad for at ho neppe nokon gong får fingrane bort i norsk skule.
Manglar nordmenn respekt for kunnskap, kultur og danning? Syng ut i kommentarfeltet!
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
fakta
- I dag kjem debattboka «Norge. En diagnose»
- Ti forfattarar – inkludert to svenskar – skriv om tilfellet Noreg
- Mange er kritiske til eit oppblåst norsk sjølvbilete
- To artiklar slår fast at nordmenn er kunnskapslause og manglar respekt for kunnskap
Relaterte bilder
KOMMENTARER Våre regler