Irsk beinkrok for nytt EU?

Det er berre det irske folket som får seia meininga si om Lisboa-traktaten. Det styrkjer oppfatninga av det nye EU som eit reint eliteprosjekt.

Europaunionen er, så mektig han enn kan framstå, på mange vis ein skjør plante. No er det nye katastrofevarsel som pregar fellesskapet. Ferske meiningsmålingar frå den grøne øya vest i Atlanterhavet tyder på at den irske entusiasmen for Lisboa-traktaten er på fallande kurs. Først var det dei irske bøndene som var problemet. Dei og Irish Farmers Association (IFA) fryktar at ein ny WTO-avtale skal gjera livet surt for irske bønder. Dei kravde at den irske statsministeren, Brian Cowen, skulle lova å leggja ned veto mot WTO-avtalen slik ho no ligg føre. Det fekk han ikkje lov til av briten Peter Mandelson, som er EUs handelskommissær.

Er det noko irane hatar, så er det å bli irettesett av ein arrogant brite. Peter Mandelson kan inngå i den kategorien. Irane har halde levande det vonde minnet om hopehavet med britane, heilt ifrå Oliver Cromwells brutale herjingar midt på 1600-talet til frigjeringa i 1921. No er det Mandelsons framferd i WTO som irriterer. Så Cowen bøygde av og lova bøndene veto.

Men straks bøndene vart brakt til ro var det andre grupper som fann det opportunt å visa misnøye med Lisboa-avtalen. Dei siste målingane viser anten knapt fleirtal mot eller knapt fleirtal for, og det er motstandarane som er i siget. Særleg urovekkjande er det at det berre er i gruppa over 50 år at ja-folket er i fleirtal. Ungdommen er solid imot.

Fransk og nederlandsk nei
Det er ein omkamp vi er inne i no. EU engasjerte den tidlegare franske presidenten Valery Giscard d'Estaing til å skaffa Europaunionen ei grunnlov. Vi kan vel seia at eks-presidenten skreid til verket med stor begeistring, og - viste det seg - vesentleg større enn det var grunnlag for. I 2005 skulle folket i Frankrike og Nederland seia sitt. Dei sa nei. Dermed var det sett sluttstrek for Giscard d'Estaings ambisiøse unionsprosjekt. Og hadde ikkje Frankrike og Holland sagt nei, så ville britane ha kome til å gjera det. I møte med folket var prosjektet kort og godt sjanselaust.

Men EU har lang røynsle med å takla tilbakeslag. Etter ein kort sorgperiode gjekk EU-eliten i gang med å berga stumpane. Dei mest pompøse sidene ved grunnlovsprosjektet skulle tonast ned. EU-hymnen - henta frå Beethovens niande symfoni - vart fjerna. EU-flagget fekk ei meir tilbaketrekt rolle. Grunnlovsterminologien vart dempa, heretter skulle det kallast ein reformtraktat.

Men - og det er viktig - mykje av innhaldet var det same. Dei høgtidsstemte vendingane vart redusert til kvardagsprosa, og hovudmålet var klårt nok: Å unngå at den nye traktaten laut sendast til folkerøysting i fleire land. Endå om fire av fem britar hausten 2007 kravde å få røysta over den nye reformtraktaten, så var ordren Gordon Brown fekk frå Brussel klår og grei: Folkerøysting kjem ikkje på tale. Så ingen kan undrast over at det stadig og med styrke blir snakka om EUs demokratiske underskot.

Den irske grunnlova
Gordon Brown har gjort som Brussel sa, endå om vi enno ikkje veit kor hardt han vil bli straffa for det på heimebane. Men irane kjem ikkje Brussel utanom, for i den irske grunnlova står det at alle spørsmål som gjeld avståing av suverenitet skal ut til folket. Og jamvel om byråkratane i Brussel har pynta brura, så er ingen i tvil om realiteten - det handlar om å flytta makt frå Dublin til Brussel.

Sett frå Brussel er dette tvingande nødvendig. Europaunionen tel no 27 land, og det gamle systemet med konsensus held ikkje lenger. Difor seier Lisboa-traktaten - vedteken av EUs stats- og regjeringssjefar i 2007 - at no er det nye røysterettsreglar som skal gjelda. Dei små landa får mindre dei skal ha sagt. Vetoretten blir avgrensa og fell bort innanfor retts- og sosialpolitiske område. EU får sin eigen utanriksminister og eigen president valt for to og eit halvt år om gongen.

Men traktaten handlar også om sosial dumping, og svenskane er svært skeptiske etter at ein lokal arbeidstvist enda med ein EU-dom som undergrev prinsippet om lik løn for likt arbeid. Skeptikarane meiner denne avgjerda er heimla i Lisboa-traktaten.

Nytt nei frå Irland?
Irane har vore ulydige ein gong før. Dei sa nei takk til ein EU-traktat i 2001. Då vart traktaten omarbeidd, og året etter vart det fleirtal for.

Danskane har også vore trassige, og sa nei til Maastricht-traktaten i 1992. Då gav EU danskane ein del unnatak, slik at dei sikra seg eit fleirtal i neste runde. Men kva dei skal finna på dersom irane seier nei på torsdag, er verre å få auga på. Det blir snakka om krise, for kommisjonspresident José Manuel Barroso forsikrar at dei har ingen plan B.

Det har dei nok, og dei har tenkt ut måtar å koma rundt eit irsk nei på, endå om det blir vanskeleg. For dette er EUs spesialøving - å koma seg gjennom kriser som i utgangspunktet ser ut som om dei skal velta heile unionen. Men mange hadde sett det som ein fordel om Brussel-eliten hadde vist større tiltru til folket, og sytt for å forankra traktatar og avtalar i folkedjupet.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet