Soria Moria og Utopia

Jens Stoltenbergs andre regjering sette seg føre å avskaffa fattigdommen . Kvifor ikkje ta bort arvesynda i same slengen?

«Det var i begynnelsen av juli, og usedvanlig hett i været. Henimot aftenen forlot en ung mann sitt lille kammer av en hybel i en av de store leiegårdene i S-gaten. Langsomt gikk han nedover gaten, det virket som om han ikke kunne bestemme seg for hva han ville gjøre, inntil han til slutt la veien mot K-broen».

Glupe observatørar vil alt ha skjønt at dette er innleiinga til «Forbrytelse og straff» - ofte kalla Raskolonikov - skriven av Fjodor Mikhajlovitsj Dostojevski og utgitt første gong i 1866. Det er eit storarta verk. Forfattaren - som sjølv hadde vore på tukthus i fleire år - grev seg djupt ned i menneskesinnet og avdekkar det som gjerne blir kalla «forbrytelsens psykologi».

Den er ikkje eintydig, og det har vore trong for å forska på temaet også etter Dostojevskis monumentale roman. Men menneskets forbryterske natur kan sporast tilbake til Adam og Eva, og Kain og Abel, og stikk vesentleg djupare enn Det norske Arbeidarpartiet hadde tenkt. For på 30-talet var det sterke krefter i det norske sosialdemokratiet som meinte at det vesentlegaste av tjuveri og bedrag kunne avskaffast i tråd med at fattigdommen vart avskaffa. Det var eit fåfengt prosjekt.

Soria Moria
Men Arbeidarpartiet - og særleg SV - gir ikkje opp. I regjeringsfråsegna frå Soria Moria heiter det ambisiøst - somme vil seia pompøst - at «Regjeringen vil føre en politikk for å redusere forskjellene i samfunnet. Vi vil avskaffe fattigdom ved å styrke de offentlige sikkerhetsnettene og ved å gi ledige mulighet til å komme tilbake i arbeid. Kamp mot arbeidsledighet er et høyt prioritert område. Arbeid til alle er det viktigste vi kan gjøre for å redusere sosiale forskjeller».

Då regjeringsfråsegna vart offentleggjort, skreiv avisene at regjeringa ville «avskaffa fattigdommen». Men då tok statsrådane, og i første rekkje Bjarne Håkon Hanssen, ein ekstrarunde og kom tilbake med følgjande presisering: Regjeringa ville avskaffa «fattigdom». Ikkje «fattigdommen» i bunden form. Her er nyansane viktige, for i ubunden form er ikkje Hanssen og regjeringskollegane hans forplikta til anna enn å gjera fattigdommen mindre - og mindre synleg.

Somme meiner det er eit nederlag for ei raudgrøn regjering. Tja. Det er vel strengt tatt så langt som noka regjering kan våga å strekkja fellen.

Skapa nye fattige
No går det ikkje så heilt verst med dette prosjektet, og det er til stor hjelp at tidene er betre enn regjeringa kunne rekna med då ho overtok makta i 2005. Høgkonjunkturen er oppe på toppar vi ikkje opplever i alle generasjonar. Dermed kan regjeringa slå i bordet med at det no er 200.000 fleire i arbeid enn hausten 2005. Det må kunna kallast ein dundrande suksess for den arbeidslina Arbeidarpartiet har gjort til sitt fremste mantra. Og eg trur partiet har rett: Får du heile folket i arbeid, er mykje gjort for å redusera dei sosiale skilnadane i samfunnet.

Men tettar du att i eine enden, så tyt det ut i den andre. Ferske tal får Statistisk sentralbyrå viser at talet på fattige - rekna etter EU-standard - har auka med 20.000 her i landet siste to åra. Barnefamiliane er i så måte ei utsett gruppe, saman med einslege forsytarar, familiar med mange born og unge einslege. Og - det må seiast - den norske fattigdommen anno 2008 er ofte knytt til innvandrarar. Det er den gruppa som i størst grad lyt ty til trygder og sosialkontor.

Men det er ei stor gruppe til - dei som droppar ut av den vidaregåande skulen. Desse ungdommane slit ofte med å finna fotfeste i arbeidslivet. Då er vegen til trygd og sosiale stønader kort, og den vegen er det ikkje så lett å koma seg ut av.

Det nyttar
Det er all grunn til å vera kritisk til ei regjering som per definisjon seier ho vil avskaffa fattigdom i Noreg. Det er relativt store ord. Ei regjering med Arbeidarpartiet som dominerande aktør - og SV som sosialt alibi - må rekna med å verta målt med millimetermål når ambisjonane er såpass høge - og såpass konkrete.

Jan Bøhler frå Oslo Ap er ikkje fornøgd. Han ropar ut at det er grunnlaget for fattigdom som må fjernast. Det held ikkje å lindra smertene. Han fryktar at vi kan få eit nytt sjikt av fattige dersom ikkje regjeringa passar på, og han tenkjer særleg på kronisk sjuke, folk med livsstilsjukdommar og ungdom som hoppar av skulen før dei er ferdige.

Det er lett å gjera seg munter over ei regjering som i fullt alvor seier ho vil avskaffa fattigdommen. Det blir som å fjerne menneskets forbryterske sinnelag.

På den andre sida har den norske velferdsstaten vist at det - langt på veg - er mogeleg å skapa eit samfunn der også dei som sit nedst ved bordet får eit verdig liv. Det er ingen liten ting. I andre land ser dei med undring og respekt på den norske og nordiske velferdsmodellen. Den norske velferdsstaten anno 2008 er truleg eit betre svar på fattigdomsproblema enn det Arbeidarpartiet på 30-talet kunne førestella seg.

Gjør regjeringen en god jobb i fattigdomsspørsmålet? Si din mening i kommentarfeltet!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

fakta

* Regjeringa har som mål å avskaffa fattigdom i Noreg.

* Sidan hausten 2005 har 200.000 fleire kome i arbeid.

* Samstundes har talet på fattige etter EUs norm auka med 20.000.

Relaterte bilder

FOTO: Sigurdsøn, Bjørn