Knapp farspermisjon hindrar likeløn
Den norske farspermisjonen - seks veker etter fødselen - var eit stort framsteg i 1993. Men skal far få større del av permisjonen? Kvinne står mot kvinne, feminist mot feminist.
Les også:
Er det staten som skal styra om mor og far skal dela fødselspermisjonen? Somme meiner nei. Dei finst i KrF, Sp, Frp og i Høgre, men også langt inn i Arbeidarpartiet. Dei risikerer no å bli kalla både bakstreverske og antifeministiske, tungt prega av ammetåka.
Andre meiner ja. Dei finst også i Ap, og for ein stor del i SV, og meiner dei er på parti både med kvinnene, fedrane og framtida. For fødselspermisjonen har så mange implikasjonar, og ikkje minst er spørsmålet kome opp i den Likelønskommisjonen som Anne Enger - også profilert Sp-kvinne - er sett til å leia. 21. februar vil kommisjonen leggja fram sitt syn på om Noreg bør innføra ei tredeling av fødselspermisjonen, etter ein såkalla 4+4+4-modell: Mor tek dei første fire månadene, far tek dei fire siste, og så kan dei fritt velja korleis dei vil fordela dei fire månadene i midten. Men, og det er viktig, skal ei slik reform fungera trur ekspertane at full løn må vera basis.
Anne Enger har signalisert at ho er for ein slik modell, fordi ho meiner denne ordninga har så mykje å seia for ei framtidig likeløn mellom kvinner og menn.
Kvinner på låge løner
Problemet er reelt nok. Lønsgapet mellom norske kvinner og menn er på 15 prosent, og det har ikkje minska ei krone dei siste tjue åra. Difor er det ei omfattande tiltaksliste Likelønskommisjonen kjem til å føreslå.
Men Anne Enger og kommisjonen har altså notert seg at fødselspermisjonsordninga - slik ho har fungert sidan 1993 - er blitt ein bremsekloss i arbeidet med å fjerna lønsgapet. Fordi så mange kvinner tek ut det meste av permisjonstida sjølv, blir dei ståande lønsmessig på staden kvil, medan mennene deira stig eitt eller fleire lønssteg i den aktuelle perioden. Aukande bruk av lokale, individuelle lønstillegg diskriminerer og kvinner i fødselspermisjon.
Kine Juel i Utdanningsforbundet har døme på at par som arbeider på same skule har opplevd å få svært ulik lønsutvikling. «Det skal ikke være slik at det er mulig å diskriminere folk fordi de er hjemme med barna», sa Juel til Dagsavisen 12. januar i år.
Norsk framlegg - på Island
Alle som steller med desse sakene har fått ei aha-oppleving etter at nyordninga på Island er nøye evaluert. Islendingane gjorde røyndom av det som opphavleg var eit norsk framlegg - nemleg den såkalla 4+4+4-modellen. Det skjedde like etter tusenårsskiftet, og resultata har vore oppsiktsvekkjande. Der er lønsgapet mellom kvinner og menn redusert til seks prosent, og det store fallet kom etter innføringa av tredelingsmodellen. Så er det vel berre å gå i gang her også?
Nei, saka er nok ikkje så enkel som Anne Enger og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen vil ha det til. For langt inn i Arbeidarpartiet er det rotfest skepsis til å «ta frå» kvinnene denne «retten» til fri med barnet. Leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk, Anniken Huitfeldt, har lenge arbeidd aktivt mor ei slik tredeling. Nestleiar Helga Pedersen er usikker.
Argumentasjonen er samansett. Somme kvinner tenkjer på amminga, som opp gjennom historia har hatt varierande konjunkturar. Den kan ikkje mannen overta. Men det er grunn til å minna om at Huitfeldt her har adoptert argument som menn har brukt i 200 år, nemleg at anatomi og fysiologi set grenser for kvinners virkeområde. Andre ser tredelinga som mest tilpassa middelklassen, og mindre tilpassa arbeidarklassen, inkludert alle damene som sit i kassa på Rimi. Dei er kanskje glad til at dei får eit år fri?
Atter andre kvir seg for å ta frå kvinner eit gode som er hardt tilkjempa. Kvinner på begge sider kallar seg gode feministar - som vil kvinnene vel.
Liberalisme eller statsstyring
Parallelt går føre seg det ein meir finstilt debatt om ikkje den norske staten her er i ferd med å gripa endå tyngre inn i eit familieliv som er statsstyrt nok frå før. Særleg dei som vil redusera staten til eit minimum, hevdar at innblandinga i folk privatliv via farspermisjon er langt i overkant.
Det er som ein ser det. Mykje av kvinnefrigjeringa - her i landet som elles - har kome som direkte resultat av statlege reformer, og sjølvbestemt abort er eit nærliggjande døme. Og det var Høgre som tok initiativet til å kvotera kvinnene inn i norske styrerom. Kvoteringssystemet er stadig omstridd, men få vil protestera mot at det har ført kvinnene inn på nye arenaer.
I tillegg har vi det tunge argumentet at både fedrar og barn har godt av å vera meir i lag, også når barna er små.
Der står saka. Første peikepinn på kva veg det ber, får vi 21. februar.
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
fakta
- I dag har mor og far til saman 44 veker med full løn, eller 54 veker med 80 prosent
- Far er pliktig til å ta seks veker
- Berre 15–20 prosent av fedrane tek ut meir
- Likestillingsdepartementet fremjar ei stortingsmelding i vår, der det er varsla eit punkt om fødselspermisjon
Relaterte bilder
NY TID: Født inn i ei nye, spanande verd. Men skal staten skal styra om mor og far skal dela fødselspermisjonen? Og kor stor del av permisjonen skal far ha? FOTO: MARK BAKER
KOMMENTARER Våre regler