Og bakom spøkjer folkemord

Den tyrkiske påtalemakta har opna rettssaka mot dei mennene som truleg tok livet av den tyrkisk-armenske redaktøren Hrant Dink.

Tyrkarar flest likte dårleg det han skreiv om tyrkiske massakrar av armenarar i 1915. Men han skreiv også andre ting.

Den 19. januar i år vart den 53 år gamle redaktøren Hrant Dink skoten og drepen utanfor kontoret sitt i Istanbul. Alt tyder på at det var ei gruppe unge ultranasjonalistar frå byen Trabzon som stod bak. Hovudtiltalte er 17-årige Orgun Samast. No er rettssaka i gang. Ho vil visa om det tyrkiske rettsstellet, som tidvis har svikta i slike saker, er i stand til å fungera uavhengig i ei sak som har tyrkiske massakrar av armenarar i 1915-16 som dystert bakteppe.

Denne stygge hendinga er det blitt på moten i Europa å kalla folkemord. Greitt nok, her sit jo Europa inne med ein viss ekspertise. Men det moderne Tyrkia slit med å ta det hundre år gamle overgrepet inn over seg. Det har fleire grunnar, men tyrkiske styresmakter anno 2007 synest nok deler av EU brukar saka - nesten demonstrativt - for å hindra tyrkisk EU-medlemskap. Redaktør Dink var ein av dei som skreiv om massakrane. Det var det mange tyrkiske nasjonalistar som ikkje likte. Det er rimeleg å sjå drapet på Dink i samanheng med den omstridde artikkelen hans.

Men den gode redaktør Dink hadde fleire sider. Han åtvara den tyske forbundsdagen mot å driva gjennom ein resolusjon som stempla hendingane i 1915 som folkemord: «Fru Merkel driv ikkje dette spørsmålet gjennom i det tyske parlamentet fordi ho tykkjer så mykje om armenarane sine svarte augnebryn. Ho spelar dette kortet fordi at ho er imot Tyrkias EU-medlemskap», skreiv Dink våren 2005.

Franskmennene yppar seg
I tillegg til Tyskland er det særleg Frankrike som har brukt tid og krefter på å markera ei fordømmande haldning til tragedien som tok livet av mellom 500.000 og 1,5 millionar armenarar. Talet er usikkert. Uavhengige historikarar seier 600.000-800.000. Den franske nasjonalforsamlinga har i vedtaks form definert det tyrkiske overgrepet som folkemord, og etter 12. oktober 2006 er det straffbart i Frankrike å omtala det i mildare ordelag. Det førte til at den no døde redaktør Hrant Dink ville reisa til Paris for offentleg å fornekta at den armenske tragedien under første verdskrigen var eit folkemord. Han ville, som han sa, sjå kva franskmennene då ville gjera med han som tyrkisk armenar. Denne reisa vart det av gode grunnar ikkje noko av.

Men Dink noterte seg at 19 framståande franske historikarar gjekk ut offentleg og kravde at historieskriving ikkje var ei sak for det franske parlamentet. Dei meinte tolkinga av historia trygt kan overlatast til historikarane. Bakgrunnen var at den franske nasjonalforsamlinga i februar 2005 godkjende ei lov som gjer det legalt for franske skular å glorifisera den franske epoken som koloniherre i Nord-Afrika. I Algerie har dei verre for å få auga på denne glorien.

Var det folkemord?
Folkemord eller ikkje - det blir som ein ser det. Det var opplagt eit overgrep i stor skala. Det var utført av tyrkarar mot den armenske minoriteten. 600.000-800.000 armenarar miste livet. Den tyrkiske staten har prøvd å fråskriva seg ansvaret, men har ikkje kome heilt heldig frå det. Men kva var bakgrunnen?

Her duger ikkje Store Norske, som berre konstaterer at tyrkarane massakrerte hundretusenvis av armenarar. Difor tyr eg til boka «Europa och turken - Betraktelser kring en komplicerad relation» (2007) av svensken Ingmar Karlsson. Han påviser at armenarane som minoritet i det ottomanske riket - i sitt strev for eigen stat - allierte seg med russarane og fall sine eigne landsmenn i ryggen. Først i 1894, og så tjue år seinare, under første verdskrigen. Som gode kristne for dei hardt fram mot muslimane, og den eine massakren var meir nådelaus enn den andre. Særleg fekk kurdarane gjennomgå. 20.000 muslimar kunne gå med i ein massakre. Dette vekte, som vanleg, lite oppsikt i Europa.

Tyrkarane oppfatta etter kvart alle armenarar som ein svikefull femtekolonne, og første massakrane - som hemn for at armenarane hadde gått i russisk teneste, og slakta ned sivile muslimar - skjedde i 1894, -95 og -96. Talet på armenske offer varierer frå 40.000 til 300.000.

På vegen til Syria
I andre verdskrigen var også russarane på frammarsj, og fekk altså tyrkiske armenarar på si side. I slutten av mai 1915 avgjorde tyrkiske styresmakter formelt at det armenske folket i krigssona skulle deporterast til Deir-Ez-Zor, det som i dag er nordaustre Syria. Der ifrå skulle dei førast vidare til Mesopotamia (Irak) og sør i Syria.

Det er under denne marsjen at det går så gale. Armenarar i hopetal vart slakta ned, andre døydde av sjukdom og utmatting. Tyrkiske styresmakter hevdar at overgrepet ikkje var regissert frå Istanbul. Men disiplinen blant tyrkiske soldatar var dårleg. Private bandar herja. Det var - kort sagt - krig. Først no vil tyrkiske styresmakter opna arkiva sine. Men vi veit at det blant ungtyrkarane, som sat med makta, fanst element som ville gjera Tyrkia reint for armenarar. Dei lukkast eit stykke på veg. Men enno i dag bur det rundt 70.000 armenarar i Istanbul.

Likevel undrar mange tyrkarar seg i dag over at dei skal svara for dei overgrepa beste- og oldeforeldra gjorde for rundt hundre år sidan. Tsjekkarane fordreiv tre millionar tyskarar etter andre verdskrigen - og 300.000 miste livet. Franskmennene tok livet av tre millionar i Algerie. Kvifor, undrar tyrkarane, er ikkje det tema i Europaunionen?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.