Frilynt og liberal

FILOSOFEN Lars Fr. H. Svendsen har skrive lærde bøker om blant anna keisemd og vondskap. No er mannen engasjert på deltid av den konservative tenkjetanken Civita, og har - på openbert sviktande grunnlag - initiert ein debatt om det liberale og det liberalistiske.

Inne i hovudet på filosofen Svendsen er dette to sider av same sak. Her kan det sjå ut som om det er Civita-mannen Svendsen - meir enn filosofen Svendsen - som er ute på rov. Ei samanblanding av begrepa liberal og liberalist høver truleg inn i Civitas kram. Men det vert ikkje rettare av den grunn.

Det er som kjent ein tvilsam debatteknikk å bruka ung alder mot folk, for det har ein tendens til å retta seg med åra. Men Svendsen er fødd i 1970, og mykje tyder på at den leksikalske kunnskapen han har tileigna seg om desse begrepa er utilstrekkeleg.

DET ER LETT Å SEMJAST om at begrepa har eit sams utgangspunkt. Liberalismen har, som politisk ideologi, sett sitt merke på samfunnsutviklinga i mange land etter 1700. Her er det individet som står i sentrum, og statlege reguleringar vart gjerne sett på som ein uting.

Men seinare, gjennom generasjonar, har folk i mange land brukt mykje tid og krefter på å fylla det liberale begrepet - og dei liberale partia - med eit anna innhald. I spenninga mellom konservative og til dels revolusjonære - og i opposisjon til særinteresseparti - har det liberale sentrum funne sitt rom. Både stat og individ. I Noreg er det særleg Venstre som har forvalta denne ideologien, og meisla ut ein politisk filosofi som på grunnleggjande vis skil seg frå det liberalistiske utgangspunktet. På same viset har vi hatt det svenske Folkpartiet og det danske Radikale Venstre. Ingen vil i fullt alvor meina at desse partia - som gjerne kallar seg sosialliberale for å visa sitt sosiale sinnelag - kan forvekslast med den liberalistiske ideologien til Adam Smith. At Venstre-folk samla til landsmøte har hatt ein sterk tendens til å vera særs liberale på nattetid, viser berre at begrepet liberal handlar om andre ting enn Adam Smiths økonomiske liberalisme. Her kan det rotnorske ordet frilynt vera ein peikepinn om kva vi snakkar om.

DET ER MANGE år sidan dei liberale partia gav opp trua på at Smiths «usynlege hand» skulle ordna alt til det beste - for alle. Ein godt synleg stat var absolutt å føretrekkja.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet